Medan overgangen til hydrogenløysingar i skipsfarten har teke lengre tid enn venta, har Hexagon Purus Maritime «bygd stein på stein», fortel dagleg leiar Robert Haugen til Nett No.
Selskapet med base i Langevåg har spesialisert seg på å lage tankar og system for å bruke hydrogen om bord på skip.
Haugen fortel at det er aktivitet i marknaden som gjer at dei ventar betydeleg vekst framover.

Ser stort potensiale i offshore
Miljøkrav til skip i offshorebransjen er eitt av områda han er spent på.
– Vi meiner det er ein kjempemoglegheit til å utvikle ny teknologi og stille Norge i en posisjon der vi kan tilby noko for eksport, seier Haugen.
Han meiner hydrogen er eit godt alternativ både for ferjer og hurtigbåtar, båtar i fiskeoppdrettsbransjen - og for skip i offshore og oljeserviceoppdrag.
– Om vi tek kontroll i denne marknaden og skaffar oss kompetanse, kan vi få ei styrke vi kan utnytte framover, legg han til.
Om vi tek kontroll i denne marknaden og skaffar oss kompetanse, kan vi få ei styrke vi kan utnytte framover
Vil ha strengare utsleppskrav
Nyleg blei det avslutta ei høyringsrunde om eit forslag frå regjeringa, som inneberer ein gradvis reduksjon av utsleppa frå 10 prosent i 2029 – til 40 prosents reduksjon i 2038-2040.
Hexagon Purus Maritime er mellom dei som har kome med innspel, der dei ber om skjerpa og raskare reduksjonar.
Krav om å redusere med ti prosent vil ikkje utløyse investeringar i teknologi for nullutslepp, er deira vurdering. Selskapet ber difor at kravet blir auka til 20 prosent i første periode.
«Et slikt nivå vil gi tydelige investeringssignaler til både rederier og drivstoffprodusenter, og være tilstrekkelig til å utløse investeringer i hele verdikjeden», heiter det i høringssvaret fra selskapet.
Ber om høgare tempo
Hexagon Purus Maritime ber også om at ambisjonsnivået for å fase inn nullutsleppsløysingar følgjer andre tiltak frå styresmaktene.
Medan forslaga til utsleppskrav tek sikte på ei slik innfasing først nærare 2035, er Enova sine støtteordningar for hydrogen i skipsfarten retta mot åra 2027 til 2030.
Ei slik forskyving kan føre til at fleire som har fått støtte, ikkje realiserer prosjekta sine, påpeiker selskapet i høyringssvaret.

Leveransar til Greenpeace-skip og utdanningsfartøy
Robert Haugen understrekar at teknologien for å ta i bruk hydrogen til sjøs er klar, sjølv om det er få fartøy som har kome vatnet til no.
– Det er ny teknologi og vi treng å få rulla den ut. Då vil også prisane gå ned, seier han.
Eit anlegg som skal om bord på utdanningsfartøyet Skulebas er mellom leveransane Hexagon Purus Maritime har jobba med i det siste. Det er klart for levering.
I lokala på Devoldfabrikken jobbar dei for augneblinken med eit system som skal om bord på 75 meter langt skip Greenpeace byggjer ved Freire-verftet i Spania.
Hurtigbåten Sea Change i den amerikanske byen San Fransisco – som skal vere verdas første kommersielle passasjerbåt med hydrogendrift – er blant tidlegare leveransar. Nyleg fekk også Moen Marin i Rørvik levert hydrogensystem til ein av sine arbeidsbåtar, som dei skal teste i haust.
Publisert: 15.10.2025 05:00
Sist oppdatert: 14.10.2025 19:24






