ANALYSE
Nord Fiskarlag vil ikkje innfri krava som Fiskebåt har sett for å bli verande i Norges Fiskarlag. Det vedtok årsmøtet i Nord Fiskarlag torsdag denne veka. Dermed er Norges Fiskarlag eitt steg nærare ei oppsplitting, der Fiskebåt, som den økonomisk viktigaste underorganisasjonen seier takk for seg.
Nord Fiskarlag sitt vedtak kom Fiskebåt delvis i møte, men vil i praksis ikkje gi frå seg noko makt. Det spørs om det er nok til å hindre at Fiskebåt vedtek å melde seg ut på sitt årsmøte, i februar neste år.
Skjer det er det slutten på Norges Fiskarlag, slik vi kjenner det i dag.
Då blir Fiskebåt, som organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten, ein frittståande organisasjon. Norges Fiskarlag, som organiserer eigarar av mindre fiskebåtar og fiskarar, vil i utgangspunktet halde fram, men vesentleg svekka økonomisk.
Det er ein langvarig misnøye med Nord Fiskarlag som ligg bak at Fiskebåt vurdere å gå ut.
Fiskebåt vedtok allereie på årsmøtet sitt i februar i 2023 at det skulle vurderast å finne alternativ til medlemskapet i Norges Fiskarlag, dersom det ikkje blei ei lik maktfordeling mellom dei tre underorganisasjonane, Nord Fiskarlag, Sør-Norges Fiskarlag og Fiskebåt.
Fiskebåt viste i vedtaket til at det er Fiskebåt sine medlemmar som betalar mest for å finansiere Fiskarlaget:
«Fiskebåts medlemmer står i dag for om lag 75 prosent av medlemsavgiftene til Norges Fiskarlag, men har likevel begrenset innflytelse gjennom kun 4 av 14 landsstyrerepresentanter, og 17 av 69 landsmøtedelegater. Den havgående flåten risikerer derfor å tape i viktige interesseavveininger mellom flåtegruppene i Fiskarlagets styrende organ», heiter det i vedtaket.
Etter årsmøtet i Nord Fiskarlag ligg ballen hos Fiskebåt, som skal ha sitt årsmøte i februar neste år.
Eit samla Norges Fiskarlag, med storparten av fiskbåteigarar og fiskarar bak seg, har den fordelen at aktørane i næringa sjølv kan løyse interessemotsetningane seg i mellom.
Ei splitting vil neppe bli møtt med jubel hos mange nasjonale politikarar.
At det neppe er fleirtalet av politikarane som jublar over ei mogleg splitting skuldast at det er greit at næringa kan ordne opp på kammerset slik at dei slepp å involvere seg i ein årviss og evigvarande strid om fordeling av fiskekvotar og vilkår til gunst for den eine, andre eller tredje gruppa i fiskerinæringa.
Kan hende vurderer eit fleirtal politikarar det også slik at ein slik konflikt ikkje er den som samla sett gir størst utbytte av fiskeria.
I tillegg er det slik at dette er ein konflikt som først og fremst har betydning og politisk merksemd blant folk i sjømatbransnen på Vestlandet og i Nord-Noreg. Den politiske sprengkrafta er størst i nord, fordi fiskeri er ei større symbolsak der enn langs resten av kysten.
Men nokre vil meinte at det er bra om Fiskebåt går ut.
Med eit splitta Norges Fiskarlag kjem interessemotsetningane klarare fram i lyset. Det gir større spelerom for dei politikarane som vil profitere på å velje den ein eller andre sida - som dermed medverkar til å forsterke konfliktar. Både hos aktørar i næringar og blant politikarane er det folk som kan sjå positivt på ei splitting, fordi dei vurderer at det kan gi ein økonomisk og politiske gevinst som eit samla Norges Fiskarlag står i vegen for.
Det gjenstår å sjå.
Det økonomiske tyngdpunktet ligg uansett hos Fiskebåt. Det brukar å spele ei rolle for påverknadskrafta til bransjeorganisjonar.
Publisert: 20.10.2024 05:00
Sist oppdatert: 19.10.2024 15:58