Yrkesfag statusen maa opp
POPULÆRT: 55 prosent av søkjarane til vidaregåande skular i Møre og Romsdal i år gjer som Volf-lærlingane Nina Flem, Adrian Adrukniewich, Therese Brox Yiving og Szymon Kondrat, og satsar på yrkesutdanning. I Oslo søkjer under 30 prosent av elevane seg inn på yrkesutdanning.
Analyser

Yrkesfag-statusen må opp

Berre 27,3 prosent av søkjarane til vidaregåande opplæring i Oslo til hausten søkte seg inn på yrkesfag. Korleis vil det slå ut når aust-europerarane sluttar å kome?

10.04.2020
I en artikkelserie i påska ser NETT NO på kva som kan bli dei langvarige konsekvensane av koronapandemien. Dette er tredje artikkel i serien.
ANALYSEByggebransjen slit - spesielt på Austlandet - med karantenereglar for sine utanlandske arbeidarar. Det er eit problem som vil gå over i det koronaepidemien er under kontroll, eller har gått over av seg sjølv, men det illustrerer eit mogleg veikt punkt i norsk økonomi:Er det trygt å basere seg på importert arbeidskraft, og er det utdanningsvalet som vi ser i Oslo eigentleg berekraftig for eit samfunn som skal kunne stå i mot kriser og brotne forsyningsliner i ei ustabil verd? Debatten om sjølvforsyningsgrad må også omfatte kompetanse på arbeidsstokken. Om evna til produsere samfunnskritiske produkt på heimebane skal opp, er det ikkje nok med fabrikkbygg og maskiner. Nokon må bygge og vedlikehalde bygningane og i alle fall vedlikehalde og reparere maskinane - og kunne bruke dei óg. Dei som kan det, har helst gått på yrkesskulen. Næringslivet merka effekten av at utanlandsk arbeidskraft har blitt vansklegare å få tak i lenge før koronaepidemien kom.Fleire jobbar og vekst i økonomien i heimlanda har gradvis redusert attraktiviteten til Noreg som arbeidsmarknad. Valutakursutviklinga har også svinga i disfavør av å pendle til Noreg for å arbeide. Verdien av norske løner har tapt seg fordi mellom- og aust-europarar sit att med mindre i heimleg valuta enn før, og valutakursutviklinga under koronakrisa har forsterka den utviklinga.Epidemien og verknaden tiltaka mot den har for økonomien, berre framskundar ei utvikling og vonleg også ein debatt om vi bør ha ein norsk arbeidsstyrke som omfattar alle yrke, eller om det er greit å importere arbeidskrafta til visse bransjar. Oslo er heldigvis ekstremvarianten, i nabofylket Viken (Akershus, Østfold og Buskerud) søkte 44,5 prosent yrkesfag og i Vestfold/Telemark søkte 51 prosent yrkesfag. I Møre og Romsdal utgjorde andelen som søkte 55 prosent yrkesfag.1500 arbeidsinnvandrarar frå Aust- og Mellom-Europa vende heim frå Møre og Romsdal i kjølvatnet etter samanbrotet marknaden for offshoreskip som starta i 2014.Dei hadde vore avgjerande for at verfta kunne gjennomføre byggeboomen fram til offshore-krisa, men utan arbeid reiste dei heim. I etterkant at det vist seg at dei ikkje har vore like lette å få tilbake. Etterspørselen har rett nok ikkje vore like stor som før 2014, men uansett har industrien registrert illevarslande teikn.Det er ikkje berre store skipsverft som har nytt godt av arbeidsviljuge aust- og mellom-europearar, bedrifter som no ser at ein kanskje har forsømt rekruttering av ungdom som bur her i landet.- Det har vore ei lita sovepute. Du har sloppe å tenke på rekruttering, sa Volf-medeigar Leif Egil Orvik til NETT NO i november 2019 om kvifor han før ikkje tok inn lærlingar. Etterkvart som det blei tyngre å rekruttere la han om, og satsa på lærlingar for å sikre rekruttering.I en artikkelserie i påska ser NETT NO på kva som kan bli dei langvarige konsekvensane av koronapandemien. Dette er tredje artikkel i serien.I denne episoden kan du høyre regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal og direktør Helge Gjerde i Innovasjon Norge Møre og Romsdal snakke om korleis bedriftene blir treft av koronakrisa - og kva som blir gjort for å hjelpe dei. Podcasten er eit annonseprodukt.

Publisert: 10.04.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59