Vil ha ny kvotepolitikk og betre kvoteraad
Synspunkt

Vil ha ny kvotepolitikk og betre kvoteråd

Bruken av merket "Seafoods from Norway", kvoterådgivinga og retten til å kjøpe fiskekvotar i andre landsdelar bør revurderast, seier styreleiar Paul Harald Leinebø i bransje og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt Vest. Les heile årsmøtetalen her.

Årsmøtedeltakarar, gjestar, stortingsrepresentant, og Statsråd. Var ikkje det kjekt å sjå ? Fint ver, flott natur, ungdom i arbeid, og masse fisk. Ikkje alltid det er slik; men disse øyeblikka i alle slags fiskeri er det som gjer dei gråare dagane og nettene verdt det. Når ein ser slike bilde så blir liksom det andre litt mindre viktig. Og ungdom i arbeid er framtida. Men ingen ting kjem av seg sjølv - Og det er det vi skal bruke resten av dagen på.
Harald Tom, no med tittel Fiskeriminister. Det er skikkeleg kjekt at du tok deg tid til å møte oss. Interessa til politikarane våre for fiskerinæringa har variert mykje. Men du skal ha det at du har møtt flittig i denne forsamlinga opp gjennom åra. Du får ikkje med melding heim om manglande oppmøte. I dag skal du føre ordet frå regjeringa, vi gler oss og kanskje kan du plukke opp eit og anna frå møtet utanom ribba og krabben vi skal kose oss med i kveld.
Til deg, Ingrid Heggø, som er den eine som kjem frå Stortinget. Takk og kjekt at du kom og prioriterte oss også i år. Vi vil gi deg nokre ord seinare som du godt kan fortelje vidare til dei andre som er valde inn på Stortinget frå denne delen av landet.
Dei bedriftene ute i naboromet utgjer eit lite utsnitt frå vår lokale industri og leverandørar, mange trur i hovudsak dokke er skapt rundt oljenæringa. Men det er ikkje sant. Det er fiskeflåten som er det historiske utgangspunktet for mesteparten av det dei utviklar. Sjølvsagt også til nytte for anna verksemd som olje og havbruk. I nært samarbeid med dokke skaper vi noko - utviklar noko som er større enn berre fangstverdiar og fiskeprodukt. Vi, ilag, leverer ressursrente lokalt i distrikta kvar einaste dag. Og det er summen av dette som er det moderne og berekraftige kystnorge. Dette skal vi snakke meir om seinare i ettermiddag.
Før eg går vidare i talen min- skal vi stoppe opp litt og fylgje opp skikken om å minnast dei av våre som gjekk bort i løpet av dette året. Eg ber forsamlinga om å reise seg og hedre dei som har gått bort med 1. minutts stillheit
Kjære forsamling: Alle vi som sit i denne salen er stolte over det vi driv med. Vi er stolte over å fange norsk kvalitetsfisk. Vi er kry av å være Norsk, fiske og selge fisken ilag med flagget vårt i raudt, kvitt og blått. Vi har bygd opp eit omdømme – ei global merkevare som vi sel som «Seafood from Norway». Men kva betyr eigentleg eit begrep som «Seafood from Norway». Kva er det slags produkt Sjømatrådet marknadsfører under denne paraplyen?
Det eg no skal fortelje, vil rokke ved nettopp dette trygge og kjære begrepet. For som mange av dokke veit, driv eg også med eksport av fisk. Og då kjem ein av og til over ting og ser konsekvensar i marknadane som går utover fiskarsida.
Det starta for nokre år sidan då ein spansk kunde av oss sa at han hadde kjøpt norsk fisk for ein mykje lavare pris enn vi kunne tilby. Det forstod vi ikkje, då det var langt under minstepris. Det viste seg å vere fisk frå eit spansk rederi, landa i Norge, og som dermed kalla fisken sin norsk. Vi fekk vite at det til dette finst eigne selskap, som berre er meint å hjelpe til med nødvendige dokument for å få utanlandsk fisk landa i Norge, ut av landet.
