Havvind innfelt Knut Arne Høyvik foto Øyvind Hagen 11
HAVVIND: Flytande havvindmøller på veg til havs. Knut Arne Høyvik (innfelt) åtvarar mot konflikter mellom fiskeri og havvindindustrien. Foto: Øyvind Hagen, Equinor
Synspunkt

Å fiske nær installasjonar på havet

Tidlegare skipper og fiskeritillitsvald Knut Arne Høyvik meiner at havvind kjem for fullt, og at det hastar med å få ei avklaring rundt konfliktene med fiskerinæringa.

31.01.2022

Diskusjonen om havvind versus fiskeri går i lesarbrevspaltene også på NETT.NO. Sjølv om eg er pensjonist klarer eg ikkje heilt å sleppe tak i denne problemstillinga.

Mitt bestemte inntrykk er at fiskarane og styresmaktene ikkje er på same kanal. Ein av grunnane til det er at mange politikarar og byråkratar ikkje har den kunnskapen dei treng, for å skjøne korleis det er å drive fiskeri på havet. Men, eg trur fiskarane må vere realistar- flytande havvind kjem.

I debattane blir det peika både på arealkonfliktar og lydforureining som kan endre fisken sitt vandringsmønster og påverke fisken når den skal gyte. Det siste skal eg la ligge, og konsentrere meg om å dele nokre erfaringar med å fiske nær installasjonar på havet. Dette måtte vi lære oss etter kvart som oljeplattformene vart våre nye naboar midt på 1970-talet.

Sikkerheitssonene var litt ulike, men vi måtte halde oss utanfor, det var av og til ei utfordring.

Å berekne avdrift med vind og straum er spisskompetanse ein fiskeskipper har- og må ha.

Bønder i Europa har vindturbinar på markane sine, og nokre trur at dei erfaringane kan overførast til havet, det kan dei definitivt ikkje.

Havet er alltid i rørsle, sjølv på vindstille dagar er det straum i havet, straum som av og til er hard, og straum som snur og lurer fiskarar og sjøfarande opp i stry. Kombinasjonen av vind og straum fører til enda støre avdrift.

Fastståande bruk sekk ikkje ned der du set det ut, og set ein ut ei not treng ein god margin til faste installasjonar. Ein båt med ei not ute, er ikkje manøvreringsdyktig før nesten heile nota er inne.

Men straumen som bar frå installasjonen når du set reiskap, kan snu når ein skal hale reiskapen inn, og båten driv inn mot installasjonen, og ein kjem i trøbbel.

Først på 1980-talet sette to båtar garn i god avstand vest for Ninian-plattforma på britisk sektor. Det var heldigvis fint vêr, men dei undervurderte straumen som bar austover. Reiskapen drifta mot plattforma, og under haling drifta båtane vidare mot plattforma, og etter kvart såg dei at dei ville bryte sikkerheitsona. Plattformsjefen viste forstålese, og dei fekk hale inn garna, dersom dei lovde og ikkje kome i nærkontakt med plattforma.

Den eine båten var så nær plattforma at vatnet som kjøla ned gassflammen landa på styrehustaket hans. Det gjekk fint, fordi vêret var fint. Hadde vêret vore dårleg, hadde dei ikkje hatt ein sjans, og reiskapen hadde vore tapt.

Dersom ein båt driv inn i ei samling flytande vindturbinar i ein storm, er både båt og mannskap i stor fare.

Havlære 2
STRAUMAR: Oversikt over havstraumane.

Vi må ikkje gløyme at bølger på 10- 15 meter er ganske vanlege på sokkelen. Verdas høgaste enkeltbølge målt av ein fast installasjon var «Draupner bølga»- den var 25,6 meter, og slo inn over Draupner-plattforma nyårsaftan 1995, plattforma ligg om lag rett vest for Stavanger.

No er selskap som Equinor ekstremt gode på dette med havinstallasjonar, men eg er likevel spent på korleis ein flytande vindturbin vil oppføre seg i ein orkan.

Havvind-toget står no på stasjonen, nesten klar til avgang, og fiskarane må ikkje stå att på perrongen og protestere, men gå på toget og dele sin kunnskap og sine krav med utbyggjarar og styresmakter.

Vi må forvente at Stortinget er ei våken vaktbikkje, som ser til at fiskarane framleis blir sikra tilgang til sine viktige fiskefelt og den fornybare maten.

Regjeringa må no setje saman ei arbeidsgruppe som skal identifisere dei interessekonfliktane som kan oppstå ved etablering av vindindustri til havs.

Å arbeide etter prinsippet «vegen blir til mens vi går» vil gjere at vi ikkje er førebudde på den vanskelege jobben som må gjerast, når vi nok ein gong skal dele på havarealet mellom ulike interesser.

Så må eg nok ein gong minne dei som viser til at Norge disponerer eit havområde som er 6 gongar større enn fastlandet, at ein stor del av det arealet er 3000 meter eller djupare. Det er sjølvsagt umogleg å ankre vindturbinar så djupt.

Av Knut Arne Høyvik, tidlegare fiskeskipper

Publisert: 31.01.2022 11:16

Sist oppdatert: 31.01.2022 11:57

Mer om