Eva vinje aurdal vebjørn krogsæter bystyresalen foto ålesund kommune 11
INGEN GOD START: Trøbbel med økonomien, klimasatsing på vent og næringssjef som ikkje blir erstatta. Det var neppe slik ordførar Eva Vinje Aurdal eller varaordførar Vebjørn Krogsæter såg føre seg starten for nye Ålesund. Foto: Ålesund kommune
Analyser

Falma draum

Med næringssjef-exiten har draumen om Ålesund kommune som eit fyrtårn i samfunnsutvikling falma litt til.

02.05.2021
ANALYSE

Eit styringsdokument for kommunesamanslåinga mellom Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund frå 2017 fortel om kva som var draumen.

Den nye kommunen skulle mellom anna "Arbeide strategisk som medspelar for å styrkje og utvikle næringsliv og nyskaping i regionen. Få større kapasitet til å vere innovativ og tenkje strategisk for nyskaping og Vere sterkare motvekt mot sentralisering til dei store landsdelssentera."

Planleggarane tenkte også på korleis kommuneøkonomien burde vere for å lukkast: "Nye Ålesund skal ha eit forsvarleg økonomisk handlingsrom for sikre gode tenester til innbyggjarane. Vinstane skal gå til å styrke tenestene og realisere visjonen for den nye kommunen. Lånegjeld på forsvarleg nivå, betale ned gjeld i tråd med avskrivingar, tilstrekkeleg stort disposisjonsfond. Teneste-og avgiftsnivået skal harmoniserast."

No har næringssjef Inger Synnøve Remme fått permisjon i eitt år frå 1. august for å arbeide i Ungt Entreprenørskap.

Ho blir truleg ikkje erstatta i permisjonstida. På grunn av kommuneøkonomien.

Ikkje lenge etter at nye Ålesund var eit faktum måtte kommunen trekke tilbake fakturaer for kommunale avgifter.

Mangelfulle data gjorde at rekninga for vassavgift blei alt for høg. Feilen blei først oppdaga etter protestar, ifølgje Sunnmørsposten

God PR var det ikkje.

Det er og verd å minne om at eit prestisjeprosjekt for fleirtalskoalisjonen i kommunestyret, var ambisiøse planar om store kutt i CO2-utsleppa fram mot 2030.

Det er eit mål som vil få store konsekvensar for samfunnsutviklinga. Men kommunen har enno ikkje fått laga eit klimabudsjett som skal fortelje korleis målet skal nåast.

Administrasjonen bad om utsetjing med å lage klimabudsjettet på grunn av arbeidsbelastningen i samband med kommunesammenslåinga.

No blir den ledige næringssjef-stillinga eit nytt døme på at draumen for nye Ålesund ikkje blir innfridd. I alle fall ikkje på ei stund.

Denne veka har kommunedirektør Astrid Eidsvik fortalt formannskapet at framlegga i den siste runden i kommunestyret for å få økonomien i balanse manglar realisme, ifølgje Sunnmørsposten.

Stabsleiar Anne Mette Liavaag for strategi, samfunns- og næringsutvikling i Ålesund kommune, la i eit intervju med NETT NO ikkje skjul på at det vil merkast at stillinga som næringssjef blir ståande ledig.

– At vi held stillinga vakant betyr at ting vil gå meir sakte, og at vi ikkje klarer å følgje opp ambisjonane vi har hatt. Årsaka er den veldig krevjande økonomiske situasjonen kommunen er i, og at det er vedteke stillingsstopp, sa Liavaag.

Åkp-sjef Per Erik Dalen har rett når han seier til NETT NO at det vil ha ein negativ signaleffekt for næringslivet om Remme ikkje blir erstatta i permisjonsperioden.

Ekstra negativt er det fordi næringslivet i gamle Ålesund har etterlyst ei meir aktiv kommune og tettare samarbeid. Med nye Ålesund skulle det bli betre, men nett no ser det ut til at betringa raskt blei sett på pause - i beste fall.

Kven som har skulda for at det har gått som det har gått, vil det sikkert stridast om i lang tid. Den komande Stortingsvalkampen vil hjelpe til med å halde striden ved like.

Truleg må skulda delast på fleire; ei regjering med kommunesamanslåingar som prestisjeprosjekt og dermed manglande vilje, eller evne til å legge vekt på dei vanskelege sidene ved samanslåingane, kommuner som blei for slappe med kostnadskontrollen før samanslåinga - og ein planleggingsprosess som ikkje var grundig nok.

På toppen av dei heile kom koronapandemien, som både har kosta og som har bunde folk opp til krisehandtering, i staden for langsiktig arbeid for å få nye Ålesund på skinner.

Det er lett å kritisere administrasjonen i slike saker, men det er til sjuande og sist politiske vedtak som ligg bak det som blir gjort.

Det gjeld både kor omfattande planlegginga før samanslåinga skulle vere og kor god kontroll og makt kommunane skulle ha over eigen økonomi etter at samanslåinga faktisk var vedtatt.

No ser det dessverre ut som om Ålesund er i ei krise som det vil ta tid å kome seg ut av. Det er dessverre ein situasjon som gjer det vanskeleg å sette draumar ut i livet.

Publisert: 02.05.2021 06:00

Sist oppdatert: 07.05.2021 09:57

Mer om