Dagfinn neteland fjord1 leverandørkonferansen 2021 foto marius
ELFERJER: Fjord1-sjef var mellom dei som hadde innlegg under Leverandørkonferansen i Ulsteinvik torsdag. Han fortalde om omlegging til elferjer - som han meiner har vore ein suksess. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Har blitt eit teknologieventyr

Fjord1-sjefen er blitt sikrare på at satsinga på elferjer er berekraftig – og at fjordkryssingar med bruer og undersjøiske tunellar, ikkje er det.

Marius Rosbach
01.10.2021

Er elferjer berekraftig, eller berre ein flopp, var spørsmålet Fjord1-sjef Dagfinn Neteland stilte deltakarane på Leverandørkonferansen i Ulsteinvik torsdag.

Sjølv er han ikkje i tvil om svaret: – Det har blitt eit teknologieventyr, meiner reiarsjefen.

Har halvert kostnadene
Neteland stilte med ferske tal på kva omlegginga til elektrisk drift har ført til for reiarlaget. Svaret på spørsmålet over - om reisa dei har vore gjennom dei siste åra har vore berekraftig, kom i form av tal frå eit av ferjesambanda.

Tala viser at skilnaden frå dieseldrift til eldrift på det eine sambandet, utgjer ei halvering av driftskostnadene - og reduserte CO2-utslepp på meir enn 10.000 tonn.

– Om du legg saman alle våre samband, så blir det enorme tal, påpeika Fjord-1-sjefen.

Neteland reknar også med lågare kostnader når teknologien blir betre og dei sjølv blir betre til å handtere den.

(saka held fram under)

Leverandørkonferansen ulsteinvik foto marius
ULSTEINVIK: Kommunepsykolog Tomas Brandal Myklebust i Ulstein måtte gjere eit innhopp då handballprofilen Glenn Solberg melde avbod. Den oppgåva klarte han fint med leiarråd til forsamliinga. Foto: Marius Rosbach

Seglar for prisen av kaffi og svele
Det er berre drygt tre år sidan Fjord1 sette i gong drifta av si første elferje på Anda-Lote. I snitt seglar ferjene på sambandet i dag for prisen til kaffi og svele per tur.

– Om vi reknar 95 øre til ei krone per kilowatt-time, så er vi er faktisk litt billigare på svele og kaffi, påpeiker Neteland til NETT NO.

Ved utgangen av året vil reiarlaget drifte 20 samband tilnærma heilelektrisk.

– Teknologen verkar og den er kome for å bli, konstaterer Neteland - og legg til: – Det er ingen i heile verda som er i nærleiken av det vi gjer i Fjord1.

Sjølv om ein tek med heile reknestykket med alle desse investeringane, så er det kanonberekraftig
Dagfinn Neteland

Ikkje påverka av høgare straumpris
På vegen har Fjord1 investert sju milliardar kroner på nye ferjer, infrastruktur, ladestruktur og reiseliv.

– Sjølv om ein tek med heile reknestykket med alle desse investeringane, så er det kanonberekraftig – og kjempesmart for samfunnet, sa Neteland til salen.

Høgare straumprisar påverkar ikkje kostnadene, fordi reiarlaget har ti års fastpris på kraft.

«Forkasteleg» med fjordkryssingar
Då Dagfinn Neteland var i Ulsteinvik for to år sidan var han overtydd om at fjordkryssingsprosjekt som Hafast eller Hordfast, ikkje ville bli bygd. I dag er han enno meir overtydd.

– Det er samfunnsøkonomisk fullstendig forkasteleg, meiner Neteland.

Reiarsjefen peiker på Hordfast-utbygginga – Norges dyraste vegprosjekt – som Stortinget no skal ta stilling til. Veg- og bruprosjekt på ferjefri E39, skal gi ferjefri E39 mellom Stord, Tysnes og Os sør for Bergen.

Prislappen er på 37,7 milliardar kroner.

Elferjer døgnet rundt i staden for bru
I staden for veg- og bru, vil Fjord1-sjefen bygge vegen slik at ferjestrekninga blir forkorta. Då kan ein nytte elferjer over Bjørnafjorden i staden for ei fem kilometer lang bru.

– Billettinntektene vil dekke seks elferjer med avgang kvart tiande minutt døgnet rundt, og det vil ikkje koste staten ei krone. Og vi kan starte opp sambandet ti år før brua er ferdig. Tenk kor mykje CO2 vi kan spare berre på dei åra, avsluttar reiarsjefen.

Publisert: 01.10.2021 05:55

Sist oppdatert: 30.09.2021 22:13

Mer om