Analyser
Sats på helse
Bedriftsundersøkjinga for Møre og Romsdal har ein klar bodskap. Sats på helse.
13.05.2018
ANALYSE
Fire av fem på topp yrkeskategoriar med mangel på arbeidskraft er helseyrke; sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, spesialsjukepleiarar og andre helseyrke.
Til saman er det snakk om 520 ledige jobbar i Møre og Romsdal, i følgje NAV si årlege kartlegging av status på arbeidsmarknaden og bedriftene sine rekrutteringsplanar, NAVs bedriftsundersøkelse 2018.
Det utgjer 32 prosent av alle rapporterte ledige jobbar.
I tillegg kjem vernepleiarstilling og legestillingar, i alt 59. Det løftar helsesektoren sin andel av ledige jobbar opp til 35 prosent.
Biletet er enda tydlegare i Sogn og Fjordane (45 prosent). På landsbasis er utgjer andelen 25 prosent.
Er du ute etter ein trygg jobb, med gode sjansar til å arbeid kvar du enn vil bu er det ingen tvil - sats på helse. Som tala viser er etterspørselen også større - målt i andelen av alle ledige jobbar - i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane enn i landet samla sett.
Etterspørselen etter helsetenester vil truleg berre auke framover etterkvar som andelen eldre aukar. Statistikken fortel dermed også meir enn at det er lett å finne seg arbeid i helsesektoren.
Når helsesektoren allereie no er i beit for folk, korleis blir det då om nokre år?
Klarer helsesektoren i det heile å rekruttere nok folk? Og kva vil det koste?
Begge spørsmåla viser veg til ein potensiell vekstmarknad. Kan ny teknologi og metodar gjere det råd å betre helsetilbodet i takt med auka etterspørsel, utan at kostnadane og mannskapsbehovet stig tilsvarande?
Motivet for å finne løysingar som gjer det råd å svare ja på spørsmålet vil berre bli sterkare og sterkare framover.
Det opnar opp for selskap som Ably Medical, som utviklar ei seng som skal gjere livet lettare både for pasienter og pleiarar.
Det skaper også grunnlaget for å tenkje nytt om bemanning og drift, slik Ulstein kommune har gjort i to omsorgsenter. Sensorar har erstatta pleiarar som på nattevaka går inn på romma til bebuarane for å sjekke om alt er ok. Resultatet er reduserte kostnadar til nattevakt, og bebuarar som slepp å bli forstyrra nattestider.
Det opnar og opp fleire moglegheiter for den biomarine industrien, som leitar etter produkt basert på fiskeavskjær som kan gi positive helseeffektar - både forebyggande og lækjande.
Det skaper også nye behov som etablert industri, som møbelindustrien. Ei befolkning med høgare gjennomsnittsalder vil etterspørre andre typar møblar enn ei yngre befolkning. Kanskje ikkje i stil, men i alle fall i funksjon. Grensa for kor lavt nede stol- og sofaseta skal vere stig gjerne med alderen.
og
For bedrifter på Nordvestlandet vil ei orientering mot helsemarknaden gjere det naturleg å også søke mot sterke miljø innan helseteknologi, som bedriftene i helseteknologiklynga NCE Norway Health Tech (tidlegare Oslo Medtech). Både Ably Medical og Arctic Nutrition er på plass i Oslo-miljøet. Det er berre ein fordel, dess fleire band som kan knyttast mellom miljøet på Nordvestlandet og Oslo-miljøet dess betre er det.
Alternativet er å la kunnskapen og erfaringane som blir hausta i Oslo segle forbi. Det er ein dårleg ide for den som bil ha ein bit av ein marknad i vekst.
Publisert: 13.05.2018 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59