I 2022 betalte staten nærare 32,6 milliardar i straumstøtte til norske hushald.
Det betyr at eit gjennomsnittleg hushald i Sørvest-Noreg fekk dekt rund 26.000 kroner av straumrekninga gjennom året, skriv regjeringa i ei pressemelding.
– I Noreg stiller vi opp for kvarandre i tøffe tider. Straumstøtta er god og hjelper dei som treng det, og regjeringa har varsla at straumstøtteordninga skal forlengast ut heile 2024, seier olje og energiminister Terje Aasland (Ap).
Mest pengar vart det utbetalt i desember, med rundt 8,5 milliardar kroner. For 2023 anslår regjeringa at straumstøtteordninga vil koste 44,7 milliardar kroner.
Slik er den nye straumstøtteordninga for privatkundar:
* Straumstøtteordninga blir forlengja ut 2024.
* Innslagspunktet i støtteordninga blir den same som i dag, 70 øre per kilowattime.
* Frå å kompensere forbrukarane på grunnlag av ein månadleg gjennomsnittspris, blir det ein kompensasjon time for time. Denne ordninga vil ikkje bli innført før til hausten, truleg frå 1. september.
* Straumstøtta blir sett til 90 prosent støtte over 70 øre heile året. I dag er støtta 80 prosent over 70 øre i sommarmånadene. Moms kjem i tillegg.
* Regjeringa har sett ned endå eit straumutval. Utvalet skal vurdere systemet for å fastsetje straumprisen og vurdere tiltak som kan sikre straumbrukarar lågare og meir føreseielege prisar.
* Utvalet skal leiast av administrerande direktør Inge Gran i Sintef Energi og skal levere rapport til regjeringa innan 15. oktober.
Publisert: 05.04.2023 10:09
Sist oppdatert: 05.04.2023 10:09