Kjemikaliebruken stuper i oppdrett
LUSEKAMP: Ro Fortune i sving ved Nordre Vartdal for å vaske laksen fri for lus ved bruk av oppvarma sjøvatn. 
Analyser

Kjemikaliebruken stuper i oppdrett

Kjemikaliebruken i oppdrettsnæringa toppa seg i 2014/2015. Etterpå har det gått bratt nedover.

28.10.2018

ANALYSE


I 2015 blei det brukt 43.246 tonn hydrogenperoksid i norske oppdrettsanlegg. Hydrogenperoksid blei mellom anna brukt i hårbleikemiddel, men tek også knekken på lakselus - ein krepseart som snyltar på laksen og kan lage sår som gjer den utsett for sjukdom. Bruken av middelet, der laksen blir bada i ei hydrogenperoksidoppløysing, var 17 gongar høgare i 2017 enn i 2012.
Problemet med middel mot lakselus er at dei også kan skade andre liknande organismar, mellom anna reker.
Noko av det første Harald Tom Nesvik gjorde etter at han blei fiskeriminister tidlegare i år, var å varsle strengare reglar for bruken av lakselusmiddel.
– Det er viktig at vi har eit føre-var-perspektiv. Vi ser at det er fleire utfordringar knytt til bruk av hydrogenperoksid og behandling mot lus. Inntil vi har meir kunnskap på plass, foreslår vi at det skal vere forbode å sleppe ut lusemiddel ved oppdrettsanlegg, sa Nesvik.

Statistikken tyder på at oppdrettarane er i ferd med å redusere problemet heilt på eiga hand.
I fjor fall forbruket av hydrogenperoksid til 9277 tonn, som utgjer 21 prosent av forbruket to år før. Det viser statistikken
Trenden er den same for andre kjemikaliar og:
Azametifos toppa seg i 2014 med 4630 kilo. I fjor vart det brukt 204 kilo.Diflubenzuron nådde toppen i 2015 med 5896 kilo. I 2017 var forbruket 1803 kilo.Teflubenzuron hadde toppen så seint som i 2016, med 4209 kilo. I fjor var forbruket 293.
(For desse stoffa er målestokken aktive virkestoff som blir blanda inn i lusemidla/fôr, for hydrogenperoksid er målestokken tonn).
Nedgangen ser ut til å halde fram i år.

Så langt i 2018 er det rapportert om 546 behandlingar mot lakselus i norske lakseoppdrettsanlegg - der laksen enten får lusemiddel gjennom fôret eller blir bada i antilusemiddel.
I same periode i 2017 var det 925 behandlingar og i 2016 heile 2012 behandlingar, i følgje statistikk frå BarentsWatch. BarentsWatch er ei avdeling i Kystverket som saman med ei rekkje partnarar samlar inn og analyserer data om tilstanden i og på havet, frå bølgedata til lakselustelling.
Veksten i kjemikaliebruken fram til 2014-2016 skuldast at lakselusa utvikla motstandsevne mot stoffa som held lakselusmengdene nede tidleg på 2000-talet. Då tok oppdrettarane fram middel dei tidlegare hadde brukt, berre for å sjå at lusa si motstandsevne også mot desse steig raskt. Oppdrettarane auka dosane, men det gjorde berre vondt verre.
Dermed opna det seg ein marknad for nye løysingar.
Lakselus har stor evne til å tilpasse seg, og frå forskarhald blir det rekna med at arten kan utvikle motstandsevne mot det meste. Når eit nytt middel eller ein ny metode kjem i bruk, vil nokre lus overleve og formeire seg vidare. Etter ei stund er det berre motstandsdyktige lus att, og då må det nye metodar til.

Selskapet Optimar på Valderøya, Stette og Stranda, har seld avlusingsanlegg for over ein halv milliard kroner etter at anlegga blei lansert seint i 2016. Optimar, Cflow i Langevåg og fleire konkurrentar har utvikla anlegg som fjernar lakselus ved å utsette laksen for kortvarige bråe temperaturskift - der varmt vatn er mest vanleg - eller anlegg som børstar lusa av laksen.
Anlegga blir plassert på brønnbåtar, arbeidsbåtar eller flåtar. Metodane vert kalla mekanisk behandling. Så langt i år er mekanisk behandling brukt 1487 gangar til å fjerne lakselus frå norske oppdrettsanlegg.
I same periode i 2017 vart mekanisk behandling brukt 1319 gangar, og i same periode 2016 berre 886 gangar, i følgje databasen til BarentsWatch.
No er mekaniske behandling altså på veg opp, og kjemikaliebruken er på veg ut.

Publisert: 28.10.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59