Njal Saevik Havila Castor
FLEIRE REIARLAG: Njål Sævik og familien driv Havila Kystruten og Havila Shipping, i tillegg til verksemd innan hotell, eigedom og bioindustri. Arkivfoto: Kjetil Haanes
Nytt

– Må ha meir realisme i politiske vedtak

Havila Shipping-sjef Njål Sævik ber politikarane om miljøkrav det er mogleg å følgje.

Marius Rosbach
12.10.2025

Nett No har spurt ein reiar, utstyrsleverandør, verftseigar og sjef for designarselskap om kva ønsker dei har frå politikarane. Dette er fjerde artikkel.

Njål Sævik har fleire reiarhattar på i det familieeigde Havila-konsernet med base i Herøy. Han er dagleg leiar for ein rekke av selskapa, mellom anna offshorereiarlaget Havila Shipping.

Samtidig er han medeigar Havila Kystruten, saman med faren Per Sævik, og syskena Vegard Sævik og Hege Sævik Rabben. 

– Ei utfordring som både vi i næringa har - og samfunnet generelt – er vere meir realistiske når det gjeld kva som er mogleg i morgon, og kva som er mogleg om ti år, seier han til Nett No. 

Tidlegare saker i artikkelserien:

– Må lage regelverk som er mogleg å følgje
Sævik meiner det er ei utfordring å ha god nok balanse mellom moglegheiter og realisme - til eksempel når det gjeld å redusere utslepp frå skipsfarten. 

– Vi elektrifiserte ferjefartøya til Fjord1, og det var viktig. Men så er det nokre politikarar som trur at ein kan gjere det same med ein bulkbåt som går verda rundt til eksempel.

Herøyværingen legg ikkje skjul på at han er ein smule oppgitt over politikarar som har møtt éin leverandør, som seier dei kan løyse utfordringa – og føreslår regelverk deretter. 

– Ein må lage regelverk som er mogleg å følgje, seier Sævik. 

Ville ha krav om nullutslepp i offshore
Apropos regelverk: Tidlegare i oktober blei høyringa om eit nytt regelverk for miljøkrav på offshoreskip avslutta. 

Forslaget som SV fekk gjennomslag for hausten for to år sidan, gjekk ut på å krevje nullutslepp frå 2029, etter ein overgangsperiode frå 2025.

– Du får ikkje eit offshoreskip til å gå berre på batteri. Det finst ikkje teknologi som gjer det mogleg i dag, kommenterer Sævik.

Ordninga som ligg på bordet no, inneberer ein gradvis reduksjon av utsleppa frå 10 prosent i 2029. Målet er ein reduksjon på 40 prosent i 2038-2040 går det fram av høyringsnotatet.

Heller ikkje det er Sævik og Havila Shipping-reiarlaget nøgd med. 

– Særnorske reglar fungerer dårleg for oss som driv i ein internasjonal bransje, seier han til forslaget. 

Ber regjeringa vurdere andre verkemiddel
Havila Shipping-reiarlaget har sendt innspel til høyringa der dei ber regjereringa vurdere andre verkemiddel. 

«Et regelverk som tvinger frem investeringer i teknologi som kun kan benyttes i ett marked, vil redusere annenhåndsverdi og øke risikoen for feilinvesteringer», heter det i tilbakemeldinga. 

Reiarlaget ber samtidig om at eventuelle krav bygger på reelle marknadsforhold og eit breiare internasjonal regelverk. 

– Ammoniakk og metanol stiller nye krav
Medan batteridrift er eit alternativ i offshoreverksemd for kortare seglasar og enkelte operasjonar, er det ikkje ei fullgod erstatning for bruk av diesel.

Ammoniakk og metanol er mellom alternativa, men først neste år er det venta at det første offshoreskipet kjem på vatnet, som har ein forbrenningsmotor drifta av ammoniakk. 

Havila Shipping påpeikar i sitt høyringssvar at dei er opptekne av sikkerheita til sjøfolka deira. 

«Både ammoniakk og metanol stiller nye krav til opplæring, prosedyrer og beredskap. Det er viktig at myndighetene ikke går raskere frem enn det som er mulig å følge opp med trygg og forsvarlig drift», heter det mellom anna. 

Per Saevik Lars Oscar Ovstegard foto Marius
FOLKEMØTE: Per Sævik saman med LarsOscar Øvstegård under eit folkemøte mot formuesskatt hausten 2024. Foto: Marius Rosbach

Har lagt om drifta etter skatteskjerping
Mange har truleg fått med seg haldninga til Sævik-familen og Havila-konsernet når det kjem til skatt. 

Allereie då Havila selde sin eigardel i ferjereiarlaget Fjord1 i 2023, peika dei på rekninga til å betale formuesskatten som eit motiv for salet. 

Skatteskjerpinga Støre-regjeringa har innført på bedriftseigarar i løpet av den siste perioden, fekk Sævik-familien til å legge om strategien i forretningsverksemda til å tenke «meir finansielt og mindre industrielt». 

Seinare har Per Sævik mellom anna vore med å arrangere folkemøte for å fjerne formuesskatten.

– Det same gjeld framleis. Vi er nøydde til å ta konsekvensen av det skatteregime som er, og tilpasse oss, seier Njål Sævik til Nett No. 

Spent på bygging av forsvarsskip
Eit anna tema som opptek Havila Shipping-sjefen, er bygginga av nye standardfartøy til Forsvaret. Til saman skal det kjøpast inn 28 nye fartøy i ulik storleik. 

Oppdraga kan utgjere historisk store oppdrag for norsk verftsindustri i løpet av dei ti neste åra – og det er tidlegare opplyst at fartøya skal byggast i Norge.

– Det vil overraske meg veldig om det ikkje blir slik, seier Njål Sævik. 

Samtidig viser han til at ein rekke skipsbyggingsoppdrag frå det offentlege tidlegare har gått til utanlandsk industri. 

– Det er utruleg at vi som einaste landet verda med ei komplett maritime klynge, har klart å bygge masse offentlege fartøy utanfor Norge, seier han. 

Havila Holding er medeigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut Nett No.

Publisert: 12.10.2025 05:00

Sist oppdatert: 11.10.2025 20:41

Mer om