Raseringa av vidaregaaande skule i Moere og Romsdal fylkeskommune maa ta slutt
Synspunkt

Raseringa av vidaregåande skule i Møre og Romsdal fylkeskommune må ta slutt

Gjennom mange år så har ein redusert budsjetta i vidaregåande skule, og no er tålegrensa nådd. Dei kutta som Fylkesrådmannen foreslår til Fylkestinget er nødvendige for å få økonomien til fylkeskommunen på fote igjen, men følgjene for elevtilbod, gjennomføring i vidaregåande skule og tilgangen på læremiddel i skulen i Møre og Romsdal er katastrofal. 

Som fylkesskulesjefen seier det i avisa, så hadde ein valet mellom å redusere tilbodet av gode, men dyre, linjer for nokre grupper eller å redusere tilbodet for alle. Det er fylkestinget sin politikk og pengebruk som gjer at dette i det heile teke er ei problemstilling.
Lærarane ved Ulstein vidaregåande skule, samt organisasjonane Mafoss og Maritimt forum er sterkt uroa over dei kuttforslaga som har kome. Det ser ut til at ein vil rasere ei av suksesshistoriene i vidaregåande utdanning, nemleg å kunne kombinere ei yrkesutdanning med allmennfag og ende opp med både fagbrev og studiekompetanse gjennom den såkalla YSK (TAF) utdanninga. Grunngjevinga for dette ser ut til å vere at tilboda er relativt dyre og at det kan vere krevjande å finne læreplassar i bedriftene.
Frå vårt perspektiv så kan ein ikkje tenkje konjunkturar når ein vel å ta bort desse utdanningane. Ein er nøydde til å sjå på dette i eit vidare perspektiv. Ein skal skaffe arbeid til ungdommen i fylket og utdanne dei til jobbar som er interessante for mange og som krev god kompetanse. Ein vil også at høgt utdanna ungdom framleis skal kunne bu i distriktet. Dette gjer at det er tilgang på lokal arbeidskraft med rett kompetanse for lokale bedrifter og det syter for at distriktsfråflyttinga i alle fall vert bremsa. For skulane sin del er det vanskeleg å rekruttere gode lærarar med rett kompetanse inn i undervisningsstillingar på YSK utdanninga. Ved å legge ned heile utdanninga i eit fylke som har behov for høgt utdanna fagkompetanse, så legg ein også ned fagmiljø ved skulane som det er vanskeleg å erstatte, dersom ein ville prøve å etablere desse utdanningane på nytt seinare. Her vil vi minne om at det for seks år sidan var ganske andre framskrivingar av folketalet på ytre søre Sunnmøre enn det er i dag. Behova kan med andre ord endre seg raskt. Som skule og utdanningsinstitusjon må vi ligge i forkant på tilbodssida.
Innstillinga foreslår også å legge ned desentraliserte studieretningsfag i tredje-klasse for framandspråka tysk og spansk. Frå eit næringslivsperspektiv og ut i frå eit globaliserings- og internasjonaliseringssynspunkt så er dette særs uheldig. Mange bedrifter i fylket handlar med kundar som har både tysk og spansk som morsmål. I tillegg får studentane språkpoeng/tilleggspoeng for å ta denne fordjupinga på linje med den dei som tek realfag får. Her tek ein frå elevane som ikkje er interessert i realfag sjansen til å få den høgste framandspråkfordjupinga og ekstrapoeng på vitnemålet.
Grunngjevinga for reduksjonen ser ut til å vere at dette er eit dyrt tilbod som relativt få vel. Det er per no ikkje veldig mange elevar som vel desse fordjupningskursa, som er det høgste nivået av framadspråksundervisning ein kan ta på vidaregåande nivå i Noreg. Slik det ser ut per i dag, så er det berre Fagerlia vgs. som har spansk III og tysk III som ordinære klasser i fylket. Vi spør oss sjølve om dette er dekkjande for behovet til fylket i framandspråk og oppmodar sterkt om at det desentraliserte språktilbodet vert oppretthalde også i framtida. Erfaringane våre på Ulstein vgs. med dette tilbodet, både i spansk og tysk, er veldig gode. Ulstein vidaregåande skule kan tilby høg kompetanse på desse fagfelta
Reint generelt er vi, til liks med ein samla vidaregåande skule i fylket, sterkt uroa over den underfinansieringa av skulen som ein her legg opp til. Når 94% av utgiftene til vidaregåande skule er lønn, så seier det seg sjølv at lærarar vert sagt opp. Eit resultat av dette, utover signaleffekten dette gir til dei som vil inn i yrket eller som er nyutdanna og misser jobben, er at kvaliteten på skulen går ned. Den viktigaste faktoren for elevane si læring er læraren og relasjonen elevane har til læraren. Auka klassestørrelse og færre lærarar betyr i klartekst at elevane opplever dårlegare kvalitet i skulen. Ein greier ikkje å organisere seg ut av dette problemet. Med den pengebruken fylket har lagt opp til, fryktar vi for fagtilbodet til elevane, gjennomstrøymingsprosenten i vidaregåande skule og evna til å fylgje opp både opplæringslova og forskrift til opplæringslov i framtida. Det er naivt å tru at det å spare pengar ikkje går ut over tilbod og kvalitet på opplæringa.
Særs viktig blir det framover å halde oppe tilbod i berekraftige distriktsmiljø, jfr. Søre Sunnmøre sin historikk kring innovasjon og nytenking for å skape levande fag- og arbeidsmiljø med god rekruttering.
Utdanningsforbundet ved Ulstein vidaregåande skule, ved Nils Olav Brekke
Norsk Lektorlag ved Ulstein vidaregåande skule, ved Alexander Paus
Tidlegare elevar ved Tekniske Allmenne Fag, Ulstein vidaregåande skule
- Erlend Barstad, Student, M.Sc. Kybernetikk og Robotikk.
- Ole-Martin Steinnes, Kongsberg Maritime
- Magnus Erstad, Student, B.Eng. Produksjonsteknikk
- Malene Liavaag, fagarbeidar i Kleven Verft AS (i studiepermisjon) og student innan industridesign
- Håkon Dalbakken, Student, M.Sc. Produktutvikling og Produksjon.
- Andrew Kleven, Student, cand.psychol. Psykologi Profesjonsstudium
- Jakob Torben, Student, BSc Physics
- Håkon Elias Kjellstad, teknikar

Publisert: 06.12.2019 10:22

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:42