Kort fortalt

1.000 tonn sauekjøtt blir pelsdyrfôr

Overflod av sauekjøtt.

28.08.2018
NPK-NTB: Nortura har fått klarsignal til å selje 1.000 tonn sauekjøtt til pelsdyrfôr. På same tid blir det opna for å kunne å gi bort ti tonn sauekjøtt til veldedige formål.
På same tid blir det opna for å kunne å gi bort ti tonn sauekjøtt til veldedige føremål.
– Dette er ikkje ideelt. Dette er ikkje det vi ønska. Vi skulle ønske at dette blei menneskemat, seier konserndirektør Ellen Flø Skagen for kommunikasjon, samfunnsansvar og trygg mat i Nortura til .
Torsdag i førre veke blei det klart at Omsetningsrådet godkjenner søknaden frå Nortura der dei ber om å få nytte omsetningsavgift til sal av 1.000 tonn fersk sau til pelsdyrfôr. Kostnaden på dette kjøttet har ein sats på inntil 25,75 kroner per kilo. Det var nettstaden som først omtalte saka.
På grunn av stort inngåande lager, betydeleg tilførsel av sau, blant anna på grunn av tørken, risikerer Nortura å ta imot eit overskot utover den mengda småfe som kan bli fryst inn på reguleringslager. Nortura meiner derfor at det er nødvendig å få ned kvantumet på sauekjøtt i marknaden med minst 1.000 tonn.
I den same protokollen frå Omsetningsrådet fekk dei godkjent ein søknad om å nytte omsetningsavgift for å skjære ned og gi bort ti tonn fryst sauekjøtt frå reguleringslager som mat til veldedige formål i Noreg.

Publisert: 28.08.2018 09:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37