Analyser
Hemmelege kjøparar skaper spenning rundt Rem-redning
Kven kjøper i Rem Offshore?
10.07.2016
ANALYSEI det refinansieringsløysinga for Rem Offshore såg ut til å falle på plass dukka det opp ny uvisse rundt selskapet.Etter det NETT NO kjenner til, har investorar i dei to obligasjonslåna selskapet har, blitt kontakta av meklarar med spørsmål om dei vil selje.Det har mange takka ja til, med det resultatet at store deler av låna skifta eigar i løpet av førre veke.Handelen skjedde i mange mindre transaksjonar, og det er uråd å vite om det er mange eller få kjøparar. Skulle obligasjonane no vere samla på ei hand, eller hos ei sameint gruppe av investorar har den eller dei negativ kontroll i det eine lånet, og kanskje og i det andre. Det betyr at dei kan hindre at Rem Offshore får det naudsynte to tredjedels fleirtalet blant obligasjonslångivarane for framlegget til refinansieringsløysing.Om målet med kjøpa er å blokkere for refinansieringsløysinga og presse fram ei gunstigare løysing for obligasjonseigarane gjenstår å sjå. Det er i så fall det verste utfallet for Rem Offshore, og vil seinast blir avklart på obligasjonseigarmøtet 18. juli.Refinansieringsplanane inneber at obligasjonsgjeld blir gjort om til aksjar og dagens eigarar blir kraftig utvatna. Ein retta emisjon mot hovudaksjonær Åge Remøy gjer at han framleis vil eige over 50 prosent av aksjane. Stig Remøy, med rett i overkant av 10 prosent av aksjane, og resten av småaksjonærane får derimot krympa sin eigarandel mykje meir - og det er nødvendigvis ikkje godt mottatt hos alle.Men eit ønske om å blokkere for refinansieringsløysinga treng slett ikkje vere målet. I og med at obligasjonsgjeld skal gjerast om til aksjar, slik at obligasjonseigarane blir eigarar av 40 prosent av selskapet, er kjøp av gjeld ein måte å kome inn på eigarsida i eit selskap der eigarsituasjonen i praksis har vore heilt fastlåst og børsnoteringa nokså meiningslaus.Den minst skumle forklaringa - for dagens majoritetseigar - er at det er snakk om rein finansiell spekulasjon, der målet er å gjere om obligasjonane til aksjar og kome inn på eigarsida i eit selskap som i praksis har vore lukka for investorar - og satse på kursstigning og ein fin gevinst.Den litt meir skumle forklaringa er at det er investorar som vil inn på eigarsida for å få makt og styre selskapet inn i fusjonsforhandlingar med andre.Kristian Siem offentleggjorde tidlegare i år at han har alliert seg med eit amerikansk hegdefond, med to milliardar kroner i ryggen, med mål om å samle offshorenæringa i større og færre reiarlag.– Det vi vet helt sikkert, er at obligasjonslån, gjeld, aksjer og skipsverdier vil falle mye. Hvis vårt fond ønsker å kjøpe, vil det komme rikelig med muligheter. Men jeg håper at industrien griper denne muligheten. I nøden spiser fanden fluer, sa Siem til Dagens Næringsliv.Solstad Offshore har tidlegare vore interessert i Rem Offshore, som utløyste ein strid om kontrollen rett etter børsnotering. Det førte til at selskapet blei delt. No har Solstad fått Røkke som medeigar gjennom si refinansiering. Lars Peder Solstad har også markert seg som talsmann for større og færre reiarlag og vil bruke sine nye finansielle musklar.– Vi er glade for at vi har fått på plass en offensiv løsning. Denne planen skal ikke bare hjelpe oss å overleve – nå kan vi finne på noe, sa Solstad etter at refinansieringa var på plass.NETT NO har tidlegare skrive at bankane, med DNB i spissen har gitt klare meldingar om at dei gjerne ser at det blir samanslåingar også i Herøy.Utlånsdirektør Olav Einar Rygg i Eksportkreditt rådde i eit intervju med NETT NO i juni offshorereiarlaga til å vurdere nøye kven dei låner pengar av i oppgangstider. Han er bekymra for korleis det går med det lokale eigarskapet i dagens nedtur i bransjen, og erfarer at det er lokale og regionale bankar som er viljuge til å strekke seg lengst.Dei som sit lengst unna er gjerne obligasjonslångivarane. Det er gjerne forsikringsselskap, bedrifter og større private investorar som har lånt selskapet pengar til avtalt rente og avtalt tilbakebetalingstid, og no må sjå at dei taper mykje av pengane sine. Dei fleste obligasjonslåna er dessutan usikra, slik at obligasjonseigarane stiller bak bankane om selskapet går konkurs.Obligasjonslångivarane er dessutan anonyme. Ei negativ effekt av det er at reiarlaga ikkje veit kven dei har lånt pengar hos, og endringar i regelverket som gir innsyn i kven som er långivarar kan vere på gang, utan at det får noko å bety for Rem Offshore eller dei andre offshorereiarlaga i denne omgang.Finanstilsynet skulle ha si utgreiing til Finansdepartementet klar 1. juli, men har fått forlenga fristen til langt ut på hausten.
Publisert: 10.07.2016 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59