Hafast innfelt helge orten illustrasjon foto multiconsult marius 11
HØG NYTTEVERDI: Hafast-sambandet over Sulafjorden scorer høgt på nytteverdi. Leiar Helge Orten (innfelt) i transportkomiteen på Stortinget meiner det viktigste er å få på plass planar, avklare konsept og teknisk løysing. Illustrasjon/foto: Multiconsult/Marius Rosbach
Nytt

– Vi er ikkje ferdig før Hafast er realisert

Stortinget har styrka moglegheitene for veg over Sulafjorden i Nasjonal Transportplan. Dei neste fire åra står tre milepålar for tur.

Marius Rosbach
17.06.2021

Nordvestlandet har ein rekke større samferdslesatsingar i vente som følgje av den nasjonale transportplanen (NTP) Stortinget har diskutert og vedteke denne veka.

Både bygging av Møreaksen, ny tunnel over Strynefjellet og Stad skipstunnel er inne i første periode av planen som gjeld frå 2022 til 2033.

Eksportvegen E136 mellom Vestnes og Dombås er lagt til selskapet Nye Veier, som skal prioritere utbygging i si portefølje.

I særstilling med høg nytteverdi
Hafast – fjordkryssinga mellom Hareidlandet og Sula, blir peika på som det neste store samferdsleprosjektet på Sunnmøre som står for tur å få inn i planen med konkrete pengar.

Leiar av transportkomiteen Helge Orten (H) har leia arbeidet med planen i Stortinget. Han påpeiker at regjeringspartia Høgre og Venstre, saman med Ap og Frp i sine merknader i stortingsbehandlinga har vist til at kryssinga av Sulafjorden står i ei særstilling når det gjeld høg nytteverdi.

– Det er også betydeleg med synergieffektar mellom Møreaksen og Hafast - og vi er ikkje ferdig før Hafast er realisert, fortel han til NETT NO.

Må bli ferdig med planarbeid
Fleirtalet på Stortinget påpeiker at Hafast knyter saman ein bu- og marknadsregion med «stor verdiskaping og ein sterk eksportindustri». Samtidig viser dei til at ferjefri kryssing av både Nordfjord og Halsafjorden sparar mykje reisetid på E39.

– Det viktigaste for Hafast er å få gjort nødvendig planarbeid, avklare konsept og løysing, slik at prosjektet kan være klart for vurdering ved neste rullering av NTP, fortel Orten.

Les heile vedtaket om transportplanen her (ekstern lenke)

Tre milepålar
No står tre milepålar for tur for Hafast. Neste år skal eit forprosjekt vere på plass om kva teknisk løysing som blir valt for å lage veg over Sulafjorden.

Året etterpå – i 2023 – skal kostnadene på bordet. Deretter skal transportplanen rullerast av Stortinget på nytt i 2025.

(saka held fram under)

Stad Skipstunnel ill Snøhetta
STAD SKIPSTUNNEL: Verdas første skipstunnel er fullfinansiert og bygginga tek truleg til neste år. Illustrasjon: Kystverket

Dagleg leiar Lene Trude Solheim og styreleiar Harald Tom Nesvik i Hafast fortel i ei pressemelding at dei er glade for merknaden frå stortingsfleirtalet – og at det er viktige presiseringar.

– Framover må vi jobbe for å få inn årlege bevillingar på statsbudsjettet, slik at Statens Vegvesen får jobbe vidare med løysingar for kryssinga av Sulafjorden. I tillegg må det inn vidare planleggingsmidlar ved neste rullering av NTP om fire år, uttalar Lene Trude Solheim.

Det har i fleire år allereie vore målingar i fjorden for å kartlegge kreftene i bølgjer og vind i det verharde området.

Stortinget vedtok transportplanen tysdag. Det var ikkje eit reint fleirtal bak planen og det blei stemt over fleire enn 370 forslag.

Av desse var heile 104 av forslaga sett fram av Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) sin einslege svale på Stortinget, Per Espen Stoknes frå Ålesund. Frp ville at det blei sett av pengar til ei rekkje konkrete samferdselsprosjekt, men fekk ikkje fleirtal.

Totalt har NTP ei ramme på drygt 1.200 milliardar kroner, og 123 milliardar er bompengar. Planen er den sjette i rekkja som Stortinget vedtek.

Les heile vedtaket om transportplanen her (ekstern lenke)

Publisert: 17.06.2021 08:30

Sist oppdatert: 17.06.2021 08:09

Mer om