Kort fortalt

72 prosent vil ha sykkelhjelmpåbod

Det viser ny undersøking.

28.07.2020
Det er Trygg Trafikk og Tryg Forsikring som har gjennomført undersøkinga.
Berre 11 prosent meiner at eit påbod berre bør gjelde barn under 16 år, og kun 14 prosent er mot påbod i det heile.
Dei under 30 er mest skeptiske til påbod, der kun halvparten – 50 prosent – ønsker eit påbod.
Blant dei over 60 år ønsker 79 prosent eit påbod velkome.
Ei undersøking frå 2018 viser at 63 prosent av syklistane brukar hjelm, og aller flinkast er barn under 12 år.

Publisert: 28.07.2020 07:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25