ANALYSE
Møre og Romsdal er eit eksportfylke, og Ekornes er ein av dei store eksportørane.
Om USA skulle auke tollen på importerte varer, mellom anna frå Noreg, betyr det at Ekornes-møblane blir dyrare i USA. Normalt vil det gå ut over salet, og i neste omgang truge arbeidsplassane i fabrikkane, som i Hornindal og Sykkylven.
Det kan bli enda verre. EU kan kome til å svare på ein auka toll i USA med auka toll inn til EU, som også kan råke Noreg.
27 prosent av Ekornes sin inntekter kom frå EU i fjor. Og ballar det på seg, greier president Donald Trump å utløse ein internasjonal tollkrig, som også Noreg kan bli tvinga til å vere med på.
Kan hende bles det over, men det einaste som er sikkert no, er at Trump har skapt svært stor uvisse - og at det er lite anna norske bedrifter kan gjere enn å tilpasse seg det som måtte kome.
Det er imidlertid ikkje gjort i ei handvending når marknaden er i eitt land og råvarer og delar kjem frå eitt anna.
Ser vi bort frå olje og gass er Møre og Romsdal det største eksportfylket i landet, målt i eksportinntekter per innbyggar. Det handlar ikkje berre om møblar, men mellom anna fisk, skip og maritimt utstyr.
For Møre og Romsdal er det snakk om 743.000 kroner i eksportinntekt per innbyggar i året. For Vestland fylke, på andreplass, er eksportinntekt per innbyggar 708.000 kroner. Landsgjennomsnittet er 394.000 kroner, ifølgje ei oversikt i Menon Economics-rapporten Eksportmeldingen 2024, som baserer seg på tal for 2023 frå Statistisk Sentralbyrå.
Det tala fortel, er at den relative betydninga av eksportmarknaden er ekstra stor i Møre og Romsdal og Vestland. Vestland er også det største eksportfylket utanom olje og gass målt etter total eksportinntekt, med Møre og Romsdal på fjerdeplass, med Rogaland og Oslo i mellom.
Menon Economics offentleggjorde så seint som fredag denne veka eit notat om moglege konsekvensar for Noreg av amerikansk toll og ein mogleg handelskrig. Den direkte konsekvensen av auka amerikansk toll er avgrensa, men ringverknadane kan bli store og skadelege - og norske eksportbedrifter er ekstra utsett, ifølgje Menon Economics si vurdering:
"En stor del av den norske eksporten inngår i internasjonale verdikjeder. Dette gjelder eksempelvis transportmidler, metaller, maskiner, offshore leverandører og flere andre varer. Det betyr isolert at tollsatser får stor betydning for norsk aktivitet, også selv om tollen ikke treffer norske varer og tjenester direkte. Videre er en stor del av norske aktører pristakere på markeder med betydelige prissvingninger. Dette gjelder eksempelvis aktører innen shipping, petroleum, metaller, sjømat og gjødsel. Det betyr at norske eksportinntekter er mer avhengige av globale forhold enn for mange av våre naboland.", heiter det i notatet. (Ein pristakar er ein aktør som ikkje kan påverke prisen på varer han eller ho sel eller kjøper.)
Regiondirektør Lene Trude Solheim i NHO Møre og Romsdal seier det er bekymring i næringslivet no.
- Svært mange arbeidsplassar er knytt til eksport og vi har mange lokale og privat eigde selskap i vår region. Tollmurar og handelskrig kan gå ut over arbeidsplassar og verdiskaping i vårt fylke. Vi kan også oppleve mange indirekte effektar. Ein mogleg nedgang i eksporten og vidare lågare aktivitet, kan føre til reduserte inntekter til offentleg sektor, gjennom til dømes lågare skatteinntekter. I usikre tider, blir folk meir forsiktige og bedrifter held kanskje igjen på nysatsingar og investeringar. Tollkrig mellom USA og Europa kan også føre til svekka kjøpekraft. Det vil igjen kunne påverke for eksempel reiselivet og attraktiviteten vår, seier Solheim.
På toppen av dei heile sjokkerte Trump heile Europa med å invitere Russland til å diskutere Ukraina-krigen - utan korkje Ukraina eller andre europeiske land ved møtebordet. Enda verre blei det fredag kveld norsk tid, då Trump og hans visepresident krangla for open scene med Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj i det Kvite Hus i Washington under eit møte der dei skulle underskrive ein avtale om eit samarbeid om ukrainske naturressursar. Den signeringa blei det ikkje noko av.
Trua på tryggleiksgarantien frå USA, og USA som forsvarar av demokratiet, har fått seg eit skot for baugen.
Kanskje velfortent, sidan den europeiske opprustinga og oppbygging av forsvarsindustrien sidan førre gang Trump sat i presidentstolen, ikkje har vore all verda. Sett frå USA er det ikkje så rart at ein spør seg kvifor amerikanske soldatar skal verne Europa, når europeiske land sjølv har tatt relativt lett på forsvar og forsvarsindustri.
«Det både Trump og alle me andre har visst like lenge, er at Europa på eiga hand hadde hatt meir enn nok musklar til å berga Ukraina. Om Europa hadde starta opprustinga då Putin invaderte Krym og Donbas i 2014 og no hadde brukt ein like stor del av sitt BNP til forsvar som det USA bruker, ville det ha vore kapasitet både til å forsvara Ukraina og til å byggja opp robuste militære apparat i alle europeiske land. Men europearane valde heile tida smør framfor kanonar. Når me måtte velja mellom å skjera ned på velferda i Europa og å la Putin ta over Ukraina, då ofra me heller Ukraina», skreiv kommentator Halvor Tjønn i vekeavisa Dag og Tid 14. februar.
(Tjønn er utdanna historikar og og har ein lang karriere som utanriksjournalist. Han har mellom anna arbeidd10 år som Aftenposten sin korrespondent i Moskva, og gitt ut to bøker om Russland og russisk historie).
I ein ny kommentar ei veke seinare vart Tjønn enda dystrare. «For fyrste gong sidan 7. desember 1941 kan demokratia i Europa ikkje lenger vera sikre på at dei har støtte frå USA», skriv han.
Krig og uro skaper også ein marknad som næringslivet på Nordvestlandet kan utnytte, ikkje minst med den planlagte fornyinga og utvidinga av krigsskipsflåten.
Akkurat no er årsaka til den opprustninga blitt litt for klar.
Publisert: 02.03.2025 05:00
Sist oppdatert: 02.03.2025 22:03