Nyleg kom vi over ein statistikk der nettopp eit selskap som driver med dette stod oppført som største kjøpar av torsk i Norge i fjor, med eksport av heile 70 000 tonn torsk. Det er i hovudsak fisk frå EU-båtar og russiske båtar. Dette fekk oss til å reagere. Er utanlands fisk, som russisk og EU-fisk, plutseleg norsk, så lenge han blir landa i Norge? Og blir han ført som norsk fisk i statistikken?
Mi uro er størst gjeldande for bruk av det norske flagget. Sjømatrådet svarar nemleg i ein mail at: «Når det gjelder bruk av Seafood from Norway-merket, så er det per i dag ikke krav til at båt skal være norskregistrert. Kravet er at fisken skal være naturlig forekommende i norske farvann, være en del av felles forvaltede bestander og skal landes i Norge. Dette vil si at den fisken som du beskriver kan i utgangspunktet bruke Seafood from Norway-merket.»
Då spør eg: Er det greitt at andre land så lettvint skal få selge fisken sin på denne måten, og surfe på vårt omdømme? Her er det alvorlege kvantum fisk frå Barentshavet som for kundane vert omgjort til Norsk. I tillegg har vi produsentane i Norge som også bruker «Seafood from Norway» på meir og mindre alt dei produserer, anten det kjem frå norske båtar eller ei. Eg veit sjølvsagt at også pelagisk fisk i mykje større mengder blir solgt til norske anlegg frå utanlandske fartøy og går vidare under det norske merket. Norske båtar leverer også til utanlandske anlegg, som igjen merker med det norske flagget.
Kva gjer vi med den fisken som eventuelt er fanga i strid med våre meiningar? For eksempel blåkveita frå Smuttholet? Dei 2000 tonna EU tileigna seg sjølve?
Mest sannsynleg er deler av denne landa i Norge og levert til EU som «Seafood from Norway»-produkt. Er dette rett?
Og er vi sikre på at desse kvanta er rett katalogisert i forhold til fangst og eksportstatistikk? Detaljane om landing av EU-fisk av russisk fisk har eg fått frå Råfisklaget og Sjømatrådet, men det blir for omfattande å gå i detalj på dette her. Eg nøyer meg med å vise til påstandane som blant anna det nedsette kontrollutvalet skal sjå på om påstått overvekt. La det være sagt at eg har ingen grunn til å mistenke nokon for å ha fuska, men eg set store spørsmålsteikn med «systemet»
For meg som Norsk fiskar er det største paradokset at frå forrige nyttår fekk vi nye rubrikkar i landingssetlane der praksisen er at dersom vi har over 25% utanlandske fiskarar om bord vert heile fangsten omgjort til EØS-fisk. Vi kan ikkje eksporter den som Norsk. Paradokset blir ikkje mindre når vi veit at det ved Norske anlegg i aller høgste grad nettopp er utanlandsk arbeidskraft som jobbar med produksjon av fisken vår.
Statsråd. Eg føler vi må ha ein diskusjon om begrepet ”Seafood from Norway” Når det gjeld transittspørsmåla og dette med statistikken håpar eg du får folk til å sjå på dette. Eg har ikkje svara, men likar ikkje det eg har observert.
Mine damer og herrer, året 2018 vil gå i historiebøkene som eit svært godt år. Både små og store fartøy i kvitfisksektoren, samt i sildesektoren, har tent pengar, og sluttstrek er enno ikkje sett.
Dette til tross for at vi nok er forbi dei store bestandstoppane for denne gongen, og står framfor store utfordringar internasjonalt både når det gjeld kvoteavtalar og marknadsforhold. Så vi kan ikkje kvile på laurbæra. Vi må alltid tilstrebe å bli betre på ei rekkje felt.
Ikkje minst gjeld dette måten vi tileignar oss og brukar kunnskapane våre om fiskeressursane. Norge er best i verden, men å ha kunnskap om korleis tilstanden til dei ulike fiskeslaga eigentleg er, blir stadig viktigare.
Dette gjeld også i høve til marknadene og dei krava som i aukande grad kjem derifrå om berekraft og miljø.
