Analyser
Frykt for lite leiting lenge
Dersom bransjeorganisasjonen Norsk Olje & Gass får rett, blir det vesentleg mindre fart i leiteaktiviteten på norsk sokkel i mange år framover.
22.11.2015
ANALYSE
Den siste konjunkturapporten frå Norsk Olje & Gass er lite lysteleg lesing for bedriftene i oljebransjen.Investeringane på norsk sokkel skal falle frå 185 milliardar kroner i år, til 132 milliardar kroner i 2017. Det er ein reduksjon på 28 prosent.Når investeringstala blir splitta opp teiknar det seg eit bilete som er ekstra ille for rigg- og offshorereiarlaga, og dei siste er det som kjent mange av på Nordvestlandet.Investeringane i leiting går ned frå 34 milliardar kroner i år, til 19 milliardar i 2017 og til 17 milliardar i 2018. Det er snakk om ei halvering. Det er i denne delen av oljebransjen reduksjonen er størst. Og til skilnad frå det generelle investeringsnivået som får eit løft frå 2017 og fram til og med 2020 takka vere utbygging av Johan Sverdrup-feltet, blir det ingen vekst i leiteinvesteringane.Leiting betyr bruk av boreriggar, og det betyr slepe-
og fraktoppdrag for ankerhandteringsfarty og plattformforsyningskip.Halvering av investeringar i leiting betyr ikkje nødvendigvis halvering av aktiviteten. Halveringa speglar også eit dramatisk prisfall på leige av riggar og skip. Offshoreanalytikar Inger Louise Molvær i meklarselskapet Westshore, seier det er snakk om ei halvering av riggratane på to år. Det betyr at oljeselskapa får meir rigg for same prisen.Graden av aktivitetsfall i leiteverksemda er viktigare for den framtidige utviklinga for rigg og offshoreselskapa, enn graden av investeringsnivå. Dersom aktivitetsnivået fell kraftig, vil oljeselskapa finne færre nye oljereservar til erstatning for den oljen som blir henta opp i dag. Det vil i sin tur føre til ein raskare reduksjon i oljeproduksjonen i framtida, og ein kraftigare oppgang i leiteaktiviteten når fallande produksjon får oljeprisen til å gå i veret.Dessverre for offshorereiarane er det lågare aktivitet som er hovudårsaka til den venta nedgangen i leiting, i følgje Econ Management Consulting, som har laga investeringsprognosen i konjunkturrapporten for Norsk Olje & Gass.Som Molvær peikar på, vil ein stor nedgang i leiteverksemda føre til fleire år med lågare aktivitet. Fell leiteaktiviteten vil oljeselskapa rett og slett mangle felt som kan byggast ut, sjølv om oljeprisen skulle stige.Aktiviteten på norsk sokkel har gitt ei kolossal fart på norsk økonomi dei siste åra. Det er berre å kikke på tabellen over investeringstakta dei siste åra. Det var nesten ei dobling frå 2010 til toppåret 2013. Ikkje rart at alle som kunne, omstilte seg til oljebransjen.Med unntak av 2017, , vil vi dei næraste åra ligge på eit høgare aktivitetsnivå enn 2010. Det var ikkje eit ille år, og hadde eit investeringsnivå vi kan leve godt med. Men i 2010 var investeringane på veg opp og tilliten til ei vidare positiv utvikling var stor. Då blir det investert og tatt beslutningar.No er investeringane på veg ned og frykta for tyngre tider stigande. Då blir ting sett på vent.Publisert: 22.11.2015 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59