Maa truleg klare seg sjoelv
UTSLEPP-STØTTE: Mykje av støtta regjeringa har gitt til den maritime næringa har kome for å utvikle teknologi som gir lågare utslepp, som med skipet Yara Birkeland. Slik var det også då statsministeren lanserte ei ny støtteordning då ho besøkte Sunnmøre denne veka. 
Analyser

Må truleg klare seg sjølv

Den maritime industrien ser ut til å måtte halde seg flytande utan større krisehjelp frå styresmaktene. Kanskje er det like greitt – men det er eit høgt spel.

Marius Rosbach
08.11.2020

ANALYSE:


Sidan koronapandemien slo til i vår, har bransje etter bransje bedt om hjelp frå styresmaktene til å kome gjennom krisa. For mange har det truleg vore heilt avgjerande med tiltak for at dei framleis er i drift. For andre har svingingane vore mellombelse og .
For bedriftene i den maritime klynga har det så langt vore lite å hente i krisehjelp, utover dei generelle krisetiltaka som lengre permitteringsordning. I desse dagar er regjeringa i forhandlingar med Frp om neste års statsbudsjett, og næringa håpar stortingsfleirtalet vil kome med ei hjelpande hand. Truleg må dei sjå langt etter hjelp i den storleiken dei håpar på.
Klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime har foreslått ei framover. Meir truleg er det at bransjen får ein tidel eller to ekstra når budsjettet er i hamn.
Den maritime næringa har ikkje ein omsetningssvikt å vise til som følgje av pandemien. Samtidig har mange selskap hatt tunge underskot dei siste åra. Den mykje omtala kompensasjonsordninga, har difor ikkje vore aktuell for dei aller fleste av desse bedriftene.
Tildelingane viser samtidig at det ikkje har vore store pengar å hente for dei som har fått støtte. Ulstein Design & Solutions og Ulstein Power & Control er to selskap i skipsbyggjarkonsernet som fekk pluss i fjor, og difor kjem inn i ordninga. Desse to selskapa har fått nær 3,5 millionar kroner. Brunvoll-konsernet har også fått støtte - 2,2 millionar kroner fordelt på to selskap.
Kontanstøtta desse to store industrikonserna har fått, er til samanlikning nok til å dekke Vard-konsernet sine smittevernutgifter i knappe to veker. Verftskonsernet fortalte til at utgiftene per dag no ligg på ein halv million kroner om dagen. Med dei nye reglane blir utgiftene enno litt høgare. Samla dreiar det seg no om 50 millionar kroner for Vard.
Ikkje ein gong desse ekstrakostnadene . Det gjorde for ordens skuld heller ikkje då dei var på Sunnmøre tidlegare i haust. All den tid politikarane stadig har påpeika at krisehjelpa bør opplevast rettferdig for alle partar, er det vanskeleg å forstå. Når vi legg til at regjeringa sette av 50 milliardar kroner til kompensasjonsordninga då krisa slo til i vår blir det ekstra merkeleg. Så langt har ordninga kosta meir enn knappe sju milliardar.
Den maritime næringa har lagt ein rekke forslag på bordet til ekstra krisehjelp som kan vere med å hjelpe dei over kneika. Det dei i første rekke vil ha endra i statsbudsjettet, er forslaget om endringar i nettolønnsordninga. Der verkar allereie å vere på deira side.
Eit anna forslag er ein eigen som også treffer den maritime industrien. Finansministeren har tidlegare opna for ei slik ordning og næringsministeren sa det var til vurdering då ho var på Sunnmøre i starten av oktober. Det står att å sjå om den kjem på bordet.
Klynga ber også om for å bidra til at det blir bestilt nye skip. Etter at tøffe år har svekka likviditeten til verfta, har fleire problem med å stille garantiane som krevst for finansiere byggekontraktane. Så lenge byggeprosjekt som blir utløyst av dette, endar godt, vil dette i liten grad utløyse direkte kostnader. Som dåverande konsernsjef i Ulstein Group, Gunvor Ulstein fortalde næringsministeren på besøk i starten av oktober, dreiar det seg i første rekke om at verfta får andre vilkår for å «bruke kundane sine pengar». Så langt har svara frå politikarane vore lunkne kring forslaget.
Forslaget om å av tidlegare underskot og moglegheitene for å sette i gong bygginga av forsvarsskip, verkar begge uaktuelle som krisetiltak etter atog det blei klart at det vil med til dømes nye minesveiparar.
Dei siste krava som ligg på bordet frå er meir støtte til ombygging av rundt 100 offshorefartøy og ei forsterka vrakpantordning for skip som er rundt 20 år gamle. Under statsministerbesøket denne veka fekk dei delvis innfridd det første av ønska – ved ei . Tilbakemeldingane frå klynga så langt har vore at den .
Den maritime industrien kan med andre ord vente seg litt meir hjelp når statsbudsjettet blir vedteke i Stortinget. Men signala tyder på at det er langt opp til milliardpakka dei meiner det er behov for.
At det kan vere like greitt, slo meg då eg høyrde Harald Eia i NRK-serien Sånn er Norge. Han viste til korleis Sverige og Finland på 1990-talet opplevde nedgangstider som Norge slapp unna grunna olja. Våre nordiske naboar kom seg likevel gjennom krisa, og slo tilbake med nyskaping og internasjonale suksesselskap som Ericsson og Nokia.
Historia er fulle av slike eksempel der kriser har ført til innovasjon og ny vekst. Og om nokon har eigenskapene til omstilling, så er det den maritime klynga på kysten av Nordvestlandet. Kanskje er det slik at dei vil klare å fornye seg. Finne ny teknologi og marknader som gjer at det kjem noko bra ut av situasjonen.
Alternativet er ikkje hyggeleg å tenke på.

Publisert: 08.11.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59