Kort fortalt

500.000 vaksinedosar

Noreg får Pfizer-vaksinen første kvartal neste år.

15.12.2020
NPK-NTB: To avtalar om sal av vaksinar til Noreg er ferdigstilt. Det inneber at Noreg får minst 500.000 dosar av Pfizer-vaksinen i første kvartal, ifølgje VG.
Totalt får Noreg kjøpe 2,5 millionar vaksinedosar, som er éin prosent av det EU har avtalt å kjøpe hittil.
– Totalvolumet er 2,5 millionar dosar. Så er det alltid litt uvisst med leveranseskjema, men minst 500.000 dosar kjem i første kvartal frå Pfizer, seier Sveriges vaksinekoordinator Richard Bergström til .
Han forhandlar vaksineinnkjøpsavtalar for EU, og er den som sikrar Noreg vaksinar ved at Sverige kjøper inn Noregs dosar, og vidaresal dei til Noreg.
Til no er to slike vidaresalsavtaler ferdigstilte. Førre veke vart Pfizer-avtalen ferdig, og i oktober vart avtalen for Oxford/AstraZenecas vaksinekandidat klar.

Publisert: 15.12.2020 12:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24