Medierevolusjonen
BERRE BUSINESS: Nisjepublikasjonar som straks to år gamle NETT NO veks fram samstundes som breie almennaviser, med dekning av alt frå sport til basar på bedehuset, går tilbake. 
Analyser

Medierevolusjonen

Endringar i næringslivet er godt stoff for NETT NO, men få bransjar er i større endring enn mediebransjen sjølv.

15.11.2015
ANALYSENesten utan unntak gjekk avisene under Polaris Nordvestlandet-paraplyen i minus i fjor. Eingongskostnader og ein konsekvens av omstillingar for å redusere kostnader var forklaringa.Polaris Media Nordvestlandet gir ikkje ut fullstendig kvartalresultat, men så langt tyder børsmeldingane frå eigaren, Polaris Media, på at det går litt betre i år.Men grunnen til forbetringa er kostnadskutt, ikkje at avisene aukar inntektene. I det lange løp er ikkje dette berekraftig, avisene må i det minste stogge inntektsfallet, ellers blir kostnadskutt einaste løysinga heilt til det ikkje er noko att å skjere vekk.Sunnmørsposten og dei andre avisene på Nordvestlandet er slett ikkje åleine om å oppleve tøffe tider. Dei store regionavisene, Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Fædrelandsvennen tener ikkje pengar, . Det går ikkje så bra for dei to største avisene i Schibsted-konsernet - VG og Aftenposten - heller kunne Medier24 fortelje i same artikkel.Det ekstra alarmerande no er at aviseigarane ikkje ser ut til å kunne hente trøyst i at annonseinntektene på nett stig heller. I det minste er det teikn til utflating, og dermed står heile strategien om å satse på gratis nettaviser finansiert av annonsekroner fram som eit solid feilgrep.At det ikkje er blitt kolossale utskiftingar på toppane i dei store mediekonserna skuldast truleg at det har vore ei massiv oppslutning om satsing på gratisinnhald på nett. Det er alt for få som kan seie "kva var det eg sa" med truverdet i behald.Medieleiarane har basert seg på eit tru om at annnonsemarknaden var i ferd med å flytte over frå papir til nettaviser, men det er ikkje det som skjer.Heilt sidan dei første avisene kom på gata har dei vore eit torg for kjøp og sal. Noregs første avis, Norske Intelligenz-Seddeler, som kom ut for første gang i 1763, besto i utgangspunktet av fire sider, der halvparten var annonser. Rolla som politisk talerør og den fjerde statsmakt kom seinare.Med avisene fekk den som hadde noko å selje ein marknad å rope ut sine tilbod, og den som ville kjøpe ein plass å leite etter varer og tenester. For privatpersonar og store deler av næringslivet var avisene også det einaste alternativet.Det er det ikkje lenger.Når Magne Beinnes ved Sande Camping skal trekkje til seg nye kundar brukar han knapt annonser på papir. Berre fem prosent av kundane hans kjem fordi dei har lest ei annonse i ein papirpublikasjon, . Det største trekkplasteret er hans eiga nettside.Beines har hoppa bukk over det lokale, regional eller nasjonale torget som tradisjonelle media kan tilby. No har han nettet, og der når han heile verda.For å få litt eksta futt i marknadsføringa, kan han allierer seg med Google og Facebok. Det kostar ikkje mykje og er meir målretta enn å gå til aviser og blad. Beinnes har fått tilgang til eit større torg enn nokon sinne, til lågare pris enn før nettet kom. Nettportalen finn.no er eit godt døme på kva som har skjedd. Den sprang ut av Schibstedavisen, som ei ekstra inntekstkjelde og eit supplement til rubrikkannonsene i papiravisene, men er no ei heilt sjølvstendig verksemd som ikkje har anna med avisdrift å gjere enn eit fellesskap på eigarsida.Ein heilt grunnleggande del av finansieringa av trykte media i over 200 år er endra. Då er det kanskje rart at mediebransjen famlar etter nye løysingar, og så langt har ikkje dei etablerte mediehusa greidd å erstatte inntektene som er tapt.Dei tradisjonelle almenne papiravisene taper terreng hos lesarane og, det er berre å sjå på abonnementsutviklinga. Gratistilbodet i nettavisen er berre ein del av forklaringa, sosiale media og TV ein annan. Konkurransen om folk si tid er blitt hardare, tilbodet er blitt større og ikkje minst meir fragmentert.Den fragmenteringa er NETT NO ein del av.NETT NO gir deg meir av det du er interessert i. Fragmenteringa aukar tilbodet av informasjon, men du finn ikkje lenger alt samla på ein plass. Eit google-søk på "fluefiske" til dømes, gir treff på fire ulike nettsider/nettoforum berre på første søkeside. Som annonseorgan er dette eit heilt anna forum en dei store almennavisene. Det når ei mindre, men mykje klarare definert målgruppe, og som sådan meir på line med det som gir Google og Facebook suksess på annonsemarknaden.No er det er to år sidan NETT NO kom på nett, og samstundes lanserte sin første temperaturmålar over økonomien på Nordvestlandet gjennom eit fyldig og vidt distribuert magasin. No sender vi snart ut magasin nummer fire, det tredje magasinet med tilstanden i næringslivet som tema, og det er berre å takke abonnentar, annonsørar og støttespelarar så langt.(Klikk her for å lese magasin , magasin om innovasjon, og magasin )For 10-20 år sidan ville det truleg vere svært usannsynleg at ei slik abonnementsbasert regional nisjeavis om næringslivet kunne bli etablert. Eksisterande media hadde eit større grep om marknaden og ikkje minst, det var mykje dyrare å etablere seg. Trykking og distribusjon av papir kostar pengar, å publisere via internett rett til mobiltelefonen din er billeg.For fem år sidan var det teknisk og praktisk mogleg å etablere NETT NO, men tida var kanskje ikkje mogen enno. No er alle nettavisene på veg over i betalingsløysingar, tradisjonelle mediehus har krympa enda meir og fragmenteringa har skote fart.Det gir større sjansar for at nye idear kan blomstre.

Publisert: 15.11.2015 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59