Då bransjegruppa for havbruksnæringa i Næringsforeninga i Ålesund denne veka inviterte til treff fekk dei over 100 påmelde, som er nytt rekordoppmøte. Temaet var oppdrett i nedsenka anlegg.
Det handlar om opne anlegg i sjøen som blir utstyrt med ei not på toppen, og senka ned på djupare vatn.
Det må følgje med ein liten kuppel på toppen som laksen kan gå opp i og snappe i seg luft for å fylle symjeblæra - og eit fôringsanlegg for nedsenka anlegg. Eit slikt anlegg er også meir arbeidskrevande å sette ut og ta inn, men bortsett frå det er dei langt på veg like anlegg i overflata - og ikkje særleg dyrare.
Didrik Vartdal i Hofseth Aqua er ikkje åleine om å ha trua på å flytte oppdrett fleire titals meter under overflata. Både Eldi i Ålesund (som mellom anna omfattar tidlegare Mørenot Aquaculture) og Selstad-konsernet i Måløy er blant dei som lagar nedsenkbare anlegg. Begge fortel om aukande interesse dei siste åra.
Grunnen til Vartdal sin optimisme, er at anlegg på djupna ligg under det øvre skiktet i sjøen, der lakselusa normalt oppheld seg.
Lakselus er ein liten parasitt som snyltar på oppdrettslaksen og er også eit problem for vill laks. Den kan gnage seg gjennom skinnet og skape sår som gjer laksen sårbar for sjukdomssmitte og i verste fall fører til at laksen døyr. Styresmaktene har sett grenser for kor mykje lakselus som kan vere i eit anlegg. Kjem mengda over grensa må anlegget avlusast og den behandlinga er også ei påkjenning for fisken.
Tiltaka for å halde lakselusmengda nede er både eit kostnadssluk for oppdrettarane og eit omdømeproblem for næringa. Takka vere lakselusa er det politisk fleirtal for sterke restriksjonar mot vidare vekst for bransjen.
Restriksjonane blir neppe letta på før luseproblemet blir løyst. Det trur Vartdal nedsenka oppdrett kan vere med på å gjere.
Ved Bugane i Storfjorden har Hofseth Aqua nyleg slakta den første laksen selskapet har dretta opp i eit nedsenka anlegg. Der vart det gjennomført berre éi avlusing av laksen i anlegget.
Til vanleg fungerer skikta i sjøen som ein barriere mellom ulike vasslag, og blir berre brotne opp når for eksempel ein storm fører til større omrøringar i vatnet - slik som skjedde då anlegget ved Bugane fekk sitt eine luseangrep.
Om anlegget hadde vore eit tradisjonelt anlegg i overflata, anslår Vartdal det måtte ha fem-seks besøk av brønnbåt for å avluse fisken.
Metodane for avlusning har variert, og ein periode var behandling med kjemikaliar det vanlege - med gode resultat ei god stund. Men lusa er tilpasningsdyktig, og etter nokre år var det lus som var motstandsdyktig mot kjemikalia som blei brukt, og dermed var oppdrettarane like langt.
I teorien kan lakselusbestanden endre seg og tilpasse seg oppdrett også på djupt vatn, slik at det blir lus som klarer seg på djupare vatn som dominerer.
Men det er lite sannsynleg meiner forskar Frode Oppedal ved Havforskningsinstituttet. Ein av grunnane til vurderinga hans er at ikkje alle oppdrettsanlegg ligg slik til at det er råd å flytte anlegga djupare ned. Dermed vil det framleis vere ei stor stamme lakselus tilpassa livet nær overflata, og det vil hindre at det blir avla fram mange lus som kan trivast i djupna.
Klikk for å lese meir om lakselus på djupna i ein artikkel frå Havforskningsinstituttet
Vartdal seier at heller ikkje alle lokalitetane Hofseth Aqua har i Storfjorden egnar seg til djupdrift, men at djupdrift uansett er ein fordel fordi det blir lenger avstand mellom kvart overflateanlegg. Anlegg på djupna reduserer larveproduksjonen og fører dermed til mindre spreing av lus frå anlegg til anlegg.
Det som styrkjer optimismen hans når det gjeld å løyse luseproblemet er at Hofseth Aqua også arbeider med å ta i bruk lukka anlegg i sjøen, med base på Dyrkorn i Storfjorden. Samla er det snakk om ei milliardinvestering.
Planen er å kombinere oppdrett i lukka anlegg i sjøen med oppdrett på djupt vatn. Fisken blir først blir sett ut i eit ope anlegg i sjøen når den er ein til to kilo stor Så stor fisk treng berre fem til sju månadar i ope anlegg for å nå slaktevekt, mot 12-14 månader i eit tradisjonelt anlegg.
Med kortare tid i sjøen blir fisken mindre eksponert for moglege lakselusangrep.
Om forventingane til oppdrett i djupet viser seg å slå til, er det tvillaust ein fordel for oppdrettsselskapa - og spennande å sjå korleis det slår ut for andre aktørar i bransjen.
Lakselusa har spreidd dei eventyrlege overskota til oppdrettarane til fleire - som utstyrsleverandørar og brønnbåtreiarag . Dei har tent på å levere utstyr og tenester for å halde lusa i sjakk.
Om deira inntekter frå lakselusa no skal krympe, må håpet deira vere at det også er pengar å tene på ny vekst i produksjonen.
Publisert: 01.03.2026 05:00
Sist oppdatert: 28.02.2026 20:01






