Analyser
Ein veg å gå
Reiseliv har eit stykke att før den blir ein tungvektar i næringslivet i Møre og Romsdal. Første prioritet bør bli å få opp lønsemda.
09.07.2017
ANALYSEMenon Business Economics si analyse av reiselivsnæringa i Møre og Romsdal viser at rundt 55 prosent av reiselivsbedriftene har ein eigenkapitalandel på under 30 prosent.Det viser at mange reiselivsbedrifter er dårleg rusta til å tole nedturar.Driftsmarginen i reiselivsnæringa (driftsresultat i prosent av driftsinntektene) er fallande, frå over seks prosent i 2009 til under to prosent i 2015.Det viser at mange reiselivsbedrifter slit med å hente ut nok forteneste frå det dei driv med. Det er eit funn som er heilt i samsvar med kritikken Kristian B. Jørgensen i Fjord Norge kom med i NETT NO tidlegare i år, at mange reiselivsbedrifter ikkje er flinke nok til å ta seg betalt.Rapporten frå Menon Business Economics er heilt fersk, og er eit arbeid bestilt av organisasjonen Møre og Romsdal Reiseliv, ein fellesorganisasjon for Møre og Romsdal Fylkeskommune og destinasjonsselskapa i fylket.Målet er mellom anna å dokumentere omfanget og dei direkte og indirekte ringverknadane av reiselivsnæringa i fylket. Trass i at rapporten viser at lønsemda burde vere betre, teiknar den eit relativt positivt bilete av utviklinga i reiselivsnæringa. Bedriftene i næringa burde vere meir solide, men utviklinga i soliditeten peikar rett veg. I 2004 hadde under 30 prosent av bedriftene ein bokført eigenkapitalandel over 30 prosent. I 2015 var andelen 45 prosent med ein eigenkapitalandel over 30 prosent. Utviklinga i driftsmargin varierer mykje mellom bedrifter og ulike næringar, men det er positivt at serveringsbransjen viser eintydig teikn til gradvis auke i driftsmarginen i åra 2004-2015.Verdiskapinga, driftsresultat pluss lønsutbetalingar, er meir enn dobla frå 2004 til 2015, og Møre og Romsdal har hatt større auke enn landsgjennomsnittet.Talet på tilsette i næringa har auka med 35 prosent sidan 2010, medan talet på tilsette i resten av næringslivet ikkje auka i fylket i same periode. Men det er framleis ein veg å gå før næringa blir ein tungvektar i næringslivet i Møre og Romsdal, viser tala i analysen. Med ei verdiskaping på i overkant av to milliardar kroner ligg reiselivsnæringa på 10. plass når det gjeld verdiskaping.På førsteplass er klynga av olje- gassrelaterte/maritime næringar, som i verdiskaping var 15 gangar større enn reiselivsnæringa Møre og Romsdal i 2015.Målt i sysselsettinga er reiselivsnæringa på sjetteplass, med 4760 tilsette. Her er olje/gass/maritime-bedriftene knapt fire gangar større.Assisterande regional- og næringssjef Ragna Brenne i Møre og Romsdal Fylkeskommune listar opp tre punkt som må prioriterast for å løfte reiselivsbransjen vidare opp:Utvide sesongen: I deler av Nord-Noreg har hotella like godt besøk om vinteren som om sommaren, i følgje rapporten. I Møre og Romsdal er besøket konsentrert til sommarmånadane.Ta seg betre betalt: Bedriftene må bli flinkare til å hente ut gevinst der det er råd.Samarbeid: Private bedrifter, destinasjonsselskap og offentlege instansar må samarbeide meir, og tenke heile regionen som ein ressurs alle kan nyte godt av.Det er ei vurdering Brenne truleg har heilt rett i, og som partane bak rapporten bør ta fatt i straks, for raskt å kome fram til konkrete tiltak til korleis måla om utvida sesong, større lønsemd og betre samarbeid skal bli nådd.Rapporten er eit nyttig grunnlag for diskusjonen, men kunne vere betre om den hadde vore meir presis.At daglegdags rutetrafikk med buss og båt går inn i statistikken reduserer presisjonsnivået. Dagleg jobb-pendling ligg på sida av det dei fleste vurderer som ein del av reiselivsnæringa. Og uansett er det ulike vurderingar som ligg bak val av transport til jobben og val av forretnings- og feriereiser.Reiselivsbransjen har og mange deltidstilsette. Dei har også viktig jobbar, men i samanlikning med andre næringar er det nyttigare å samanlikne årsverk mot årsverk.Rapporten har og ein veikskap til. Den har berre sett på utviklinga til og med 2015.Det betyr at den mellom anna har fått med seg den negative effekten av oljeprisfallet, for eksempel nedgangen i forretningsreisande hos hotella. Men ha i mente at rapporten ikkje har fått med seg den positive utviklinga i turismen i 2016 og inn i 2017.
Publisert: 09.07.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59