(NPK): Havforskingsinstituttet meiner at kongekrabbekvoten kan hevast frå 1.530 tonn i år til 1.780 tonn neste år.
Utanfor det kvoteregulerte området er tilrådinga framleis fritt fiske.
Forvaltingsmålet for kongekrabbe er todelt: å halde fram med eit langsiktig fiskeri i eit avgrensa område i Aust-Finnmark, og samstundes å avgrense spreiinga av arten mest mogleg utanfor dette området. Målet tilseier at det skal vere eit relativt høgt fiskeri, men likevel ikkje meir enn at bestanden held seg stabil.
Bestanden blir berekna på grunnlag av landingsdata frå fisket og eit årleg forskingstokt som dekkjer fjordar og opne havområde i det kvoteregulerte området.
Kongekrabben vart sett ut i Murmanskfjorden for nesten 50 år sidan og har spreidd seg derfrå til kysten av Nord-Noreg og Kolahalvøya.
(©NPK)

Publisert: 05.11.2020 13:48
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24