Faa fiskeri meir fram i lyset
MEIR ARBEID: Einar Vegsund, Cato Fjeldstad, Robert Vorren og Monrad Hide hos Kongsberg Maritime i Ålesund, med bilete av fiske- og havbruksfartøya selskapet har levert design- og utstyrspakkar til sidan 2015. Etterspørselen i marknaden veks, og den relative betydninga av fiskeri- og havbruksbransjen auka enda meir, fortel Monrad Hide, salssjef for skipsdesign i Kongsberg Maritime.
Analyser

Få fiskeri meir fram i lyset

I GCE Blue Maritime sin årlege tilstandsrapport for den maritime klynga på Nordvestlandet er det ein viktig del som har mangla. Fiskebåtreiarlaga.

20.09.2020
ANALYSETal frå Kongsberg Maritime, ein del av Kongsberg Gruppen, er eit døme på kva fiskerinæringa har å bety for den maritime bransjen på Nordvestlandet. Utan fiskebåtreiarane hadde skipsdesignarar, verft og utstyrsleverandørar hatt mindre gjere. I analysene frå klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime er dei raskt veksande og svært lønsame brønnbåtselskapa med i talgrunnlaget.Når analysen for 2020 blir lagt fram komande veke burde også statistikk- og vurderingar for fiskebåtreiarlaga vere ein del av analysegrunnlaget. Aktiviteten fiskebåtreiarane skaper hos skipsdesignarar, verft og utstyrsleverandørar har blitt registrert i analysen, men altså ikkje inntektene og arbeidsplassane i fiskebåtreiarlaga sjølve.I første halvår i år utgjorde salet til kundar i fiskeri- og oppdrettsnæringa omlag 10 prosent av dei samla driftsinntektene til heile Kongsberg Maritime, og då er ettermarknaden (vedlikehald og reparasjon) ikkje rekna med.Kongsberg Maritime hadde 8,3 milliarder kroner i driftsinntekter i første halvår. Skipsdesign og utstyr til fiskeri og havbruksfartøy sin andel av det, er altså over 800 millionar kroner.Det er ein marknad i vekst, fortel salgssjef for skipsdesign ved Kongsberg Maritime, Monrad Hide. Samstundes har etterspørselen i andre marknadar krympa, spesielt frå offshorereiarlaga. Sett frå Nordvestlandet si side er oppsvinget i fiskeri- og havbruk ekstra viktig, sidan mykje av arbeidet med desse oppdraga i Kongsberg Maritime blir gjort her. Dermed har den relative betydninga av fiskeri- og havbruksnæringa blitt enda større, og det gjeld ikkje berre for Kongsberg Maritime. Om fiskebåtreiarlaga er omfatta av Klyngeanalysen eller ei spelar neppe noko rolle for om fiskebåtreiarane bestiller nye båtar og utstyr, eller investerer i ombygging og utbetringar.Det som er ulempa med å ikkje ha dei med, er at denne delen av næringslivet på Nordvestlandet ikkje blir så synleg som den burde vere - og spesielt i dag, når det ikkje blir tinga nye offshore- og cruisefartøy.Å vere synleg er viktig, både av omsyn til fiskerinæringa sitt omdømme i samfunnet og for å få politisk gjennomslagskraft, men også innad i den maritime klynga på Nordvestlandet. Det skadar ikkje å gi verft, skipsdesignarar og utstyrsleverandørar ei ekstra påminning om at det er ei stor og viktig gruppe bedrifter her, som hittil har blitt definerte å ikkje høyre til i den maritime klynga.Når aktiviteten i, og omfanget av den maritime klynga krympar, er det og ein fordel om fiskebåtreiarane er med. Det viser at klynga er større både målt i inntekter og arbeidsplassar.Som dømet med Kongsberg Maritime viser, fiskebåtreiarane er med på å gi bedriftene som teiknar, byggjer og utrustar skip viktige oppdrag. Skillet mellom fiskebåtreiarlaga og resten av den maritime klynga er kunstig når klynga skal analyserast. Det er ei undervurdering av fiskerinæringa og signaliserer - medvete eller umedvete - at fiskerinæringa er noko på utsida. For klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime burde det vere eit tankekors.I 2018 og 2017 sat fiskebåtreiarane på Sunnmøre og i Nordfjord att med til saman 3,4 milliardar kroner viste ei oppsummering NETT NO gjorde etter at 2018-reknskapa var publisert i fjor. Oversikta omfatta 58 fiskebåtreiarlag.3,4 milliardar kroner er mykje pengar, men det som fortel meir om lønsemda, er at fiskebåtreiarlaga både i 2018 og 2017 sat att med eit overskot før skatt på over 25 prosent av driftsinntektene.Alle 2019-tala er ikkje klare enno, men alt tyder på at fiskarane hadde nok eit godt år i fjor, og ligg an til eit brukbart år også i 2020, trass i at den verdsomspennande koronapandemien slår negativt ut i deler av fiskerinæringa.Før oljeprisfallet i 2014 sende offshorereiarlag og riggselskap inn i ei krise dei enno ikkje er komne ut av, hadde dei store verfta på Nordvestlandet og utstyrsleverandørane nok å gjere med å bygge og utruste offshorefarty på løpande band. Det var så gode tider at det knappast var plass til fiskebåtreiarane.Slik er det ikkje i dag.Det er eit politisk skille mellom fiskeri- og offshorereiarlaga, som har vore der i mange år. Usemja har medverka til at dei ikkje har samla seg i ei blokk, korkje i bransje- eller arbeidsgivarorganisasjonar. Det handlar om ulike vilkår for skattlegging av dei som arbeider ombord. Kor gode særvilkår skal dei ha? Skilnaden har skapt ulike vilkår i konkurransen om arbeidskraft, argumenterte fiskebåtreiarane med mellom .Men ei politisk usemje mellom fiskebåtreiarar og offshorereiarar er ikkje eit argument for å la vere å utvide klyngeanalysen. Det er uansett ein analyse som alle kan ha nytte av.

Publisert: 20.09.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59