Kort fortalt

52 grunnstøytingar langs norskekysten

Det er fire færre enn i 2018.

12.02.2020
NPK-NTB: I 2019 var det 52 grunnstøytingar langs norskekysten. Det er fire færre enn året før, opplyser Kystverket.
– Det er ofte reint tilfeldig om det blir eit større utslepp når eit fartøy grunnstøyter, opplyser Kystverket.
Dei har dei siste åra auka innsatsen innanfor førebyggjande tiltak. Dette dreier seg mellom anna om styrkt overvaking og beredskap.
– Desse tiltaka bidreg til å hindre ulykker. Men hyppigare ekstremvêr skaper nye utfordringar for både sjøtryggleik og oljevernberedskap, blir det slått fast.
Kystverket jobbar mellom anna for å hindre ulykker og forhindre at hendingar fører til akutt ureining. Årleg får dei mellom 1.000 og 1.400 varsel og meldingar om akutt ureining eller fare for dette. Truleg er det ein del hendingar som aldri blir innrapporterte, ifølgje etaten.
Blant hendingane Kystverkets miljøberedskapsvakt måtte handtere i fjor, var brannen i den russiske trålaren Bukhta Naezdnik i Tromsø i september og cruiseskipet Viking Sky som fekk motorstans og kom i havsnød på Hustadvika mellom Kristiansund og Molde i mars.

Publisert: 12.02.2020 10:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30