I torskesektoren er vi no inne i ei periode med nedgang i kvotene. Heldigvis blir denne bremsa av klausular i avtalen med Russland som hindrar for store endringar.
Men fisken flyttar seg både opp og ned og på tvers i vassøyla frå år til år. Det siste over store avstandar. Temperaturen i havet er i endring, det same er føda til fisken. Då kjem spørsmålet om forskarane verkeleg har den oversikta dei meiner å ha. Eg må innrømme at eg håper meir enn eg trur. Eg blir litt frustrert og uroleg når eg høyrer kor store felt ein faktisk ikkje dekkjer i Barentshavet.
Utifrå framlagt kart over forskingstokt i Barentshavet synest det som om store havområde faktisk ikkje er sjekka, ja kanskje 1/3 av heile området. Ta for eksempel hysa, ingen sjekk i Russesona, ingen sjekk sør om 67 grada. Ingen betydning av at kvalen invaderer Tromsøflaket. Ingen betydning at vi har gode årsklasser av ung hyse og torsk .
Eg spør om eksempelvis folka som styrer med kval kommuniserer nok med dei som styrer med pelagisk og botnfisk. Eg kan ta feil, men det verkar ikkje slik. Spørsmålet er om alle forskargruppene sit i kvar si eiga boble. Det er visst ingen samsnakking mellom etasjane hos HI. Ikkje ser dei ut til å møtast i heisa heller, for å sette det litt på spissen. Ja, eg blir litt klam nedover ryggen av å tenke på det.
Vert registreringane frå Referanseflåten i det heile tatt analyserte og brukt i grunnlaget? Eller er det mest kompenserande matematikk, modelltenking og føre var prinsipp når neste års anbefalingar skal giast? Og kva med sildesektoren? Der høyrer eg om endringar i kvoteråd på opptil 50% frå det eine året til det andre. I tillegg har det hendt meir enn ein gong at råd blir korrigert i løpet av eit kvoteår fordi ein har REKNA FEIL.
Dette er rett og slett skremande og ikkje godt nok i det heile. Ingen skal fortelje meg at naturen skapar slike endringar i ein bestand frå eit år til eit anna. Dette handlar ikkje berre om kvoter og fiskarar. Nei, det har i alt for stor grad vorte politikk ut av det.
No skal det seiast at ting etter kvart har vorte betre. Ofte etter mykje støy frå næringa har vi fått forskarar til å vedgå at det er behov for justeringar. Og i Fiskebåt ser vi allereie positiv verknad av å ha ansett vår eigen biolog/ havforskar. Men vi har framover stort potensiale til forbetring. I det norske forskningsmiljøet må folk bli flinkare til å kommunisere internt, og vidareutvikle samarbeidet med næringsaktørane på havet slik at forskinga får med seg både dei endringar som skjer i havet og kunnskapsauken til fiskarane. Berre slik kan vi få mest muleg korrekt kunnskap.
Fiskebåt har arbeida aktivt med ressursforsking og internasjonale avtaler. Vi klarte å få ei god avtale for makrell med hjelp av statsråden, og det er oppnådd gode resultat med omsyn til forvaltninga av nvg-sild. Eg tar ikkje munnen for full når eg seier at kvar og ein av dokke i åra som kjen kan fiske 40% meir nvg-sild enn utan Fiskebåt sitt arbeid.
Så til ICES : forskingskolossen i København. Fagdepartementa i dei ulike nasjonane rundt Nordaust-Atlanteren har meir eller mindre gitt dette miljøet all makt i himmel og på jord til å formelt tilrå - men i realiteten langt på veg å bestemme - dei årlege kvotene. Eg kan på ein måte forstå denne måten å tenkje på frå myndigheitene si side, MEN, forvaltar ICES dette mandatet godt nok i dag? Ikkje minst når ein ser rotet og tilsynelatande klare manglar ved utviklinga i havet som ICES sjølv må vedgå.
