Godt fornoegd NHO sjef 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
GOD STEMNING: Dåverande NHO-direktør i Møre og Romsdal, saman med dåverande stortingsrepresentant Harald Tom Nesvik (Frp) like før lansering av Hafast som E39-trase i 2014. Nesvik er no styreleiar i Hafast as, som arbeider for å få bygd bru mellom Hareid og Sula.T.v. dåverande Hareidordførar Anders Riise (H) og dåverande Klevendirektør Ståle Rasmussen. No har dagens samferdselsminister skapt ny tvil om fjordkryssingane. Foto: Ogne Øyehaug.
Analyser

Skremmeskot om fjordkryssingar

Samferdselsministeren fyrte av eit skremmeskot, men få brydde seg.

03.04.2022

ANALYSE

At fjordkryssingane på Vestlandet står i Nasjonal transportplan er ingen garanti for at dei blir sett ut i livet, fortel samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap). Det er både sant og sjølvsagt, men at han seier det er likevel eit viktig signal, sjølv om reaksjonane etterpå er minimale.

Hausten 2020 sa dåverande samferdselsminister Knut Arild Hareide at dåverande Nasjonal transportplan var urealistisk stor, og skulle kuttast. Det var ei utsegn som mellom anna skulle kjøle ned forventningane til samferdselssatsinga.

Nasjonal transportplan er Stortingets plan over kva samferdselsprosjekt som skal prioriterast i åra 2022-2033. Då Hareide la den fram i fjor vår, var mellom anna vegprosjekt som omfattar kryssinga av Romsdalsfjorden med i første seks-årsperiode, men berre med ein brøkdel av det heile prosjektet er rekna å koste. Den vil gi ferjefri veg mellom Ålesund og Molde og er prioritert føre bru mellom Hareid og Sula. Hafast-sambandet, som gir ferjefri veg mellom storparten av søre Sunnmøre og nordre Sunnmøre. Hafast er knappast nemnd i Nasjonal Transportplan.

Tidlegare Fredrikstadordførar Jon-Ivar Nygård (Ap) er den første samferdselsministeren frå Austlandet på 20 år. Det er ikkje hans saker som har fanga mest merksemd etter at Ap/Sp-regjeringa tok over i fjor. Heller ikkje svaret han nyleg gav på eit skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Kim Thoresen-Vestre (SV) frå Møre og Romsdal fekk mange til å heve på augebryna.

"Hvorfor velger statsråden å prioritere miljøfiendtlige motorveier som fergefri E39 framfor gode bruksveier og livsviktig rassikring?", spør Thoresen-Vestre.

Les spørsmålet, grunngjeving for spørsmålet og svaret her

Svaret er mellom anna at Nygård meiner fylkesvegar og rassikring vart nedprioritert under førre regjering. Å vere nemnd i Nasjonal transportplan, som både kryssinga av Romsdalsfjorden og Bjørnefjorden er, er heller ingen garanti for bygging, går det fram av svaret:

"Selv om to fjordkryssingsprosjekter på E39 er prioritert i NTP, går det videre klart fram av meldingen at i videre utvikling av transportkorridoren må fjordkryssinger, utbedring av veiene mellom fjordene samt i og rundt byområdene veies mot hverandre", skriv Nygård i svaret.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum har allereie varsla at det er behov for å stramme inn på den offentlege pengebruken, fordi økonomien går godt. Noregs Bank varslar renteauke på rekke år rad av same grunn.

I tillegg har krigen i Ukraina sendt kostnadane på det meste kraftig oppover skapt eit breitt politisk fleirtal for å ei kraftig opprusting.

No skal det strammast inn - i alle fall på veksten i pengebruken, samstundes som det skal brukast meir på forsvaret.

Samferdselssektoren får tøffare konkurranse om kronene, og Nygård sitt svar er eit varsel om det.

Lobbyistane for dei ulike fjordkryssingane har fått vanskelegare oppgåve.

Publisert: 03.04.2022 05:00

Sist oppdatert: 20.04.2022 11:16