Kort fortalt

30 millionar til næbutikkane

Skal hjelpe nærbutikkane gjennom koronakrisa.

30.03.2020
NPK: Regjeringa gir 30 millionar til Distriktssenterets Merkur-program for å hjelpe daglegvarebutikkar i distrikta i koronakrisa.
Det kom fram under pressekonferanse om koronatiltak fredag. Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland opplyser til Nationen at tiltaka vil vere retta mot daglegvarebutikkar og nærbutikkar i distrikta som slit med svekt kundegrunnlag i krisetida.
– Mange har eit stort kundegrunnlag knytt opp til påska. No gir vi eit signal som seier «Hold ut. Her får de hjelp». Det er min viktige beskjed, seier Helleland til
Merkur-programmet skal utvikle og styrke butikkar i Distrikts-Noreg og sørgje for at alle som er busette i distrikt har ein nærliggjande daglegvarebutikk med god kvalitet.

Publisert: 30.03.2020 15:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29