Eg trur at departementet og ideelt sett fagdepartementa i dei andre landa som til saman finansierer ICES i langt større grad må være presise på bestillingane og kvaliteten på dei. Eg ser ikkje bort i frå at ICES til dette treng ny kompetanse. Med dei store verdiane det her er snakk både for nasjonen, for fiskarane og industrien, må ein skru opp kapasiteten her.
Også forskarane er inne i bildet på det som kanskje kan omtalast som eit av årets mest spanande eventyr: Loran og fangstane av torsk ved Jan Mayen. Gratulerer til dokke. Så flott at folk om bord i ein raud båt tek slike sjansar. All ære til reiarlag og mannskap. Også for kvota dei fekk.
No må HI rett og slett få ut fingeren og prioritere nødvendig lab-arbeid for å identifisere kva slekt denne fisken høyrer til. Fartøyet leverte første eksemplar i Juli, no nærmar vi oss jul og torsken er enno ikkje gen-sjekka. Det må skje snarast. Noko anna er ikkje godt nok.
Alle vi i salen som eig både line- og garnbåtar, trålarar og kanskje også snurrevad, har lyst bortover for å fiske like godt som «Loran». Vi ligg fullbunkra og klar. Spøk til side, Fiskebåt må saman med departementet og HI drøfte reguleringsopplegget for kommande år, slik at vi kan få utnytta ressursane best mogleg.
Kjære forsamling: Ei undersøking gjort av Fiskeridirektoratet viser at den relative andelen av fangstverdien til fiskeflåten i frå Møre og Romsdal er redusert med ca. ein femtedel i forhold til kva den var i år 2000. Same berekninga viser at ein også har ein markant nedgong i Sogn og Fjordane, sjølv om den er mindre. Ein stor del av desse endringane har skjedd i torskesektoren. Dette bekreftar ei utvikling som blant anna Nofima tidlegare har lagt fram statistikk på.
Kvotar blir selt nordover. Politikken virkar – Vestlandet blir nedbygd. I tillegg har ein alle særkvote-ordningane som prioriterer heile eller delar av dei nordlegaste fylka. Distriktskvoteordningar, Finnmarkskvotar, ferskfiskordningar og kva det heiter alt saman. Dette er ei alvorleg og negativ utvikling for regionen vår. Ikkje berre for flåten og mottaksindustrien, men også for industrien rundt.
Eg har ingen ting i mot sal av fiskerettar til Nord Norge. Det vi må få slutt på er politikken og alle ordningane som hindrar sal andre vegen i landet vårt. Kva grunnar ligg bak at ein har det som uskuldig blir kalla bindingar som er laga for å hindre sal av kvoterettar sørover for nærsagt alle flåtegrupper? I torskesektoren spesielt har Nord-Norge alltid hatt majoriteten både målt i fartøy, landingar og kvotar. Kva er då målet med å stimulere til endå større dominans?
Om det er slik at fiskarane i nord er fattigare enn dei i sør, korleis kan dei då være dei mest kjøpesterke i mange tilfelle? Nei godtfolk: Dette gamle dogmet held ikkje mål. Ein sluttar å medisinere når pasienten er frisk. No er medisinen i ferd med å bli vanedeannande.
Rett nok fekk Per Sandberg endra regelverket for kyst og konvensjonell sektor slik at landet for desse gruppene vart delt i to med stopp for sal begge vegar. Men ein kan fortsatt selje frå Sør-Norge til Finnmark og derifrå til resten av Nord Norge. Andre vegen er det sjølvsagt stengt. I torsketrål og ringnot er det ulike ordningar som hindrar sal frå nord til sør, og til dels stimulerer til sal nordover.
Og la det være sagt: Eg klandrar ikkje fiskarane i nord for at dei utnyttar ordningane. Eg klandrar politikarane som brukar kvoter til valflesk og mandatkamp. Og mest utfordrar eg dokke som sit på stortinget herifrå som tilsynelatande sit meir eller mindre still og godtek dette. Slå i bordet tverrpolitisk og få gjort noko med dette! Dette gjeld både regelverket for omsetning av fiskerettar mellom landsdelane og alle ordningane som i tillegg slusar fiskekvotar i frå sør til nord i form av distriktskvotar og liknande.
