Evig kamp mot liten kreps
SISYFOS-ARBEID: Sagnet seier at den greske kongen Sisyfos blei dømt av gudane til å trille stein opp på fjellet. Steinen trilla ned igjen, og så var det berre å ta fatt på nytt. Forskar Helen B. Fjørtoft ser klare parallellar til det gamle sagnet og dagen arbeid mot lakselus.
Analyser

Evig kamp mot liten kreps

Det finnes sannsynlegvis ikkje eit vindundermiddel mot lakselus. Kampen mot parasitten går aldri over.

19.03.2017

ANALYSE

Optimar si utvikling av eit anlegg for å bade laksen i lunka vatn har blitt ein kommersiell suksess. Mellom andre investerer brønnbåtreiarlaga Rostein og Sølvtrans i anlegg i stor stil for å kunne ta avlusingsoppdrag for oppdrettarane. Lunka vatn tar knekken på lakselusa og ingen kjemikaliar går ut i sjøen.

Men kan lus bli motstandsdyktig - resistent - også mot lunka vatn og metoden tape si kraft? Det blir det forska på hos Norges Miljø- og Biovitenskaplege universitet (som mellom anna omfattar tidlegare Veterinærhøgskolen i Oslo).

- Det er ingen grunn til å tru at den (evna til å utvikle resistens, red merk.) er avgrensa til å opparbeide resistens berre mot kjemiske midlar, seier professor Tor E. Horsberg ved universitetet.

Til sommaren er målet å ha utvikla ein metode for å måle om lakselus utviklar resistens mot lunka vatn og mot ferskvatn, som begge deler blir brukt mot lakselus.

Med metoden på plass kan målingane starte, men førebels er det for tidleg å seie når det er råd å svare på om lakselus også vil bli motstandsdyktig mot lunka vatn og ferskvatn.

Ved NTNU i Ålesund arbeider doktorgradstudent Helene Børretzen Fjørtoft med same tema. Ho forskar på prøver av lakselus frå villfisk og oppdrettsanlegg for å sjå korleis resistens utviklar seg i lakselusbestanden. Førstkomande onsdag skal ho orientere om arbeidet på fagtreffet Marin samhandlingsarena i Ålesund. Nytteverdien av arbeidet ligg først og fremst i utvikling av kunnskap om korleis arbeidet mot lakselus skal organiserast og kva innverknad villaks og sjøaure har på spreiing av resistent og sensitiv lus.

Lakselus er ein liten krepseart som snyltar på laksen. Den gneg på skinnet og kan lage sår som gjer laksen sårbar for sjukdom, og i verste fall føre til at laksen døyr. Med veksten i oppdrettsnæringa har lakselusa fått langt fleire fisk å snylte på og har dermed også blitt eit større problem for vill laks og sjøaure.

Problema med lakselus er hovudårsaka til at styresmakten ikkje vil la oppdrettsnæringa vekse fritt.

Nesten heilt frå starten har oppdrettarane nytta ulike kjemikaliar mot lakselus. Enkelt sagt starta det med å tømme kjemikaliar i sjøen slik at lusa i alle fall ramla av. Etterkvart kom bruk av presenningar rundt anlegga for å utnytte lakselusmidla meir effektivt og til slutt blei brønnbåtar tatt i bruk for å gi laksen eit bad før den ble pumpa attende i sjøen.

Nye kjemikaliar erstatta gamle etterkvart som dei gamle tapte si kraft. Då middelet som populært blir kalla slice kom på marknaden i 1999 blei det hallelulja-stemning. Dette gjorde susen, og oppdrettsnæringa var lite plaga med lus i fleire år framover. Men den paradisiske tilstanden varte ikkje evig.

- Resistens blei eit alvorleg problem rundt 2008. Då gjekk behandlingsfrekvensen dramatisk opp, seier Børretzen Fjørtoft.

Oppdrettarane starta først med å auke dosane. Så blei kjemikaliar som vart lagt på hylla då slice kom på marknaden tatt fram att. Hydrogenperoksid-behandling, der brønnbåtar spelar ei viktig rolle, ble og tatt i bruk. Hydrogenperoksid består av to hydrogenatom og to oksygenatom og eit bad i ei slik løysing fekk lusa til å falle av.

Men lakselusa blei motstandsdyktig mot hydrogenperoksid også. I dag er det berre eitt middel på marknaden som lusa ikke er blitt motstandsdyktig mot.Dette middlet hemmar skalskiftet. Men lakselus er ikkje einaste krepsearten som skiftar skal, og i laboratorium er det påvist at middlet også går ut over skalskiftet hos mellom andre hummar og reker. Dermed er det sannsynleg at den same effekten kjem også i naturen, og ut frå føre var prinsippet er det lite ønskjeleg at det blir brukt.

Børretzen Fjørtoft sin konklusjon, basert på historiske erfaringar og forskingsarbeidet som er gjort, er at kampen mot lakselus må førast med fleire metodar samstundes. Lakselusa har ei stor formeiringsevne og kort generasjonstid, slik at sjansen for at det blir utvikla motstandsdyktige individ er stor gjennom den vanlege seleksjonsprosessen i naturen.

Her er det Darwins lov som gjeld, der dei best tilpassa overlever. Einsidig satsing på lunka vatn, som er i vinden no, kan framskunde ei eventuell resistensutvikling mot lunka vatn.

Med fleire metodar i bruk samtidig vil det ta lenger tid - og kanskje aldri - før resistens blir utvikla.

Men det betyr at lusebekjempingsbransjen ikkje kan kvile på laurbæra. Dei vil aldri kome i mål, men sluttar dei vil dei rykke tilbake til start.

Publisert: 19.03.2017 06:00

Sist oppdatert: 02.04.2024 10:51