Nye aktoerar kan tilby toeffare konkurranse
PRISFALL: I den siste refinansieringa av World Wide Supply dei dei seks nesten nye plattformforsyningsskipa verdsett til 40 milionar kroner kvar. Spetalen-selskap har nettopp betalt 50 millionar stykket for to nesten ti år gamle farty. Investorane som går inn har ikkje gjelda dei etablerte reiarlaga slit med, og kan tene pengar sjølv om dei leiger ut skipa til lågare rater enn sine etablerte konkurrentar. Biletet er tatt i Åelsund frå fabrikktrålaren Ramoen og det gule fartyet er eitt av dei seks World Wide Supply-skip i opplag.
Analyser

Nye aktørar kan tilby tøffare konkurranse

50 millionar kroner. Det er prisen for eit plattformforsyningsskip no til dags. Konkurrentar med dyrare skip får det tøft.

08.01.2017
ANALYSEInvestor Øystein Stray Spetalens kjøp av to plattformforsyningsskip frå Island Offshore (sannsynlegvis) gir ein klar peikepinn på kva som er prisnivået for slike skip akkurat no.Rett før jul tilbaud ei gruppe av eigarane/långivarane i World Wide Supply å kjøpe heile den seks skips store plattformforsyningsskipsflåten for 27,5 millionar dollar, cirka 40 millionar kroner pr. farty. Dei fekk ja i eit obligasjonseigarmøte 22. desember.Det er ikkje snakk om utgamle farty heller, World Wide Supply sin skip fekk berre så vidt prøve seg før selskapet fekk oljenedturen rett i fleisen. Island Offshore-skipa er bygd i 2007 og 2008.40 og 50 millionar kroner er pengar det og, men til samanlikning var prislappen på plattformforsyningsskipet som Havyard skulle bygge for islandske Fafnir (ein kontrakt som nettopp er kansellert) på 350 millionar kroner.Etter kjøpa har både Spetalen-selskapet PSV Opportunity III og eigarane av World Wide Supply-skipa kvart sitt gjeldfrie vesle offshorereiarlag. Det betyr at dei kan gå med overskot på langt lavare rater enn dei etablerte og store reiarlaga kan.Det er verdt å minne om at ingen av offshorereiarlaga som har refinansiert selskapa eller forhandlar om ei refinansiering, kjem ut av prosessen som gjeldfrie selskap. Obligasjongjeld er gjort om til eigenkapital eller kjøpt attende til ein lav kurs, bankane er så vidt på gli for å ettergi litt gjeld og ta tap. Men det er framleis gjeld igjen, og ein del av letten dei har oppnådd, ligg i at attendebetalinga av gjelda er utsett fleire år fram i tid.Dei etablerte reiarlaga er avhengige av ein relativ stor opptur i marknaden for at dette skal gå bra. Dei nye aktørane, som Spetalen og dagens World Wide Supply-eigarar, treng ikkje den same store oppturen for å tene pengar.Frå Spetalens folk er det sagt at målet er å kome opp i 10-15 plattformforsyningsskip, og dei er allereie i forhandlingar om nye kjøp.Og skip er til sals. Både Havila Shipping og Olympic Ship har til dømes sal av skip som ein del av refinansieringsplanane sine.Det Spetalen og World Wide Supply-eigarane gjer er heilt logisk, investere når dei meiner verdiane i ein syklisk bransje er på botnen, og satse på å ta gevinst når tidene blir betre.Det ville vere merkeleg om ikkje investorar hadde nytta høvet.Med dagens prisar er det neppe tvil om at dei etablerte reiarane sel av naud og ikkje lyst. Dei er i ein tvangssituasjon, der det er betre å selje med tap og kvitte seg med kostnadar enn å betale for å halde skipa i opplag.Problemet - sett frå etablerte reiarlag si side - er at skipa som blir seld i liten grad forsvinn ut av marknaden. Hittil har det stort sett handla om eldre tonnasje i mindre omfang, som har blitt selde til andre formål. Overskotet av skip er så stort at det uansett ikkje monnar for balansen i marknaden. Det er flust av skip å leige for den som treng det.Paradokset ved å selje til Spetalen og World Wide Supply-eigarane er at etablerte offshorereiarlag bidrar til bygge opp nye og svært konkurransedyktige aktørar, som vil kunne tene pengar med langt lavare rater - utleigeprise - enn dei etablerte reiarlaga. Dei nye aktørane kan difor bidra til å halde ratene nede, og forlenge vanskane for etablerte og gjeldstunge reiarlag, og eventuelt framskunde nye skipssal til lave prisar.Men så lenge det gir meir pengar i kassa å selje enn å hogge opp skipet er det sal som blir utfallet. Denne utviklinga blir tung å stoppe.Førebels er det først og fremst plattformforsyningsskip dei nye investorane har satsa på, det gjenstår å sjå om nedturen i oljebransjen varer lenge nok til at den same trenden vil vise seg for ankerhandterarar og subsea-farty, der spesielt den siste gruppa har vore meir skjerma mot nedturen.

Publisert: 08.01.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59