Eg forventar no at de som valte stortingsrepresentantar frå denne landsdelen rett og slett ber om likebehandling - ikkje noko meir - ikkje noko mindre. Det kostar ikkje mange budsjettkronene å endre regelverket på dette punktet. Norskekysten og hava utanfor går faktisk lenger sør enn til fylkesgrensa i Nordland. «Berlin – muren» i fiskeri-Norge må bort!
Godtfolk. Det snakkast om det store klimaskiftet. Eg vil slå eit slag for det store fiskeskiftet, med skifte av fokus frå fersk fisk til frosen fisk. I eit forsøk på å ta eit ansvar for miljøet og kvaliteten i sjømatnæringa.
Sintef er tydlege på at det er ein stor klimagevinst å eksportere frosen fisk framfor fersk fisk. Frosen fisk sparer klimaet og reduserer CO2-utslepp. Samtidig som miljødebatten rundt transport av fersk laks pågår for fullt jobbast det paradoksalt nok med å auke landing og produksjon av fersk fisk i kvitfisknæringa. Det kan verke som om vi vel å sjå bort frå dei store klimaavtrykka som kjem frå ei næring som i utgangspunktet skal vere berekraftig.
Det verkar som om pengeboka stadig blir opna for nye prosjekt som skal fremme den ferske fisken. Dette til tross for at vi har heile året rundt har den havgåande fiskeflåten som leverer sjøfryst fisk av ypperste kvalitet. Nettopp dette kvalitetsaspektet grip Sintef tak i når dei utfordrar meiningane om at fersk fisk er best, og vurderer frosen fisk som like bra som fersk. Dette har vi erfart mang ein gong, der vår linefanga og sjøfryste fisk har kome betre ut enn fersk fisk.
Når frosen fisk blir peika på som eit viktig tiltak for å redusere klimaavtrykka frå sjømatnæringa og er vurdert til å vere like bra som fersk fisk, bør ikkje då fokuset skiftast frå fersk fisk til frosen fisk? Eller i det minste vere likt?
Forsamling. Det er nettopp for ungdommane og dei som veks opp vi må tenke på miljøet og ta vare på ressursane våre. Eg brenn for etterveksten til næringa. Eg brenn for at ungdommen skal få sleppe til. Somme vil løyse dette med å gi ungdommen kvoter, men vi har kun 100 % totalt å fiske. Nokon må ut om nye skal inn. Det finst ikkje nokon vidunderformel for dette. Men vi må innsjå at dei fleste nye utøvarane må få seg jobb på eksisterande fartøy. Kanskje få kjøpe seg inn etterkvart om andre av eigarane er på veg ut.
Eg skal oppsummere : Vi må gå gjennom marknadsordningane våre med omsyn til kven som skal segle ut i verda under norsk flagg. Vi må få orden på fangst og eksportstatistikken knytt til utanlandske landingar av fisk samt transitt.
Det er mykje bra med den norske modellen. Det må vi ikkje gløyme. Hovedtrekka er ein suksess der ein har balansert mellom økonomi og spreidt eigarskap bedre enn i mange andre land. Vidare at vi har hatt stabilitet omkring fordeling- stort sett. No må vi ikkje øydelegge dette.
Bestandrådgivninga må bli betre. Departementa som finansierer ICES må ha langt bedre bestillingar, og avklare roller.
Vi må få eit Fiskerinorge og ikkje eit delt land i forhold til rammevilkår slik vi har det i dag. Sør Norge har like store krav på ei fiskerinæring som Nord Norge. La oss seie Norge, ikkje Nord og Sør.
Vi som har vore og er eigarar i næringa må sleppe ungdommen til så snart vi kan, for framtida.
Så vil eg til slutt takke styre og administrasjon for svært godt samarbeid i året som har gått. Det er ei ære å få lov til å jobbe i ein så ressurssterk organisasjon og aktiv medlemsmasse.

Publisert: 07.12.2018 13:35

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:41