Alle bilar paa batteri er ikkje nok
NYTT FORSØK: Det førre bystyret i Ålesund kom ikkje så langt på vegen mot å kutte klimagassutslepp, men no har Eva Vinje Aurdal (Ap) og fleirtalet i det nye kommunestyret fått ein ny sjanse,
Analyser

Alle bilar på batteri er ikkje nok

Skal det politiske fleirtalet i nye Ålesund nå klimagassmåla sine må alle bilar gå på batteri i 2030, søppelforbrenningsanlegget i Ålesund stengast og skipstrafikken reduserast.

27.10.2019
ANALYSEDen politiske plattformen til samarbeidspartnarane som utgjer fleirtalet i kommunestyret i nye Ålesund kommune har eit mål om å kutte utslepp av CO2, metan og lystgass med 60 prosent innan 2030 samanlikna med nivået frå 2009. Grunnen er at dette er gassar som blir definert som klimagassar, som bidrar til ein drivhuseffekt som er med på å auke temperaturen på jorda."Ålesund kommune skal ta klimautfordringane på alvor. Vi set ambisiøse mål om kutt i utslepp innan 2030. Kommunen skal ha ein offensiv klimastrategi som vert følgd opp av klimarekneskap og klimabudsjett. FN sine berekraftsmål må ligge til grunn for all verksemd i kommunen. Ambisiøse mål må følgjast opp med konkrete tiltak og vi må ruste kommunen sin infrastruktur for klimaendringane som kjem. Kommunen skal også ha ein nullvisjon for tap av biologisk mangfald. Det må utarbeidast ein klimastrategi som samsvarar med ei målsetting om 60% utsleppskutt innan 2030 i forhold til 2009 nivå. Klimastrategien skal bli følgt opp ved at klimarekneskap og budsjett blir ein del av den ordinere budsjetthandsaminga", står det i den politiske plattformen.Fordi utsleppa har auka sidan 2009 må dei reelle kutta vere større enn 60 prosent - 68 prosent frå 2017-nivå.(Klikk på lenka i slutten av artikkelen for å lese den politiske plattformen til fleirtalskoalisjonen Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Kristeleg folkeparti, Miljøpartiet de grønne, SV og Venstre. Dei har tilsaman 39 av 77 plassar i kommunestyret.)Den praktisk og økonomiske konsekvensen av å nå dette målet er så stor at det har fått merkelig lite merksemd.Miljødirektoratet har laga nettsida Miljøstatus som gir ei berekning for CO2-utslepp i kvar einskild kommune, fordelt på ulike utsleppskjelder, basert på statistiske opplysningsar. CO2-utsleppa er den klart største klimagassen, og i modellen er alle klimagassane rekna om til CO2-einingar.I dei fem kommunane som no utgjer Ålesund er sjøfart (41 prosent av totale utslepp), vegtrafikk (21 prosent) og søppelforbrenningsanlegget i Breivika (18 prosent) dei tre klart største utsleppskjeldene.Utan utsleppskutt frå alle desse kjeldene kan ikkje fleirtalskoalisjonen nå sitt mål. Om all personbil- varebil og busstrafikk i Ålesund skjer med bilar som går på batteri eller hydrogen i 2030 er det ikkje nok. Ei heller om alle skip ved kai slår av dieselmotorane og blir forsynt med straum frå land og hurtigbåtane går på batteri eller hydrogen.Klimamål er ikkje nytt. Også det førre kommunestyret, i "gamle" Ålesund hadde klimamål, 40 prosent kutt i klimagassutsleppa innan 2030 (frå 1990-nivå). Kommunen sin klima-og energiplan 2011-2015 innheldt 42 tiltak for å nå målet, men korleis gjekk det med gjennomføringa?Eit notat frå administrasjonen til formannskap og kommunestyret i mars i år oppsummere det slik: "En liten gjennomgang av planen viser at kun 7 av tiltakene kan sies å være helt gjennomført. Noen av de andre tiltakene er delvis gjennomført eller påbegynt".Målet var mellom anna at klimagassutsleppa skulle gå ned til 2020. Dei gjekk opp.Elektrisitetsforbruket skulle ned. Det gjekk opp.Bruken av fjernvarme skulle opp. Det har auka.Ingen har ansvaretDet er ikkje løyvd pengar og sett av folk til å arbeid med å gjennomføre dei tiltaka som må tilArbeidet blir ikkje prioritertOm det nye kommunestyret som konstituerte seg på torsdag denne veka får gjennomført meir enn det førre vil vise seg, men spørsmålet er også om det kan nå måla sine utan hjelp frå nasjonale styresmakter og frå tekniske nyvinningar.Planlegging slik at arbeidsplassar og bustadar blir bygt for å reduserer transportbehov og energiforbruk er kommunens domene, likeeins bruken av kommunale vegar og parkeringsplassar.Men kommunen kontrollere ikkje heile vegnettet, og skal bilar som køyrer på diesel og bensin heilt bort må det truleg nasjonalt vedtak til. Det same gjeld sjøtransport. Og kva med søppelforbrenningsanlegget? Det produserer overskotsvarme som går til oppvarming og løyser eit avfallsproblem som uansett må handterast.Det er lett å skrive eit mål ned på papiret. Det blir spennande å sjå kva kommunstyrefleirtalet gjer for å nå målet.

Publisert: 27.10.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59