Samarbeidet om elferja gir nye industrieventyr
BANET VEI: El-ferja Ampere er blitt etterfulgt av flere kontraheringer.
Synspunkt

«Samarbeidet om elferja gir nye industrieventyr»

At batteriferja Ampere har utløyst eit skred av nye elektriske løysingar er kanskje ukjent for mange, skriv Hege Økland, dagleg leiar av den maritime klyngeorganisasjonen NCE Maritime CleanTech.

10.04.2017
Når politikarane skal visa til døme på det grøne skiftet, blir gjerne den maritime næringa trekt fram, og illustrert ved batteriferja Ampere, som dagleg kryssar Sognefjorden med bruk av fornybar energi.
Sidan Ampere kom i drift i 2015 har heile 16 elektriske ferjer blitt bestilt frå fylkeskommunane og Statens Vegvesen, og etterkvart skal alle ferjer bli heilt eller delvis drive på fornybar energi, der batteri ofte vert brukt som batterilager.
Og litt lengre fram i tid, vil hydrogen kunne nyttast der batterikapasiteten ikkje strekk til. Utskiftinga av ferjeflåten skjer som følgje av politiske vedtak som igjen er eit resultat av at politikarane og byråkratane ser at teknologien faktisk fungerar.

Prisen halvert

Bruk av batteri i ulike typar skip og fartøy har tatt av i ein fart som få kunne førestilla seg. Utviklinga i pris pr kWh og energitettleik er to sentrale parameter som speglar den radikale utviklinga på batterisida, og som mogleggjer innfasing av meir fornybar energi på ulike skip.
Sidan 2015 er prisen på batteripakken som er ombord i Ampere blitt halvert, og det er no mogleg å lagra dobbelt så mykje energi i same batteripakke. Energilagringssystem med batteri blir også installert i offshoreskip og fiskefartøy. Resultata er innsparing i drivstoff på opp mot 40 prosent med tilhøyrande reduksjon i utslepp.

Eit forsprang

Hadde denne utviklinga starta utan Ampere? Truleg ikkje. Effekten av at omverda for sjå og oppleva at teknologien faktisk fungerer er viktig og utløyser ein kjøpsvilje hos nye kundar i andre marknader.
Her har Noreg eit viktig forsprang i den internasjonale marknaden. Ampere-eksempelet viser på ein ypperleg måte kor viktig samspelet mellom offentleg sektor og næringslivet er for å få fram ny grøn teknologi og skapa nye industrieventyr.

Tillit sentralt

Den gode dialogen og samspelet mellom offentleg og privat sektor kan få fram teknologi som løyser store samfunnsutfordringar. Døme på slike utfordringar er overfylte vegar, dårleg luftkvalitet i byane og ein stadig varmare jordklode.
Redselen for å trø feil i innkjøpsregelverket kan hindra valet av ny og ukjent teknologi som løyser desse utfordringane. Det er nettopp her dialogen mellom teknologimiljøa og det offentlege kjem inn.
Vår maritime leverandørindustri har i mange tiår levert avansert teknologi og kritisk utstyr til skip og offshoreinstallasjonar som utfører krevjande operasjonar til havs. Å ha tillit til at desse leverandørane vil og kan oppfylla nye funksjonskrav som vert stilt, er difor sentralt.

Askøy-Bergen neste

Ampere-erfaringane har også vist kor viktig det er med eit utstillingsvindauge for ny teknologi. At det offentlege stilte ei til disposisjon for miljøteknologi resulterte i eit teknologisprang på batterisida.
Det neste utstillingsvidauge bør bli sambandet mellom Askøy og Bergen sentrum, der verdas første nullutslepps passasjerbåt kan bli vist fram for resten av verda. Ein eller fleire slike elektriske passasjerbåtar utan eksos og utan støy, vil bidra til det grøne skiftet og oppretthalda forspranget som vår maritime klynge har når det gjeld å levera energieffektive og utsleppsfrie fartøy.
Dette innlegget sto først på trykk i Sysla.no.

Publisert: 10.04.2017 12:00

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:41