Initiativ til ny forretningsverksemd og nye arbeidsplassar brukar å bli møtt med glede på Nordvestlandet. Det spørs om nyheita denne veka om at Tafjord-konsernet og Sogn og Fjordane Energi (SFE) vil satse på datasenter fell i god jord hos alle i regionen.
Kvifor? At aktørar som Tafjord og SFE går inn i denne verksemda, vil føre til at kampen om krafta – som allereie er tøff – blir endå tøffare.
Behovet for nye datasenter veks mellom anna som følgje av at meir blir lagra i «skya», samtidig som kunstig intelligens skyt fart. Her blir det lagra store mengder data – på vegner av deg, meg, bedrifter og styresmakter.
Men slike datasentra er også svært kraftkravjende. Veksten i slike etableringar er ei sentral årsak til at NVE meiner Norge tidleg i 2030-åra vil ha større behov for straum enn det finst tilgang på ny kraft.
I fjor brukte norske datasenter om lag 1–1,6 TWh straum, tilsvarande rundt ein prosent av kraftforbruket, ifølgje ein rapport frå DNV.
I 2040 anslår DNV at kraftbruket til datasenter her til lands, har auka til 15 TWh. Det svarar til sju prosent av Noregs totale straumforbruk.
Ettersom Norge er eit attraktivt land for etablering av slike senter, med kaldt vêr og relativt låge straumprisar, ligg det an til at det vil bli fleire datasentra her til lands. Og behovet for kraft vil auke tilsvarande.
Tafjord-konsernet er allereie på utkikk etter tomter til datasenter fleire plassar på Sunnmøre. Dei har ikkje peika konkret på kvar dei vil etablere seg, men namna på tre selskap som blei etablert denne veka gir ein god peikepinn; Fjordcore Ålesund, Fjordcore Vanylven og Fjordcore Sjøholt.
Ein kan sjølvsagt ikkje klandre konsernsjef Erik Espeset for å ta vare på selskapet sine interessar. Om leiinga har sett interessante forretningsmoglegheiter ved å etablere slike datasenter, er det jobben deira å forfølgje det.
For Tafjord sjølv skal ein ikkje sjå vekk frå at det er god butikk. Det kan gjere at aksjonærane – der Ålesund kommune er størst – kan sjå fram til større overskot og utbytte i framtida.
Sogn og Fjordane Energi er også på jakt etter tomter og partnarar etter same modell som Tafjord. Dei har også vore med å eige Lefdal Mine Datacenter tidlegare.
Senteret i dei tidlegare olivingruvene mellom Nordfjordeid og Måløy har skapt en arbeidsplass for kring 40 årsverk, gevinst for lokale investorar og ei jamn straum med oppdrag for lokale firma i byggebransjen.
Men Lefdal Mine Datacenter har snart ei utfordring når det gjeld tilgang på kraft. Dagleg leiar Jørn Skaane meiner dei vil nå taket for kapasiteten mot slutten av 2027.
Om - og når - selskapet får dei 120 megawattane ekstra som dei ønsker, er heilt uvisst. Når senteret er fullt utbygd neste år vil dei nytte 80 megawatt. Det tilsvarar straum til 32.000-40.000 husstandar, ein mellomstor norsk by - eller heile Nordfjord.
I store delar av landet er det utfordringar med tilgang på straum. Det gjeld både kapasiteten på nettet som skal føre straumen fram dit den skal nyttast. Men det er også behov for auka produksjon av kraft.
Møre og Romsdal er mellom fylka med ekstra store utfordringar. Og i fleire år er det åtvara om utviklinga. Ei rekke selskap har sett større prosjekt i Møre og Romsdal på vent i påvente av at dei skal få straum til verksemda.
Mellom dei er Norwegian Hydrogen, som hadde planar om ei milliardutbygging som ville kreve 270 megawatt. I staden går selskapet for eit mindre produksjonsanlegg med behov for kring 20 megawatt. Vartdal Plast-konsernet er ei anna bedrift i regionen som manglar straum for å kutte utslepp.
Ein kan forstå om Tafjord og SFE sine datasenterplanar iallfall ikkje blir møtt med jubel hos aksjonærar og tilsette hos desse selskapa.
Publisert: 29.03.2026 05:00
Sist oppdatert: 30.03.2026 07:20






