Analyser
Dra til Brattvåg og bli vis
Ta turen til Brattvåg 23. november. Dei som vil følge med på den nye greia må møte opp der.
08.11.2015
ANALYSEDå eg flytta attende til Nordvestlandet etter over ti år for å vere med og starte NETT NO var den mest slåande endringa korleis produksjonsmiljøa i møbelindustrien hadde skrumpa inn.Det er ikkje sant at Ekornes er den einaste møbelbedrifta att, men ved første blikk kan det nesten sjå slik ut. 25 prosent av norsk møbelproduksjon vart flytta ut etter finanskrisa, i følgje bransjen sine eigne tal.Bedriftene greidde eller ville ikkje utvikle produksjon for å halde kostnadane nede, og flytta heller arbeidsplassane dit lønene var lågare.Det var kanskje ein tabbe, og definitivt synd for utviklinga av norsk industrikompetanse. Bedriftene vart ikkje flinkare til å produsere, berre til å finne nokon som kunne gjere jobben billegare. På 90-talet var det rådande synet i store krinsar at uflagging var heilt greit og fornuftig. Enkelt manuelt arbeid kunne andre ta seg av. Her heime kunne vi leve av å marknadsføre og selje det vi utvikla, men fekk andre til å produsere.Og med oljeboomen som starta tidleg på 2000-talet har næringslivet gått for full maskin. Mange tente uansett så gode pengar at det nitidige arbeidet med stadig å finpusse produksjonen og finne nye smarte måtar å arbeide på har blitt forsømt. På kort sikt her det ikkje vore nødvendig heller, men etter oljeprisfallet er det andre tider.Då passar det bra kunsten å produsere har fått ein kraftig renessanse. Det å halde på etablert, og få attende utflagga produksjon er ein priortert politikk i mange vestlege land. Ikkje ved å stenge konkurransen frå utlandet ute, men ved å produsere så smart og effektiv at lavkostland ikkje lenger er noko alternativ. Stigande kostandar ute, mellom anna i Kina, driv og fram heimflagginga.Fordelane med å ha produksjonen på heimebane er mange, mellom anna kortare transport, og at det er blitt lettare å ha kontroll over produksjonen når den er nær og ikkje langt unna. Dessutan betyr det også arbeidsplassar.Mandag 23. november invitererer Haram Nærings og Innovasjonsforum til seminar om robotisering, automatisering og 3D-printing, med eit program som er midt i blinken i høve til debatten om satsing på produksjon eller ei.Arrangøren har fått Tore Tennøe, sjølv frå Brattvåg - og ikkje minst leiar for Teknologirådet, til å halde innleiingsfordraget. Teknologirådet er eit uavhengig offentleg organ med oppgåve å gi styresmaktene råd om ny teknologi.,Rådet ga i mai i år ut ein rapport om korleis Noreg bør omstille seg etter oljeprisfallet, der rådet mellom anna peikar på at automatisering aukar sjansen for å oppretthalde produksjon i Noreg. Rådet har arbeidd med liknande problemstillingar i fleire år, og gav i 2013 ut rapporten "Made in Norway" der konklusjonen er at moderne robotar, 3D-skrivarar og digitalt verkty kan skape ein ny vår for norsk industriproduksjon. Arrangøren har også rydda plass til presentasjon av industrien på Nordvestlandet si eiga satsing på å få ny produksjonsteknologi inn i små og mellomstore bedrifter, eit prosjekt som så langt omfattar over 20 bedrifter og eit samarbeid med skuleverket frå vidaregåande skule til universitetsnivå. Blant foredragshaldarane er representantar for leverandørar av robotiserte arbeidsstasjonar som , og og 3D-slkrivarleverandørar som .Under Oslo Innovation Week i år - eit arrangement der apputviklarar, forsking og tenesteyting - har hatt ein dominerande plass, blei det i år rydda rom for ein heildagsseminar der nettopp produksjon sto i sentrum.Og under Verftskonferansen i Ålesund i denne veka handla fire av 15 innlegg om produksjon og industrialisering.Produksjon er ikkje lenger eit tema for nostalgiske industrimiljø. Det er den nye greia.
Publisert: 08.11.2015 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59