Vekstmarknad faa hadde tenkt seg
VEKST: Ronny Baade tek folk til topps. Både firmaet han jobbar i, Loen Active, og Uteguiden på Stranda har vist at det er råd å gjere butikk på å følgje folk til fjells. 
Analyser

Vekstmarknad få hadde tenkt seg

Ronny Baade klatra til topps på Hoven 110 gongar i fjor. For betaling. Baade jobbar i ein vekstbransje.

21.05.2017

ANALYSE


Medan Dronning Sonja og inviterte gjestar kosar seg i restauranten under står Ronny Baade på taket av bygget på toppen av fjellet Hoven i Loen og tek bilete av sine gjestar, ei gruppe som saman med han nettopp har klatra til topps og vil ha eit bevis på at dei kom heilt opp.

I bakgrunnen, 1000 meter lenger nede, ligg Loenvatnet og Olden. Det er sol og vid utsikt - ein perfekt dag på fjellet.
Baade jobbar som guide for Loen Active, eit datterselskap av Hotel Alexandra.
Han er spesialist på vegen opp, og har guidejobb i fjellveggen frå mai til ut oktober.
Deltidsjobben har passa bra å kombinere med utdanning, og dagleg leiar Erik Rune Brendefur i Loen Active anslår at han har opptil 60 guidar - både studentar og folk i full jobb - å trekkje på om det trengst. I sommarsesongen er det folk i arbeid kvar dag, i starten og slutten av sesongen i helgane.
Loen Active er eitt eksempel på at det er råd å finne ein marknad der ein før ikkje trudde slikt fantes. Til topps med førar liksom? Det skal ein klare sjølv, i alle fall om ein bur på Nordvestlandet.

Men før Hotel Alexandra fekk bygd klatrestien til topps var dette ein tur for klatrarar. No kan også folk utan klatreerfaring kome seg opp - i alle fall med guide. Dermed oppsto det etterspørsel, og det blei det jobbar av.
Første året, i 2012, var det rundt 200 som leigde guide for å kome seg opp. I 2015 var det 3300 og i fjor i underkant av 3000. I tillegg kjem dei som leiger utstyr og dreg opp på eiga hand.
Loen Active vart skipa i 2012, då hotellet skilde ut aktivitetsverksemda si i eit eige selskap. Då var driftsinntektene under 700.000 kroner, i 2015 (sist tilgjenglege reknskap) var den 5,7 millionar kroner.
No håpar Brendefur at den nye gondolbanen også skal gir meir aktivitet til Loen Active, mellom anna ved at fleire lar seg freiste til å klatre til topps når dei kan ta gondolen ned.
Eitt anna tilbod Brendefur ser for seg er små trugeturar - med guide - eit skikkeleg lavterskeltilbod frå øvre heisstasjon.
Absurd? Ikkje om du aldri har sett eller gått på snø før. Då blir det eksotisk, og akkurat passe langvarig om du har ein cruisebåt nede i fjorden som du snart skal tilbake til. Snø er der på fjellet til ut i juni. Trugetilbodet passar bra også om vinteren - ein del av året som heile turistbransjen prøvar å få opp aktiviteten i.
På Stranda starta svenske Oscar Magnus Almgren Uteguiden i 2012, for å tilby profesjonell guiding i fjellheimen på Nordvestlandet.
Første heile driftsår, i 2013, var driftsinntektene knappe millionen. I 2015 (sist tilgjengleg reknskap) var dei dobla. Selskapet har nettopp starta kajakkutleige i Ålesund, med eller utan guide. Det er ei tilbod som skal skape fleire heilårsarbeidsplassar i selskapet, seier Almgren.
Kajakkutleige er eit tilbod som mellom anna skal nå nettopp den same delen av marknaden som Brendefur siktar mot med trugeturane sine - eit lavterskeltilbod for dei som ikkje er superspreke eller svært friluftserfarne. Dessutan skal det gi Uteguiden meir å gjere om sommaren.
Almgren trur potensialet er stort for bedrifter som rettar seg mot aktive turistar.
Hans selskap har i hovudsak bygd seg opp på guida skiturisme. Skiturismen foregår i lavsesongen for turistnæringa. Når det går an å bygge opp ei bedrift basert på aktiviteten i lavsesongen burde det vere mykje meir å hente ut av den store trafikken i sommarsesongen, meiner han.
Det er truleg ei rett vurdering.
Kartlegginga av turistnæringa og turistmarknaden som Innovasjon Noreg gjer kvart år tyder på at mange vil ha aktivitetar i ferien, men ikkje nødvendigvis veldig krevjande aktivitetar.
For 20 år sidan, kor mange trudde du kunne drive eit firma på Nordvestlandet basert på å følgje folk til fjells?
Almgren og Brendefur har bevist at det går.
Enklare opplegg kan vere det neste.
Snart kan du kanskje sjå at nokon kan gjere butikk av å ta folk med på tur i fjøra og.

Publisert: 21.05.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59