Fire land konkurrerer om å bli partnar når Noreg skal bygge fem eller seks nye fregattar; USA, Tyskland, Storbritannia og Frankrike.
Erfaringane frå førre runde gjer at Noreg denne gangen ikkje vil satse på ein fregatt utvikla eine og åleine for Noreg. I staden vil ein satse på ein fregatt som ein av dei moglege partnarane også vil ha.
Håpet er at det skal halde nede kostnadane både til utvikling, drift og vedlikehald - og kort sagt gi meir for pengane.
For Nordvestlandet kan fregattavtalen bety langt meir enn tidlegare kjent.
Den klart mest leste artikkelen Nett No har publisert denne veka, handlar om at både USA og Tyskland ser føre seg at alle fregattane Noreg ønskjer seg, skal bli utrusta her til lands.
I så fall vil det vere snakk om dei største oppdraga nokon gong for Vard og Ulstein Group. Dei to verftsselskapa samarbeider som kjent om alternativa frå høvesvis USA og Tyskland.
Skroga skal byggast i Romania (Vard) og Tyskland (Ulstein), men deretter blir det norske verft som skal gjere jobben.
Les også
Dette er meldingar som plar falle i god jord på politisk hald, og styrkar truleg USA og Tyskland sin sjanse til å blir førstevalet.
Ikkje berre vil det gi oppdra til norske verft, men og medverke til å bygge opp kompetanse og kanskje også kapasitet til å byggje, reparere og vedlikehalde krigsskip, medrekna fregattar. Det vil vere ettertrakta i ein situasjon der Noreg og resten av Europa rustar opp mot eit aggressivt og uføreseieleg Russland.
På den andre sida blir det amerikanske alternativet svekka av at USA under president Donald Trump har blitt ein alliert som er mindre til å stole på. Samtidig er avtalen mellom tyske Thyssenkrupp Marine Systems og Ulstein Verft førebels berre ein intensjonsavtale.
Om Frankrike og Storbritannia har eit kort i ermet som matchar det Tyskland og USA lokkar med, gjenstår å sjå. Det er truleg også fornuftig å anta at det som ligg på bordet av tilbod og planar no, ikkje er garantert å bli det endelege utfallet.
Les også
I april skreiv Dagens Næringsliv at to av tre tidligare forsvarssjefar meiner regjeringa ikkje bør kjøpe fregattar frå USA.
Ein av dei, Harald Sunde, meiner britiske fregattar er det beste alternativet, mellom anna fordi Noreg og Storbritannia har felles havområde.
Han peikar og på at britiske BAE Systems og Umoe Mandal har ein intensjonsavtale om bygging av 26 små stridsbåtar - gitt at Noreg vel britiske fregattar. BAE Systems-direktør Geoff Searle sa til Dagens Næringsliv at dei hadde fått signal om ei fregattavgjerd i juni, då avisa omtalte avtalen i april.
I eit innlegg i same avis argumenterer Janne Haaland Matlary for å velje fransk. Ho er statsvitar og professor ved Universitetet i Oslo og var statssekretær i Utenriksdepartementet i sentrumsregjeringa 1997–2000.
I innlegget argumenterer ho med at USA har blitt ein meir risikabel partnar å ha, og at vi allereie har samarbeid med Tyskland og Storbritannia. Det som manglar er tettare band til Frankrike.
«Dette er vårt svake punkt – for Frankrike er nå den sentrale, strategiske aktør i Europa, med egen produksjon av alle våpensystemer, fra kjernevåpen nedover, med plass i både Sikkerhetsrådet, Nato og EU, og med strategisk tenkning om hvordan Europa kan samle seg og bli en militærmakt i verden, ikke bare et marked. Frankrike signaliserer vilje til partnerskap på nye måter nå, vel vitende om at denne stormakten også må integrere seg med andre stater for å være troverdig alliert», skriv Haaland Matlary.
Publisert: 04.05.2025 05:00
Sist oppdatert: 03.05.2025 17:36





