Oslo børs
COMEBACK PÅ BØRSEN: Eigenkapitalbevisa i Sparebanken Møre er no meir verdt enn før koronakrisa.
Analyser

Bank på topp

Sparebanken Møre er børsvinnaren på Nordvestlandet så langt i år. Ellers er det mest minus.

23.05.2021

ANALYSE

Verdien av eigenkapitalbevisa i Sparebanken Møre stupte frå 351 kroner per eigenkapitalbevis 21. februar 2020 til 230 kroner 18. mars, eit fall på 33 prosent på ein knapp månad.

No er det tapte henta inn. Ved børsslutt fredag denne veka, 21. mai, vart eigenkapitalbevis i Sparebanken Møre handla til 355 kroner.

Sidan årsskiftet har kursen stige 19,9 prosent.

Den felles bodskapen som er å finne i Sparebanken Møre og konkurrentane sine siste kvartalsrapportar er at koronakrisa langt fra blei så ille som både bankane og andre frykta då koronakrisa kom i fjor vinter.

No ser investorane i eigenkapitalbevisa også ut til å vere samd i den vurderinga. (Sparebankar er i utgangspunktet sjølveigde, men kan også vere delvis eigde av investorar, og verdipapiret som viser eigarskapen i sparebankar blir kalla eigenkapitalbevis).

Skjermbilde 2021 05 22 kl 14 13 27
NYE HØGDER: Kursutviklinga i Sparebanken Møre siste fem år. Kursen er no høgare enn førre toppnivå, rett før koronakrisa kom. Skjermbilete Oslo Børs.

Utviklinga i eigenkapitalbeviskursen til Sparebanken Møre sidan rett før koronakrisa, kan delast opp i fire fasar:

Først panikk og kaos.
Deretter ein opptur då det blei klart at det ikkje var snakk om ein katastrofe, men ei krise som kunne handterast.
Etterpå flata kursen ut og investorane venta på ei avklaring på om og når samfunnet kunne legge krisa bak seg.
Og til slutt ein ny kursauke då investorane byrja å sjå slutten på koronakrisa og at bankane ville kome gjennom den med små tap.

NETT NO skreiv tidlegare i år at Nordvestlandet, sett frå børsen, ser heilt annleis ut no enn då NETT NO starta publisering seint i 2013.

Det er ein konklusjon som framleis står seg. Oljebransjen og selskapa knytt til den, som i 2013/2014 dominerte blant børsselskapa på Nordvestlandet, er det lite igjen av.

Men fleire av børsnykomarane som var med på å forsterke vridninga bort frå oljebransjen i fjor og i starten av 2021, har fått det tøft på børsen i år.

Ein positiv innfallsvinkel på at til dømes hydrogentank-produsenten Hexagon Purus er meir enn halvert i verdi sidan toppen tidlegare, og no blir handla under kursen ved børsnoteringa i fjor, er at selskapet traff godt på tidspunktet for kapitalutvidinga rett før børsnotering.

Det same kan seiast om Arctic Bioscience og Atlantic Salmon (begge ned 14,6 prosent sidan årsskiftet).

Ein negativ innfallsvinkel er at det kan bli verre å hente kapital i neste omgang, fordi investorar no har børsfallet fersk i minnet.

Det nykomarane Arctic Bioscience (legemiddel- og helsekostprodukt), Hexagon Purus (tankar og system for hydrogen som drivstoff) og Salmon Evolution (lakseoppdrett på land) har felles er at store inntekter og lønsemd ligg fram i tid.

Investorane har investert på grunn av forventingar om at selskapa skal tene pengar, ikkje på grunn av at selskapa har ei historie som viser at dei kan tene pengar.

Kjappe og store verdistigingar på aksjar i slike selskap er ikkje noko nytt. Ikkje kjappe og store nedturar heller.

Det betyr ikkje at ideane bak er dårlege.

Svaret på det ligg fleire år fram i tid.

Børs-selskap på Nordvestlandet
Kursutvikling hittil i år
Selskap Kursutvikling i % Marknadsverdi i mrd.kr.
Sparebanken Møre 19,93 3,5
Hav Group 6,48 0,6
Nortel 2 0,3
Golden Energy Offshore 1,54 0,05
Fjord1 1,4 4,4
Arctic Bioscience -14,56 0,6
Salmon Evolution -14,6 1,8
Havila Shipping -18,48 0,1
Hofseth Biocare -20,61 2,8
Hexagon Purus -29,04 8,1
Atlantic Saphire -29,5 6,8
Hexagon Composites -33,31 7,5
Havyard -43,06 0,3

Publisert: 23.05.2021 06:00

Sist oppdatert: 27.05.2021 09:38