Jon Ivar Nygård Foto Jakob Vorren Samferdselsdepartementet 11
Trollstigen er eit vegstykke på fylkesveg 63 i Rauma kommune i Romsdal i Møre og Romsdal. Trollstigvegen knyter saman Valldal på Sunnmøre med Åndalsnes og Romsdalen. Onsdag var samferdselsminister Jon Ivar Nygård på synfaring. Foto: Jakob Vorren/Samferdselsdepartementet
Kort fortalt

Vil vurdere om staten kan bidra til Trollstigen

Ingen snarlege lovnader om finansiering av rassikring av turistvegen.

26.06.2024

(NPK-NTB): Det kom ingen snarlege lovnader om finansiering av rassikring i Trollstigen då samferdselsministeren var på synfaring onsdag.

Samferdselsminister Jon Ivar Nygård (Ap) var onsdag på synfaring i Trollstigen, vegen som førre veke vart stengd på grunn av rasfare. Lokale politikarar og næringsinteresser krev at ekstraordinære statlege midlar til rassikring kjem på plass no.

Nygård deltok onsdag på eit drøftingsmøte med fylkesordførar i Møre og Romsdal Anders Riise og ordførarane i Rauma og Fjord.

Samferdselsministeren sa dette til Romsdals Budstikke på spørsmål det er noko nytt å melde om situasjonen rundt Trollstigen.

– Eg har ikkje noko nytt.

Til VG utdjupar samferdselsministeren om kva dei vil gjere vidare.

– Vi kom til Trollstigen i dag for å lytte til fylkeskommunen. Det har vi gjort. Det er i utgangspunktet fylkeskommunen sitt ansvar å drifte og halde ved like Trollstigen. Vi skal no vurdere om det er noko staten kan bidra med, seier Nygård.

For to veker sidan bad fylkeskommunen om eit hastemøte med Nygård for å få avklart kor mykje staten kan bidra med. Ifølgje fylkesvegsjefen vil det vere nødvendig med 50 millionar kroner berre til strakstiltak.

Samferdselsdepartementet har på si side påpeika at dette er ein fylkeskommunal veg, og at Møre og Romsdal i år får 127 millionar kroner til rassikring.

(©NPK)

Publisert: 26.06.2024 18:59

Sist oppdatert: 26.06.2024 18:59

Mer om