Visesentralbanksjef Oystein Brossum Norges Bank foto Ogne
MØTER NÆRINGSLIVET: Visesentralbanksjef Øystein Børsum i Noregs Bank på eit møte med næringslivet i Molde-regionen i mai i år. Møtet var ein del av reiseverksemda til Norges Bank som ein del av arbeid med at banken kvart kvartal tek pulsen på næringslivet gjennom ein spørreundersøkelse blant bedriftene i banken sitt regionale nettverk. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Stillstand, kva for stillstand?

På Vestlandet går det langt betre med økonomien enn i Trøndelag og på Austlandet, men no kjem resten etter.

16.06.2024
ANALYSE

Kvart kvartal gir Noregs Bank ut eit kart over den økonomiske situasjonen i Noreg, der du også kan sjå skilnadane mellom dei ulike landsdelane.

Bedriftene blir bedne om å rangere si vurdering av den økonomiske situasjonen for bedrifta si på ein skala frå +3 (svært positiv utvikling) til -3 (svært negativ utvikling). For eit halvt år sidan var det berre på Sørvestlandet og i Agder, Telemark og Vestfold det var plussteikn føre svaret. I Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal var det null.

Ellers var det minus, også i Oslo.

I den siste utgåva, for 2. kvartal 2024, er det berre i Trøndelag og i det tidlegare Hedmark og Oppland fylke det er minusteikn. Aller lysast ser bedriftene på Sørvestlandet på det (+ 0,7) og i Sogn og Fjordane/Møre og Romsdal (+0,6). Det kjem fram i Noregs Bank sin rapport per 2. kvartal 2024, som byggjer på svar frå 400 bedrifter landet over.

I Møre og Romsdal viser den siste arbeidsløysestatistikken 1,6 prosent heilt arbeidslause og i Vestland (Sogn og Fjordane og Hordaland ) 1,7 prosent heilt ledige.

Nordvestlendingar og vestlendingar er lenger komne i den økonomiske oppturen. Men skilnadane har ikke vore så store at bedrifter i vår region har kunne lokke til seg folk frå andre deler av landet fordi det er høg arbeidsløyse der. I Oslo var det 2,5 prosent heilt ledige ved utgangen av mai. Fleire enn på Vestlandet, men langt frå mange.

Podium

E27/S2 Går det betre i næringslivet på Sunnmøre enn elles i landet?

14 renteauker sidan 2021 har i alle fall ikkje lagt ein alvorleg dempar på økonomien, om arbeidsløysestatistikken er målestokken.

Bedriftene som blir spurt i Noregs Bank sitt regionale nettverk ventar auka aktivitet.

"De fleste næringene har oppjustert forventningene til produksjonsveksten i andre kvartal fra forrige runde", heiter det i rapporten.

Fleire bedrifter rapporterer om mangel på arbeidskraft. Dei vil også auke investeringane, litt i år, og enda meir neste år. Dei reknar også med større lønsvekst enn dei gjorde for eitt kvartal sidan, i gjennomsnitt 5,2 prosent i år og 4,3 prosent neste år. Det er ein lønsvekst som i alle fall dempar effekten av renteauken på privatøkonomien til dei som har lån, og handelen bur seg på oppsving igjen, ifølgje rapporten.

At optimismen har vart lengst og er størst frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord, heng truleg saman med oppsving i oljebransjen, som har sitt tyngdepunkt her. Anna energiutbygging gir også eit løft, saman med vekst i etterspørselen til Forsvaret og framleis god økonomi i fiske- og oppdrettsbransjen. Dette har både verft og offshorereiarlag på Nordvestlandet merka.

Det er først og fremst i byggebransjen bremsene er på. Det merkar heile byggebransjen, ikkje berre bygg- og anleggsentreprenørane sjølve, men og arkitektar og materialleverandørane. Her bit både renteauke og kostnadsauken godt. På Nordvestlandet er det også lett å sjå at også møbelbransjen har fått ein smell etter boomen under koronatida, med konkursen i møbelprodusenten Sitwell som ei fersk påminning.

Svakare krone har gjort det billegare for utlendingar å kome til Noreg. Det har gitt positive utslag i turistnæringa, noko også 2023-rekneskapa som hittil har kome frå turistbedriftene på Nordvestlandet viser. Eit døme er Olden Cruise, eit selskap som sel og organiserer turar for cruiseturistar. Inntektene vart rekordhøge i fjor, og var over dobbelt så høge som i 2022.

Også Statistisk Sentralbyrå kom denne veka med ein ny rapport om tilstanden i økonomien. Bodskapen der liknar på rapporten frå Noregs Bank sitt regionale nettverk: Stillstanden i norsk økonomi er snart over, aktiviteten går opp. Statistisk Sentralbyrå skriv og at lågare prisstigning og rentekutt hos våre handelspartnarar gjer at Noregs Bank etterkvart vil kutte styringsrenta. Styringsrenta er Noregs Bank si rente på utlån til bankane og verkemiddelet Noregs Bank har for å styre rentenivået.

Sett frå Nordvestlandet er det kanskje grunn til å spørre kva stillstand Statistisk Sentralbyrå snakkar om, men det rapporten i all fall viser, er at resten av landet kjem etter.

Det betyr mellom anna at konkurransen om å få tak i nye tilsette i alle fall ikkje blir lettare.

Publisert: 16.06.2024 05:00

Sist oppdatert: 15.06.2024 17:35