
Analyse: Ingen kjapp veg ut
Er det realistisk å håpe på at bedriftene i den maritime klynga får tak i dei folka dei vil ha?
ANALYSE:
Over 1000 nye jobbar og eit sysselsettingsnivå som kryp opp mot rekordåret 2014 då verft, reiarlag, utstyrsprodusentar og skipsdesignarane på Nordvestlandet sysselsette 18.000 personer.
Det er spådommen som kom fram i årets tilstandsrapport for den maritime klynga, som blei lagt fram denne veka.
Samstundes fortel bedriftene at mangel på kvalifiserte folk er det største hinderet for å auke talet på tilsette.
1,7 prosent av arbeidsstyrken i Møre og Romsdal var registrert som heilt ledige ved utgangen av august i år. På landsbasis var talet to prosent.
Det er med andre ord få ledige å rekruttere frå i Møre og Romsdal, og heller ingen andre stadar i landet med høg arbeidsløyse.
I tillegg er ikkje maritime bedrifter åleine om å jakte på fleire tilsette. Dette skreiv NAV i pressemeldinga si om status for arbeidsmarknaden på landsbasis i august:
"I løpet av august ble det registrert 30.600 nye ledige stillinger på arbeidsplassen.no. Det tilsvarer 1.900 nye stillinger per virkedag, noe som er 7 prosent flere enn for ett år siden. Justert for normale sesongvariasjoner har antallet vært det samme siden mai. Flest stillinger ble lyst ut innen helse, pleie og omsorg (6 800), butikk- og salgsarbeid (4 100) samt innen reiseliv og transport (2 700). Den største økningen det siste året har vært for stillinger innen barne- og ungdomsarbeid".
I tillegg til få få ledige og stor etterspørsel etter folk, kjem at mange ledige stillingar krev kvalifikasjonar som berre ein mindre del av arbeidstyrken har.
Det er med andre ord få å ta av i høve til etterspørselen.
Det er og ein stort og viktig skilnad på arbeidsmarknaden i dag og i 2014, spesielt for bedriftene i den maritime klynga.
Då var Noreg ein attraktiv arbeidsmarknad for fagarbeidarar frå Aust- og Mellom-Europa.
Oljeprisfallet kasta både offshorereiarar og skipsverft ut i ei djup krise. 1500 utlendingar reiste heim då dei ikkje lenger hadde arbeid her, berekna Nav Møre og Romsdal.
I dag har mellom anna ugunstig valutakursutviklings og god lønsutvikling i heimlanda gjort det mindre attraktivt å arbeidspendle til Noreg.
Næringslivet har lenge sett skrifta på veggen, og har satsa på å rekruttere på heimebane, blant anna gjennom auka satsing på lærlingar.
Andelen som søkjer yrkesfagleg utdanning i Møre og Romsdal har også auka og passert i år 60 prosent.
Både lærlingsatsinga og at fleire søker seg til yrkesfag er bra, men ikkje nok. I alle fall ikke på kort sikt.
At fleire vel yrkesfag aukar rekrutteringsgrunnlaget, for fagarabeidarar og for folk med lengre utdanning i og med at ein del med fagbrev tek vidare utdanning. Det kjem også maritime bedrifter til gode, men dei må konkurrerer med andre bransjar som også treng folk.
Alle tiltak for å profilerer og bygge eit godt omdømme for Nordvestlandet er gode tiltak.
Det grunnleggande er likevel at det er hard konkurranse om arbeidskrafta og få arbeidslause.
Kan hende ein del av løysinga er å innstille seg på at ein stram arbeidsmarknad er normaltilstanden framover.
Konsekvensen av ein slik tanke blir fort at meir arbeid blir plassert i utlandet, hos konkurrentar eller underleverandørar.
Alternativt blir det sett meir fart på ein prosess for utvikle metodar for å å produsere meir med dei folka ein har.
Eller at bedriftene på Nordvestlandet takkar nei til fleire oppdrag på grunn av kapasitetsproblem, som skuldast mangel på folk.
Det er trass alt også ein kostnadsrisiko knytt til å ta på seg store oppdrag som krev rask oppbemanning.
Publisert: 22.09.2024 05:00
Sist oppdatert: 29.09.2024 13:05