Nytt
Hyllest til lakselusa
Takka vere lakselusa blir dei eventyrlege overskota til oppdrettarane spreidde til mange fleire enn berre aksjonærane i oppdrettselskapa.
05.01.2020
ANALYSE
Den vesle krepsearten lakselus er tilsynelatande venelaus. Alle NETT NO snakka med i samband med denne artikkelen understrekar at dei helst såg at oppdrettsnæringa slapp å bale med lakselusproblemet.
Lakselus er ein krepseart som snyltar på laks og sjøaure, og som med framveksten av oppdrettsnæringa er blitt talrik fordi den har fått millionar av laks og aure å snylte på. Den plagar oppdrettsfisken og kan i verste fall lage sår som gir sjukdom og død, og er i tillegg eit problem for dei ville lakse- og sjøaurestammane.
Luseproblema er ein av grunnane til at styresmaktene har regulerte veksttakta i oppdrettsnæringa og oppmuntra den til å utvikle metodar som skal skjerme oppdrettsfisken frå lakselusa. Det har mellom anna gitt opphavet til anlegg som flyttar oppdrett ut i havet, ned i djupet eller opp på land. I tillegg kjem smarte presenningsløysingar for å verne oppdrettsanlegg mot lakselus som kjem drivande, avlusningsanlegg og -utstyr i mange former, reglar for transportering og behandling av levande fisk. Og eigne forskingsprosjekt.
Det er rett og slett snakk om ein eigen industri, med alt frå utstyrsleverandørar til analyseselskap.
Eit regjeringsutnemd utval kom hausten 2019 med framlegg om ein ekstraskatt på oppdrettsnæring, ei skattlegging av retten til å bruke fjordane og begrunna med den ekstraordinære lønsemda i bransjen.
Så langt ser det ut til at framlegget endar i skuffa, men i argumentasjonen mot ekstraskatten kan kanskje oppdrettarane argumentere med at næringa allereie har ein skatteoppkrevar som fordeler rikdommen vidare ut i samfunnet - lakselusa.
Over fem milliardar
-
Kostnadsveksten til oppdrettarane er i stor grad topplinjeveksten til utstyrsleverandørane, seier sjømataksje-analytikar Kolbjørn Giskeødegård.Han har fulgt sjømatnæring generelt og oppdrettsnæringa spesielt over mange år, dei siste som aksjeanalytikar med ansvar for sjømataksjar i Nordea.
Det Giskeødegård peika på er at nokon tener på å løyse dei problema som lakselusa skaper for laks og oppdrettarar. Det betyr ei omfordeling, frå oppdrettselskapa til andre selskap.
På det beste - eller verste, alt etter synsvinkel - kosta det rundt 15 kroner per kilo å drette opp ein laks. Det var i 2005. No kostar det 38 kroner kiloen. Justert for prisstigninga er det snakk om ein kostnadsauke på 70 prosent på 13 år.
Alt dette går ikkje til lakselusbekjemping. Alle andre kostnadar har også gått opp, mellom anna fôrkostnadane, som er den største posten.
Men lakselusa gjer likevel eit kraftig innhogg i overskotet til oppdrettarane. Audun Iversen i forskingsinstitusjonen Nofima sende rett før jul ut eit oppdateret anslag over kva det kostar å bekjempe lakselusa. Svaret, som baserer seg på tal til og med 2018, er 5,3 milliardar kroner.
Då har Iversen berre rekna med dei direkte kostnadane. Tapte inntekter frå fisk som må slaktast før den har nådd planlagt slaktevekt er til dømes ikkje med.
Heller ikkje kostnaden med å bygge større smoltanlegg på land, der fisken går lenger i tankane før den bli sett ut i sjøen, er med i reknestykket.
Ein halv milliard på eit halvt år
Frode Håkon Kjølås i Optimar er mannen bak avlusingsanlegget optilizer som gav Optimar ein halv milliard kroner i inntekter i løpet av det første halvåret etter lanseringa heilt i slutten av 2016.Oppdrettsnæringa sleit med at lakselusa ikkje lenger let seg knekke av hydrogenperoksid og antilusemiddel med kjemikaliar som før var drepande effektive.
- Problemstillinga for lakseoppdrettarane var så prekær at hadde du første rota deg bort i dette så fekk du ikkje anledning til å sleppe taket, seier Kjølås.
Utviklinga var ein altoppslukande oppgåve i eitt heilt år, fortel han.
I 2016 og 2017 var det ein boom for optilizer-salet. Kald sjø i 2018 gjorde at oppdrettarane venta med å kjøpe anlegg fordi det så ut som om luseproblemet var redusert. Det var det ikkje, men då salet normalt skulle kome i gang igjen kom kritikken mot metoden som anlegga brukar - å gi fisken eit kort bad i varmt vatn slik at lusa slepper taket.
- Då fekk alle saman kalde føter, seier Kjølås.
I haust har bestillingane tatt seg opp på ny, medan Kjølås og kollegaene arbeider med å justere behandlingsmetoden, og heile oppdrettsbransjen jobbar med å dokumentere at den kan tilfredstille krava til fiskevelferd.
Anlegg til tre milliardar
Lakselusa åleine kan ikkje få ansvaret eller æra for planane til selskapet Salmon Evolution, som vil byggje et landbasert oppdrettsanlegg til over tre milliardar kroner ved sjøkanten i Fræna.For Artec Aqua i Ålesund kan det blir den største prosjekteringskontrakta nokon sinne.
Rett over årsskiftet skal berekningane av anlegget vere kome så langt at det kan avgjerast om det blir byggestart, og kor stor kapitalutviding som må til.
Anlegget kjem ikke som eit direkte svar på lakselusproblemet. Lakselusproblemet er berre ein av faktorarane som ligg bak satsinga, men ein viktig faktor.
Lakselusa er og ein faktor bak at både Mowi (tidlegare Marine Harvest), Aqua Farms Vartdal og Hofseth Aqua har investert i smoltanlegg på Nordvestlandet, der fisken veks seg større enn i tradisjonelle smoltanlegg. Større fisk er meir hardfør. Ved å vente med å sette den ut i sjøen blir også tida fram til den når slaktevekt redusert, slik at produksjonen pr. sjøanlegg kan aukast.
Evig kamp
Helene B. Fjørtoft forskar på lakselus og har tidlegare samanlikna kampen mot lakselusa med Sisyfos-arbeid. Det er ei vurdering ho framleis står ved.Sagnet seier at den greske kongen Sisyfos blei dømt av gudane til å trille stein opp på fjellet. Steinen trilla ned igjen, og så var det berre å ta fatt på nytt.
For kvart gjennombrot i kampen mot lakselus har den vist seg å kunne utvikle motstandsevne, både mot kjemikaliar og andre metodar.
Og skulle det til slutt dukke opp eit vidundermiddel så er det nok av andre organismar som vil sikre at inntektene i oppdrettsnæringa blir spreidd på fleire.
Publisert: 05.01.2020 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:46