Kort fortalt

28 personar døydde av arbeidsskadar i fjor

Byggearbeidarar, sjåførar og bønder er utsett. 

04.02.2021
(NPK-NTB): Nye tal frå Arbeidstilsynet viser at 28 personar døydde som følgje av landbaserte arbeidsskadar i Noreg i 2020.
I 2019 var det eitt dødsfall meir. Trass i eit spesielt år i arbeidslivet med pandemi, er det berre registrert ein liten nedgang i arbeidsskadedødsfalla mellom 2019 og 2020.
Bransjane som peikar seg ut i rapporten er bygge- og anleggsverksemd, transport og lagring, og jordbruk. Desse står for 75 prosent av dødsfalla.
Arbeidsutstyret som førte til mange av dødsfalla er køyretøy og køyrbart arbeidsutstyr. 14 av dei 28 ulykkene i fjor skjedde ved bruk av køyretøy som traktor, anleggsmaskin eller landbruksmaskin.
(©NPK)

Publisert: 04.02.2021 19:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23