Vinteren er noekkelen for reiselivet
AUKAR: Toppturar på ski er med på å drage fleire reisande til Nordvestlandet på vinterstid, men førebels er det langt att før veksten om vinteren monnar godt i reiselivsstatistikken. 
Analyser

Vinteren er nøkkelen for reiselivet

Reiselivsbransjen på Nordvestlandet har eit vinterproblem.

25.02.2018

ANALYSE


Talet på overnattingsgjestar i Ålesund sto stille i fjor. Det viser reiselivstatistikken frå SSB.
Det er ikkje ille i seg sjølv, særleg ikkje med tanke på at vi samanliknar med rekordåret 2016.
Men i turistsesongen 2017 sette hotella i Ålesund nye rekordar.
- Eit fantastisk flott belegg. Ikkje mange, om nokon norske storbyar matcha dette, sa hotellanalytikar Peter Wiederstrøm i Wiederstrøm Hotel Consulting, eit analyse- og konsulentselskap for hotellbransjen, etter at auguststatistikken for 2017 var klar.

Eit rekordhøgt belegg i høgsesongen og likevel ingen vekst på årsbasis? Det tyder på at hotella i Ålesund hadde ein nedgang utanom høgsesongen i fjor.

Eit belegg på 58 prosent på årsbasis for Ålesundshotella i fjor, og fullt hus i toppsesongen, illustrerer kva som er problemet. Vinteren. Det er den som må fyllast for å få ytterlegare vekst. Der er også der det er ønskjeleg at veksten skal kome, mellom anna fordi det vil gi grunnlag for ei jamnare sysselsetting.
I reiselivsnæringa er det teikn til at vinterturismen er på veg opp, både blant dei som kjem til Nordvestlandet for å gå på topptur, for å stå i slålåmbakken eller berre for å oppleve landsdelen på vinterstid.

Førebels er det små tal, men nok til at det peikar oppover og skaper optimisme.
At vinteren har eit potensiale viste beleggstatistikken for Tromsø i januar og februar 2017. 88,7 prosent av romma var utleigd, i . Der er det vinteren som er beste sesong.
Nord-Noreg har hatt suksess med å vise fram nordlyset. Det kan dessverre ikkje reiselivsbedriftene på Nordvestlandet basere seg på. Men fjordlandskapet på vinterstid kan vere eksotisk nok for mange, og det er verdt å hugs at nordlyssuksessen kom etter langvarig arbeid.
Den manglande hotellveksten i Ålesund i fjor viser og at den trauste forretningstrafikken, som sikrar inntekter året gjennom, dreg ein mindre del av lasset. Blant anna er konferansemarknaden blitt tøffare. Det er delvis ein negativ ringverknad av oljenedturen. Men bedriftene er og blitt mindre viljuge til å sende folk langt av garde. Det tener konferansehotella i dei største byane og ved Gardermoen og på Flesland på.
Vurderinga til Anja Aalen Bjerkvik, som er sjef for Radisson Blu Hotel i Ålesund, er at dei økonomisk attraktive konferansegjestane skal lokkast til Ålesund med opplevingar i tillegg til konferansane. Storparten av konferansane vil natruleg nok foregå utanom høgsesongen.

Får ho rett betyr det at aktørar som i dag først og fremst har med reindyrka turistar på opplevingstur å gjere vi frå ei større rolle også i å hjelpe hotella til å trekkje til seg forretningskundar. Skillet mellom forretningreise og fritidsreise blir mindre klart.
Medan overnattingsbedriftene i Ålesund berre tangerte 2016-rekorden i fjor, sette overnattingsbedriftene ellers på Sunnmøre ny rekord. Dei har i aukande grad fått ta del i turistveksten dei siste åra.

Veksten utanom Ålesund var på over 30.000 personar - til 510.000 personar - ein auke på ni prosent. Det utgjer 60 prosent av alle overnattinggjestane på Sunnmøre ifjor. Overnattingbedriftene utanom Ålesund består både av hotell og andre overnattingsbedrifter, som hytteutleigarar og campingplassar, medan overnattingsstatistikken for Ålesund praktiskt tala berre omfattar hotell.

Samla sett tek hotella på Sunnmøre cirka 70 prosent av den registrerte overnattingsmarknaden. (Den biten som manglar i SSB-tala er kor mange som leiger overnatting gjennom AirBnb. Rett før denne helga var det 55 tilbod om overnatting gjennom AirBnb berre i Ålesund.)
SSB-tala for 2017 tyder også på at overnattingsbedriftene utanom Ålesund gjorde det betre og betre utover i 2017. Talet på hotellovernattinger på Sunnmøre samla sett auka med berre 0,4 prosent frå juli 2016 til juli 2017.
Veksten for hotella utanom Ålesund i same periode var 5,3 prosent. I 2017 var veksten utanom Ålesund altså ni prosent.

Publisert: 25.02.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59