Sula kommune har tysdag fått melding om 16 nye smitta i mannskapet ved ei tre russiske trålarane ved Fiskarstrand Verft.
På same vis som ved dei tidlegare smittetilfella ved verftet dei siste dagane, blir personane overført til Hotel Norge i Ålesund der dei skal bu i isolasjon.
– Det er oppretta kontakt med ein lokal russisktalande lege som bistår med den medisinske oppfølginga av dei smitta, dette er med på å kvalitetssikre arbeidet. Ein av dei smitta har vore innlagt ved Ålesund sjukehus for observasjon, men er no utskriven. Helsetilstanden til dei andre er etter forholda god, utan teikn til alvorleg sjukdom, heiter det i frå kommunen.
Dei som er i karantene ved verftet, blir testa på nytt torsdag.

Les også:
Publisert: 01.12.2020 15:11
Sist oppdatert: 07.04.2021 21:07