Ålesund brosundet skansekaia skateflu foto marius 11
ÅLESUND: – Når vi no skal finne fram til ein ny normal etter pandemien må vi våge å satse på byane våre, skriv fylkesordføraren. Foto: Marius Rosbach
Synspunkt

Vi må våge å satse på byane våre

Møre og Romsdal må gripe sjansen til å rekrutterer nye innbyggarar om det er slik at koronaepidemen har fått fleire til ville flytte ut av Oslo, skriv fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap).

11.06.2021

Oslo og dei andre store byane i Norge har lenge vore som magnetar for tilflyttarar frå distrikta. Men da tal for befolkningsutviklinga i Norge for 2020 og 1. kvartal 2021 blei lagt fram tidlegare i vår, kunne vi brått lese at «Rekordmange flyttar ut av Oslo». Har krevjande forhold i storbyen under koronapandemien gjort at fleire no ønsker å bu på mindre stader? Om det er slik må vårt fylke kaste seg på i konkurransen om desse utflyttarane.

For å hevde seg i denne konkurransen må ein ha stader som gir innbyggarane sine gode velferdstilbod, attraktive sentrum og eit givande tilbod av fritidsaktivitetar. Denne «pakka» er det lettare å tilby i dei største byane våre, med omland. Der finn vi større og meir mangfaldige arbeidsmarknader, der fleire er med og betaler for fleire typar varer og tenester. Slik får vi grunnlag for eit breiare handels-, kultur- og opplevingstilbod. Denne erkjenninga ligg til grunn for bysatsinga «Byen som regional motor».

Byen som regional motor
Prosjektet «Byen som regional motor» har vore ei betydeleg satsing for kommunane Ålesund, Molde, Kristiansund og Møre og Romsdal fylkeskommune. I perioden 2017 til 2020 har kvar krone i tilskot frå fylkeskommunen utløyst ytterlegare to kroner frå bykommunane og næringsliv til byutviklingstiltak.

I Ålesund har «Byen som regional motor» mellom anna bidratt til ny leikeplass i Byparken, kommande opprusting av Kiperviktorget og på Kulturhamna, aktivitetstorg ved Kolvikbakken ungdomsskule, samarbeidsprosjekt om sirkulærøkonomi mellom kommune, ÅRIM og NTNU og etableringa av eit bysykkeltilbod.

I Molde er skateparken ved Idrettens hus, fleire delar av Sjøfronten-utbygginga, vinterbelysninga i sentrum, delprosjekt i den offensive «Smart Molde»-satsinga og no sist ny satsing på å vise fram Molde som «Rosenes by», nokre av prosjekta som har fått støtte.

I Kristiansund har prosjektet mellom anna bidratt til skatepark og opprusting av Øvervågen, lyssetting og uteområde rundt Kirkelandet kirke, ny Carolines plass, smart byutvikling gjennom «Påkobla Kristiansund»-prosjektet og uttesting av gratis Sundbåt.

I tillegg har fylkeskommunen stått for jamlege møteplassar og kompetansetiltak med byutvikling som tema. Leiarar og fagfolk i dei tre bykommunane har møtst for å dele erfaringar og ta til seg kunnskap frå fleire framståande kunnskapsmiljø og ekspertar innan byutvikling.

Bysatsinga har no blitt evaluert
«Byen som regional motor» har blitt evaluert våren 2021. Evalueringa viser at prosjektet har vore viktig for å styrke arbeidet med byutvikling i byane. Samtidig har tilskota frå fylkeskommunen gjort det lettare for kommunane å prioritere byutviklingsprosjekt. Vidare har prosjektet vore viktig for å styrke fagleg samarbeid mellom dei tre byane, og internt i kvar enkelt by. Innbyggarane i dei tre byane svarar at bysentrum har blitt meir attraktivt. Næringslivet seier at sentrumsutviklinga er viktig for rekruttering av relevant arbeidskraft og arbeidstakaranes trivsel.

Det er no eit unisont ønske frå bykommunane om at denne satsinga må fortsette. Om ein skal legge opp til ei ny satsing, så blir det sentralt å ytterlegare styrke samarbeidet mellom byane, næringsliv i regionen og universitetet og høgskulane våre. I tillegg bør ein sjå på korleis ein kan trekke omlandet til byane meir inn utviklingsarbeidet.

Å styrke byane våre styrker fylket
Det er ikkje slik at det er noko motsetning mellom å satse på byane og å satse på mindre tettstader og kommunar. «Konkurransen» om tilflyttarar, arbeidstakarar og næringsetableringar står ikkje mellom byane Molde, Ålesund og Kristiansund – eller mellom byane og dei mindre kommunane i fylket. Den står mellom Møre og Romsdal og dei største byane i landet. Skal vi lukkast i den «konkurransen» må vi tørre å satse. Ei slik satsing styrker heile fylket.

Så jobbar vi med sentrumsutvikling også i tettstadene våre, gjennom «Tettstadprogrammet». Der samarbeider fylkeskommune, kommune og andre lokale aktørar om tiltak som gjer tettstadene meir attraktive. Dette skal vi halde fram med!

Byane må leie an i Berekraftfylket
Møre og Romsdal skal vere Berekraftfylket. Som den første regionen i verda har alle kommunane i Møre og Romsdal no kartlagt kor berekraftige dei er. Det er mange viktige område vi må ta tak i: Vi må mellom anna bli betre på handtering av vatn og avløp, utvikle ein meir sirkulær økonomi, gjere bygga våre meir energieffektive og jobbe meir med sosial inkludering og å redusere fattigdom.

Skal vi lukkast med større utviklingsprosjekt på desse områda må vi ta i bruk den samla krafta som ligg i dei regionale motorane våre: Kristiansund, Molde og Ålesund. Når vi no skal finne fram til ein ny normal etter pandemien må vi våge å satse på byane våre. Det vil komme heile fylket til gode.

Publisert: 11.06.2021 11:54

Sist oppdatert: 11.06.2021 12:36

Mer om
Annonsørinnhold