Kort fortalt

All skipsfart må rapportere klimagassutslepp

Noreg bak nytt miljøkrav.

25.04.2016
(NPK): FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) har no godkjent eit forslag frå Noreg, USA, Japan og Marshalløyane om bindande krav til rapportering av utslepp av klimagassar frå internasjonal skipsfart.
Forslaget frå dei fire landa vart sendt inn til IMO i vinter og er no blitt handsama i IMOs miljøkomite (MEPC 69). Komiteen godkjente forslaget.
Krava betyr at kvart skip i internasjonal skipsfart må rapportere til flaggstaten sin om drivstofforbruket sitt, kva type drivstoff som er brukt, installert motorkraft, lastekapasitet, utsegla distanse og talet på timar skipet har vore i operasjon.
Flaggstaten må rapportere denne informasjonen til ein internasjonal database, som skal etablerast av IMO.
Krava vil tre i kraft i februar 2018. (©NPK)

Publisert: 25.04.2016 11:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46