Straumsluket internett
I MÅL: Styreleiar Egil Skibenes, Vågsøy-ordførar Morten Hagen, Localhost-sjef Sindre Kvalheim under opninga av Lefdal Mine Datacenter denne veka. I bakgrunnen tidlegare gruvesjef Steinar Kvalheim. Datalagringsenteret som spring ut av investormiljøet i Måløy skal redusere straumbruken som går med til å drive internett.
Analyser

Straumsluket internett

Om sju år vil drifta av internett sluke dobbelt så mykje straum som i dag. Det er godt nytt i Måløy.

30.08.2015
ANALYSETysdag ettermiddag kokte det i hovudet til Sindre Kvalheim. Han hadde nettopp avslutta leiinga av opningskonferansen for datalagringsenter i den tidlegare olivingruva i Lefdal i Nordfjord, med olje- og energiministeren som heidergjest og den norske IBM-toppen Arne L. Norheim på talarstolen.Innovasjon Noreg-sjef Anita Krohn Traaseth rosa prosjektet i begeistra ordelag, og medeigar Sogn og Fjordane Enerig gnei seg i hendene over å få ein storkjøpar av elektrisk kraft nesten rett utanfor kraftturbinane.Kvalheim hadde grunn til å føle seg kokt. Seks års arbeid, med investormiljøet rundt Gunnar Carlson, Svein og Egil Skibenes i Måløy som drivkraft - der og Kvalheim er med - var i mål. Gruva, der far til Sindre - Steinar Kvalheim - var sjef i mange år, skal få nytt liv.Bakgrunnen for at Måløy-investorane og IBM meiner prosjektet er liv laga, er mellom anna energibruken knytt til drifta av internett og datamaskiner, nettbrettet eller mobiltelefonen du les denne artikkelen på.Det er også det moderne og nett-tilknytta TV-apparatet ditt, printeren på kontoret, Teslaen og ei aukande mengde duppedittar som på eitt eller anna vis er knytt til internett og er i kontakt med andre duppedittar.Ikkje berre blir det fleire av all slags maskiner og apparat som er knytt til nettet, fleire og fleire brukar dei og.Apparata og duppedittane er dessutan alltid på, slik at dei alltid har kontakt med nettet og er raske å få i gang når du treng dei. Når slo du sist TV-apparatet heilt av, og ikkje berre sette det på "stand-by"?I motsetnad til kva mange trur er ikkje "stand-by" nesten avslått, men nesten påslått, skriv det internasjonale energibyrået (IEA) i ein rapport frå 2014 om energibruken knytt til internett, databruk og maskiner og apparat som er knytt til nettet.Når du surfar på nettet, oppdaterer deg på Facebook, koplar deg på Netflix på TV-en eller sender melding til hytta om å skru opp varmen så må du hente informasjon ein stad i fra, og sende informasjon via noko.All denne informasjonen er lagra på datamaskiner, og all handteringa av informasjonen som blir sendt fram og tilbake er det og datamaskiner som tek seg av.Desse datamaskinene, og datamaskinene som syter for at det alltid er backup-system for alt som er lagra og skal gjerast, står gjerne i store data-parkar med tusenvis av datamaskiner. Dette er store energisluk, som brukar så mykje elektrisitet at IEA er bekymra.Allereie i dag står drifta av internett og alle maskinene som er knytta til for åtte prosent av det totale elektrisitetsforbruket i verda. Det er den sektoren der energiforbruket veks raskast.Innan 2022 reknar IEA med at energietterspørselen til å drive internett og alle maskinene som er kobla til vil vere dobbelt så stort som i dag. I 2030 vil det vere tre gongar så høgt, om ikkje noko blir gjort.IEA sin konklusjon er at energibruken knytt til internett må ned. Maskinene som går i dvale må gå frå å vere nesten på til å vere nesten av, energieffektiviten må opp og styresmaktene må skjerpe krava til energibruk i sektoren.For investorane bak Lefdal Mine Datacenter kan det ikkje bli betre. Mykje av energien som går med til å drive internett blir brukt til å kjøle dei store datamaskinene.For eit tradisjonelt datasenter som baserer seg på luftkjøling kan det utgjere halvparten av energikostnaden.For Lefdal Mine Datacenter, som pumpar sjøvatn på rundt 7 grader opp av Nordfjorden og sirkulerer det i gruva, er energiforbruket til kjøling langt lågare. Det vil gi datasenteret der eit forsprang når krava til energiforbruk blir skjerpa.

Publisert: 30.08.2015 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59