NPK-NTB: I år blir FM-sendarar sløkt over heile landet, men berre 24 prosent seier dei er fornøgde med dab-omlegginga, ifølgje ei ny undersøking utført for Dagbladet.
I Ipsos-undersøkinga seier 60 prosent at dei ikkje er fornøgde, og 16 prosent svarar at dei ikkje veit.
I løpet av året blir dei nasjonale kanalane og dei kommersielle kanalane i storbyane sløkt. Dab skal vere eit betre alternativ som skal gi lyttarane fleire kanalar og betre lyd, likevel er ikkje norske lyttarar fornøgde. Administrerande direktør Heidi Arnesen Austlid er i bransjeorganisasjonen IKT Norge trur grunnen kan vere alt frå manglande dekning til at radiolyttarar må kjøpe nytt dyrt utstyr.
– Det er også teikn på at dab-omleggingsprosjektet ikkje nødvendigvis har hatt brukarane i fokus. Det har vore eit høgt politisk spel og eit politisk fokus, meir enn eit brukarfokus, seier Austlid til .
Det finst to riksdekkjande dab-sendarnett, eitt for NRKs kanalar og eitt for kommersielle radiokanalar. 189 lokalradiostasjonar fortset sine sendingar på FM-nettet i minst fem år framover.

Publisert: 02.08.2017 14:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41