Statleg diskriminering av norske skipsverft
Synspunkt

Statleg diskriminering av norske skipsverft

– Enova-reglar som i praksis utelukkar norske skipsverft frå landstraumprogrammet, har med rette skapt stort engasjement blant miljøbevisste aktørar i verftsnæringa, skriv gruppeleiar Kenneth Langvatn i Giske Høgre i dette innlegget.

29.06.2020
Regjeringa har styrka satsinga på tiltak for reduksjon av klimagassutslepp gjennom ein betydeleg auke i Enova si forvaltningsramme. Dette er god klimapolitikk og viktig for Norge som føregangsland for nye klimatiltak.
Enova har nyleg lansert nye tiltak for elektrifisering av norsk skipsfart, gjennom tre ulike program retta mot landstraum og lading. Felles for desse er at dei skal stimulere både hamner og skipsreiarar til å investere i landstraum- og landtilkoplingsanlegg i høve nye internasjonal standard, som til sist skal redusere klimagassutsleppa i skipsfarten. Både departementet og Enova sjølve er heilt klare på det overberande formålet: Reduksjon i klimagassutslepp.
Eitt av desse tre tiltaksprogramma innan landstraum skal stimulere til investering av infrastruktur i norske hamner. Enova har sett krav om at søkjar av investeringsstøtte må vise til forventa liggetid av fartøy tilkopla landstraum. Men skip som ligg til kai for service-/verkstadopphald, eller er såkalla «out of service» skal ekskluderast frå berekningsgrunnlaget. Dette fører til at alle norske skipsverft i praksis vert utelukka frå Enova-støtte.
Skip til kai ved norske skipsverft har like stort energibehov som ved ordinære kaibesøk, og er i stor grad drifta av skipa sine eigne dieselgeneratorar eller dieselaggregat frå land, og utgjer mellom anna betydeleg støy- og luftforureining til lokalt miljø.
Truleg kan effekten av å inkludere norske skipsverft i landstraumprogrammet ha større klima- og miljøeffekt enn for tilsvarande antall ordinære offentlege hamner. Dette har også Norsk Industri meldt i sitt høyringssvar til departementet angåande ny Enova-avtale 2021 – 2025.
Det er uråd for bransjen å forstå hensikt eller logikk bak det nemnde utvalskriteriet frå Enova. For som nemnt tidlegare er heile formålet bak Enova å redusere klimagassutslepp, i dette tilfellet frå skipsfarten. Det Enova derimot oppnår med å ekskludere skipsverfta er å prioritere bort dei beste prosjekta med høgast klimaeffekt.
Enova har ved fleire høve uttrykt direkte eller indirekte at norske skipsverft ikkje er i målgruppa for ordninga. I eit svar til bransjeorganisasjonen Norske Skipsverft skriv Enova mellom anna dette:
«Grunnen til at vi ikke inkluderer skip som er definert som «out of service» er flere. For det første er formålet med programmet å løse høna-og-egget-problematikken. Ingen skip vil legge om til landstrøm om det ikke er noen sted de kan bruke det, og det vil ikke bygges landstrømsanlegg om det ikke er noen brukere...».
Reiarlaga si investeringsvilje innan landtilkopling ombord fartøya har skote fart med bakgrunn i den delen av støtteordninga som rettar seg mot ombord-systema. Denne ordninga er lettfatteleg, rettferdig, intuitiv og enkel for reiarlaga å nytte seg av. Det er elles også slik at toneangivande aktørar som til dømes Equinor stiller krav til at alle fartøy på oppdrag for dei skal ha landtilkopling i høve standarden. Det er utvilsamt at det innan kort tid vil finnast særs mange fartøy med landstraumsystem tilpassa den nye standarden. Dette gjeld fartøy innan offshore, fiskeri og andre segment. Høna-og-egget-problematikken som Enova beskriv, er ikkje ei reell problemstilling.
Vidare skriv Enova følgande:
«/… Skip ved norske verft vil ofte ligge en lengre periode enn skip i laste og losseoperasjoner, noe som betyr at man ikke har det samme behovet for hurtig oppkobling. Man kan dermed koble seg direkte på skipets tavle, som betyr at man fra dag en har en stor kundemasse, da skipene ikke trenger å være tilrettelagt for landstrøm…
Ei av hensiktene i standarden er heilt riktig at ein skal sikre enkel og hurtig til- og fråkopling. Ei anna er at ein skal sikre at riktig spenning og frekvens vert lagt fram til kaikanten. Dette kan umogleg takast til inntekt for ekskludering av skipsverft. Skip treng tilrettelagt spenning og frekvens, og kan i dei aller fleste tilfelle ikkje knytast til landstraum, som ikkje er bygd etter standarden. Dei reelle alternativa er, som tidlegare nemnt, å produsere straum frå mobile dieselaggregat på land eller nytte skipa sine eigne generatorar. Klimagassavtrykket og lokal støyforureining vert deretter. Utbygging av landstraum ved norske skipsverft vil eliminere slik form for kraftproduksjon, og vil ha stor miljøgevinst.
Argumentasjonen frå Enova held ikkje vatn.
Særregelen som i praksis utelukkar norske skipsverft frå landstraumprogrammet, har med rette skapt stort engasjement blant miljøbevisste aktørar i verftsnæringa. Ei endring av dette, slik at verfta får søkje støtte på like vilkår som andre hamner, vil gjere støtteordninga til eit enda betre klima- og miljøtiltak, i tråd med intensjonen frå departementet. Ei rask endring vil dessutan stimulere næringsaktørar til å skape meir og inkludere fleire, i ei elles særs tøff tid for næringa.
Innspel og oppfordring er sendt klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Publisert: 29.06.2020 14:00

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:42