Per saevik havila capella pa dekk foto kjetil 11
GODT RESULTAT: Per Sævik ved dekk på Havila Kystruten sitt skip Havila Capella. Reiarlaget har vore ei tung investering, men familiekonsernet fekk eit superresultat i fjor. Arkivfoto: Kjetil Haanes
Nytt

Milliardresultat for Havila-konsernet

Fjord 1-salet gav solid gevinst. Endrar investeringsstrategi på grunn av skatten.

Sævik-famililen sitt holdingselskap, Havila Holding hadde 3,3 milliardar kroner i driftsinntekt og eit resultat på 2,999 milliardar kroner i 2024, fortel selskapet i ei pressemelding. 

– Salet av Fjord1 er sjølvsagt ein del av dei solide tala, men vi ser no effekten av mange års hardt arbeid der Havilagruppa som heilheit har god posisjonering i ulike marknader og har positiv utvikling, seier Per Sævik i pressemeldinga.

Sjå tabell under

Havila (konsern)  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt3.3292.492
Driftsresultat5151.332
Resultat før skatt2.954-349

Konsernet selde i 2024 sin halvdel av Fjord1. Det bokførte resultatet for investeringar frå tilknytta selskap, kjem i hovudsak frå dette salet, blir det opplyst. 

Summen er 4,2 milliardar kroner. 

Havila Holding er eine- eller storeigar i selskap i fleire bransjar. 

Det gjeld mellom anna offshore, turisme, transport, energi og eigedom gjennom selskap som Havila Shipping, Havila Subsea & Renewables, Havila Kystruten, Havila Hotels og Havila Biogass.

Havila Biogass Nesset nybygg foto Havila
FLEIRE ANLEGG: Havila Biogass har fått støtte til fem biogassanlegg frå Enova til no. Det første ligg på Nesset (bildet) og det andre er under bygging i Hustadvika. Foto: Havila Biogass

Redusert investerings apetitt
Styreleiaren i Herøy-konsernet varslar óg at dei legg om strategien og har redusert appetitt på nye investeringar. 

Det er ein konsekvens av dagens skatteregime, og spesielt formuesskatten som norske eigarar må betale.

- Desse mekanismane vil påverke investeringsviljen vår framover. Som konsern vil vi no søke å bygge ein solid base for finansielle investeringar under skiftande, politiske rammevilkår. Vi signaliserer difor at resultatet ikkje blir pløgd inn i ny industriell verksemd no, og at investeringsappetitten vår er noko redusert i forhold til tidlegare, seier Sævik i pressemeldinga.

Vegard Sævik var inne på det same allereie då Fjord1-salet blei kjent. 

– Vi må ta konsekvensane av skattepolitikken som den er i dag, sa han til Nett No den gong. 

Støttar søksmål mot formuesskatten
Siden har Per Sævik skjerpa tonen. 

Under eit folkemøte om formuesskatt i Herøy sist haust, gjekk den tidlegare KrF-politikaren og Havila-veteranen til frontalangrep på dåverande regjeringspartnar Senterpartiet. 

Han har også gått aktivt ut og støtta ørstingen Lars Oscar Øvstegård sitt søksmål for å fjerne formuesskatt på arbeidande kapital. 

I meldinga tek Per Sævik også fram satsinga på hotell som sett under eitt med drift og eigedom, gir positiv effekt. 

Nett No omtala tidlegare i år resultata for Havila Hotels som gjekk frå eit lite minus, til eit lite pluss i 2024.

Havila Kystruten har samtidig betra resultata frå drifta, og har mål om å få ei meir berekraftig finansiering i løpet av 2025, blir det opplyst. 

På Nor-Shipping denne veka fortalde reiarsjef Bent Martini om planane for å bygge tre til fire nye skip - om dei lukkast med å kapre det neste anbodet på Bergen-Kirkenes-ruta.

I tillegg er Havila-gruppa i gang med oppbygging av Havila Biogass, som dei trur vil gi god avkastning. 

Havila Holding er medeigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut NettNo

Publisert: 06.06.2025 09:45

Sist oppdatert: 06.06.2025 12:58

Mer om